lørdag, april 14, 2012

Brannmannen og hans forhold til Birgitte -

- Birgitte Lid.

Eg har hatt innlegg om henne før. Eg skreiv om denne rivalinna i 2008 og trudde ikkje eg skulle nevna henne fleire gonger. Men i dag føler eg for å bringa henne på banen att.

No er ho så stygg og medfaren etter alle skogsturane ho og brannmannen har vore på at til og med EG føler medynk med henne…

jan-juni 2008 258

Fredag 13/4 hadde brannmannen fødselsdag og konemor synes gåver skal vera til nytte og noko ein har bruk for. Til eldre ein blir,til mindre har ein bruk for og verre og verre blir det å finna noko nyttig å gje bort. Ikkje i min villaste fantasi hadde eg trudd eg skulle “investæære” i noko til Birgitt `n , men brannmannen har snart slite ut det meste som går an å slita ut på henne og verst av alt har det gått ut over setet – sjå på dette…!

DSCN5282

Konemora og ungdommen i huset hadde ein aldri så liten traktorprat og konklusjonen vart at NYTT TRAKTORSETE MED FJØRING var det mest nyttige brannmannen kunne få til fødselsdagen sin. Så no kan dei snart gynga seg avgårde på skogsvegen – HO med si eksklusive HMV hurtigkobling og HAN med fjøring under bakenden…. (eg trur dette kjærleiksforholdet vil vara livet ut) Forholdet er intenst og spesielt kvar vår tilbringar dei svært mykje tid saman!

DSCN5284

Apropos vår – i går sat me ute i varmande vårsol , i dag ser det slik ut på terassen og hagemøblane (og jadden meg har Birgitte klart å stikka fram det lange snyteskaftet sitt på dette bildet også!)

DSCN5286

Det skiftar fort, men uansett så er det altså 14.april og første sommardag på primstaven i dag. GOD HELG :0)

onsdag, april 11, 2012

Ein trappestolpe blir til…

Av og til kan det vera vanskeleg å finna noko i butikken, noko som ein har sett for seg i sitt “indre” men som ikkje finnes for salg… Som f.eks.ein trappestolpe –!

DSCN5196

I trappegangen her på Junibakken var det tidlegare ein vegg fram ved sida av kjellardøra her og trapperekkverket var festa i veggen. Denne veggen vart riven då me dreiv med renoveringa og sidan har rekkverket stått og dingla i lause lufta utan noko “å klamra seg fast til”. I mitt einfald trudde eg at ein trappestolpe var ei smal sak å få fatt i… jammen sa eg smør!! Sååå kjedelege , spinkle og moderne – passa ikkje inn i eit hus frå 1947 i heile tatt!

DSCN5236-horz

Men DÅ, ser du – det er det er kjekt å ha ein brannmann som i tillegg til å sløkka brannar også mestrar det meste og får til det meste – ein riktig handyman! (uff, no veit eg at han blir ille til mote når han ser dette,han likar ikkje at eg skryter “offentleg” av han…) Nikoline tegnar og fortel *les : bestemmer* og brannmannen sagar og spikrar akkurat slik ho vil ha det:0)

DSCN5274-tileDSCN5280-tile

Ein gammal sprukken stokk kom heim frå ein annan brannmann som ikkje hadde bruk for den lenger, listebitar i diverse utgåver vart saga til, og vips – ! Nikoline hadde fått seg ein trappestokk AKKURAT slik ho hadde sett det for seg i sitt “indre”!  Eg er vel heldig!!

DSCN5192DSCN5199

I trappa er det no kome opp gardiner i vindauga, gammal hardangersaum etter mamma, ein stige har fått pyntehåndduken som høyrer til gardinkappa og ein pose eg har malt sauer på.

DSCN5191

Her er trappa sett frå 2.et.

Når trappestolpen har fått eit par strøk til med maling skal det malast Nr.5 på med lys grå og så skal de få eit heilheitsbilde til slutt.

DSCN5197

Ha det fint min venn :0)

torsdag, april 05, 2012

Hei, og god påske alle saman!

Her dansar snøfillene i lufta og skodda heng tung nedover i fjellsidene. Men me kan ikkje klaga, det har vore nokre strålande solskinnsdagar til no og i morgon lovar metreologane ei stor gul sol og blå himmel att.

DSCN5249

Med sol og klarvær fylgjer kalde netter, det har vore både 7,8 og nesten 9 kuldegrader på morgonen. Då er det viktig å tenkja på stumpen når ein set seg ut i solveggen!

- og nettopp DET har eg hatt i tankane -

page5

Gode tova sitteunderlag i reinaste ull… sjølvsagt med litt “dikkedariar”…

4 stk.i forskjellige grå nyansar er ferdige og det 5.er på pinnane.

DSCN5241-tile

Eg har nålefilta motiv og det er blitt både sopp, pus og harepus, det neste skal få musemotiv. Meininga var å ha ein raud tråd i motivvalg,men det vart det så som så med. Men ein raud knapp som gjennomgangstema er vel like så bra,det.

DSCN5247-tile

Hageputer og pledd er funne fram frå skapa – enn så lenge ligg det fint dandert innomhus. Me satsar på morgondagen :0)

DSCN5253

Ha ein fin påske vidare!