tirsdag, juni 29, 2010

“VISNING”

        - herre jemini….!

0908140031_JPG-for-web-large-tile

I gårkveld hadde me besøk av eit ungt,koseleg par som har så lyst på huset her (HADDE lyst på, kanskje – etter gårkveldens “visning”…) Neidå, eg trur dei såg potensialet trass rotet. Eg hadde ingen planar om visning rundt i huset så det var milelangt frå det ein kan kalla styla rom!

juli 022-tile

Arbeidsrommet ser ut som det er bomba,alle skap er tømde og alt ligg spreidd utover for sortering, og det andre gjesterommet er oppfylt med dyner/puter og klær…

Som om ikkje dette skulle vera nok å fordøya for dei stakkars, losa pinadø min kjære dei ned i kjellaren også! Eg kjenner hetetoktene tek meg framleis berre ved tanken på det!  Og tanken på at alt var spolert fòr gjennom toppetasjen på meg ved første trappetrinn mot kjellaren,for me ynskjer sterkt at desse to kjekke ungdomane skal overta heimen vår. Dei er “dei rette”…

juli 040-tile

Så i dag er det starta storopprydding i 2.et. og så får me leva i spenning og håp om interessa framleis er til stades for kjøp. Heldigvis høyrdes det ut for at dei såg forbi rotet og konsentrerte seg om romma i staden for.

roser-tile

No må det vel seiast at den egentlege grunnen til oppryddinga i dag er at desse to “slampane” kjem heim på sommarferie snart. Og for at dei skal finna fram til senga må mor ta i eit tak på forhånd… Dette bildet var forøvrig veldig representativt for dei to ser eg – guten likar seg best med ei bok mellom hendene og vetlajento må ha aktivitet rundt seg! (ho les mykje ho også,men det skjer på nattestid når alle andre søv…)

i Granvin 028-horz

Men først av alt no, står 3 dagar avspasering på agendaen – og då kan du jo gjeta kvar dei dagane skal tilbringast…..

ferien 2009 054-tile

PARADIS (les:Odalen) here we come!!!

PS: I manko på sommarbilder i år,er alle bilda her henta i arkivet mitt. OG – rosene som eg trudde var borte,kjem flott i år også:0)

fredag, juni 25, 2010

Stemningsrapport…

Med nokre stemningsbilder frå Junibakken  -

DSCN1233 DSCN1231 DSCN1230

 - ynskjer eg alle ei GOD HELG !

Nyt den ute i hagen – alle som er så heldige å ha ein hage….

DSCN1234

torsdag, juni 24, 2010

Dørskilt, irritasjon og litt til….

I 2.et. på Junibakken er det 4 dører – og dei skal få kvar sitt skilt har eg tenkt…

Josefs rom såg de i eit innlegg under her, idag skal de få ein kikk på dei 2 neste som er ferdige.

DSCN1218-horz

Verkstad skal sjølvsagt opp på døra inn til arbeidsrommet mitt -

DSCN1226-horz

- og så har me ryperommet… guterommet til min kjære…

DSCN1228-horz DSCN1223-horz DSCN1225-vert

Nokre småskilt som fortel litt meir om romma – skjønt; ryperommet er ein intern historie som eg ikkje skal fortelja så mykje meir om her *kremt* Kan røpa så mykje at det skal stå Tempo Corvette Sport på det vesle skiltet – og gjet kven som hadde DET – og kven som var EKSOSRYPE…?? hi.hi.hi…

DSCN1216-horz

Men dagen starta med irritasjon idag! JYSK åpna butikk på Voss (bildet tatt frå altanen hjå meg) og dei 20 første kundane fekk gåvekort på 500 kr. KUN eitt pr.husstand. Jento mi med dårleg råd og konstant lite pengar, stilte seg i kø før kl.8 i dagtidleg i håp om å få eit gavekort så ho kunne kjøpa noko ho hadde sett i reklamefoldaren som kom i posten. MEN : ho sto som nr.21 og var førstemann som IKKJE fekk gåvekort… Greit nok det – om det ikkje hadde vore for eldre ektepar med masse pengar på konto som stiller seg opp ein og ein og gjer som dei ikkje kjenner kvarandre!!! Milde Moses- KVA ER DET MED SLIKE FOLK???? Eg blir så eitrande forb.. på slikt at det kokar nesten over! Dei følte seg heilt sikkert krye over å kunna lura til seg ein tusenlapp og eg håpar dei får stooor glede av det dei kjøpte for korta sine! Slike folk likar Nikoline VELDIG DÅRLEG!!!

DSCN1218-vert

Men så over til noko heilt anna – som gjer meg berre trist…

Klokka 11 i dag fylgde me vesle Haakon til grava, barnebarnet til eit vennepar. Søndag gav han opp kampen om livet berre 10 månadar gammal. Det var ei fin avslutning i dag og fullsett kyrkje, og me har foreldre,besteforeldre og resten av familien i tankane våre. Eg unner verkeleg INGEN ei slik sorg…

********************

Den fyrste song eg høyra fekk,

var mor sin song ved vogga.

Dei mjuke ord til hjarta gjekk,

dei kunne gråten stogga.

***** 

mandag, juni 21, 2010

Midtsommar:0)

 – og sommarsolkverv!

Ja, i dag snur sola og me har brukt opp halvparten av 2010…

Til morgonkaffien sat eg og bladde i den gamle kokeboka eg har etter mamma og det vart så mange slags minner som dukka opp – for her var det nedskrive menyar for 50årsdagar, buffet for 17.mai,juleforberedelsar og masse godt som var “fast” ved forskjellige anledningar då eg vaks opp. Som f.eks. appelsinmarmeladen “som jeg har fått mye ros for”… eller ei av alle sildeoppskriftene ho hadde klart å snoka til seg hjå kokken på Klingenberg Hotell i Lærdal og som var fast tradisjon til jul… (silda altså – ikkje kokken…)

DSCN1210-vert

Men det eg stoppa opp ved i kokeboka i dag, var dette:

DSCN1203-vert

Tankane gjekk tilbake til barne og ungdoms somrar då det ALLTID var sol,fri og bading…. og mamma kom med iskald lemonade. Ser at ho har skrive sitronsaft i boka,men ho SA alltid lemonade… det høyrdes sikkert litt meir eksotisk ut for oss ungane… – i dag skal eg laga LEMONADE og feira sommarsolkverv!

I GÅR tok me fri frå Junibakken for å reisa på hytta og slå. Det tikka inn ei melding frå hyttenaboen tidleg på dag om at me burde ta med oss slåmaskin i staden for klyppar, og han hadde visst rett i det… FOR eit begredeleg syn !!!

DSCN1168-vert

Overgrodd og vanskjøtta -

DSCN1182-vert

Det nytta ikkje med plenklypparen,men husbonden har langorv med motor og sele kan vita..! – og då gjekk det som “ein leik” – time etter time – han med langorven og eg med riva… Ein svipptur oppover i skogen for å plukka med heim ein bukett liljekonvall tok eg meg tida til, og då slåtten var unnagjort og kaffikoppen var tom, var dagen gått.

Då ynskjer eg alle ei flott midtsommarveke og skulle også ynskja at alle hadde like fine solskinnsdagar som me har her no!

juni 073-tile-vert

-   Bruk dagen godt min venn, dagar som har gått kjem aldri igjen  -

lørdag, juni 19, 2010

Akkurat no…

– er himmelen fylt med kveldssol,sommarstova er fylt med bluesmusikk og glasa er fylte med vin… Det er lørdagskveld og her sit me og nyt både sola,bluesen og vinen og sist men ikkje minst – sjølve livet:0)

DSCN1158

Det første gjesterommet på Junibakken er ferdig…

DSCN1149

Dette er Josefs rom, snekkaren de veit… han som bygde huset og flytta inn på eit rom etterpå – og budde på dette rommet i over 40 år.

DSCN1162

No gjenstår alt det kjekke! Dill og dall….

DSCN1143 DSCN1145

Foreløbig er det berre gardiner som er på plass, men resten kjem etter kvart og det er ingen fare med at de ikkje får både ein og to og fleire “innblikk” frå dette rommet.

Ha ein fin-fin lørdagskveld vidare de også :0)

tirsdag, juni 15, 2010

Fargevalg

 

Ein liten snartur innom bloggen i rasande fart for å “oppdatera” gjesterommet – her er det framgang skjønnar du :0)

DSCN1107-vert DSCN1115-vert

Fargane er “mine” fargar,så eg er svært så nøgd med resultatet så langt;

DSCN1099-tile

Etter bildet er tatt har eg også fått måla resten av golvet,men det skal endå eit strøk til på vindu og golv ( ikkje så lett å dekka over gammal brun beis og lakk sjølv om eg brukar oljemåling)

DSCN1116-tile

Mykje av tilbehøyret har eg ståande “på vent” og de har vel sett det meste av det før vil eg tru…

DSCN1140-tile DSCN1134-tile

Bølgeteppet er framleis ikkje HEILT ferdig,men det nærmar seg! Og stigen det skal henga på,manglar eg framleis…

DSCN1138-tile

No er det allerede slutt på mi tilmålte tid på dataen for i dag, men ein aldri så liten kikk fekk de då -

Nok ein gong TAKK alle mine kjære medbloggarar for at de framleis finn fram til meg, legg att koselege kommentarar og ventar på meg til det kjem rolegare tider og eg kjem på gjenvisitt. Ha ein strålande sommardag :0)

fredag, juni 11, 2010

Her skal de få sjå noko stygt…

I går reiste gravemaskina – grunnen til tilbygget er ferdig ;0)

Men dei kjem att på mandag med mindre maskin, då skal det gravast for platting og trapp til kjøkkeninngang,dei skal grava over gata for å få straum/telefonkablar i bakken (så slepp me heldigvis ledningstrekka i lufta!) OG – dei skal grava tomta til DRIVHUS !!! Jepp- drivhusdraumen blir til verkelegheit!

MEN……… eg har ein stygg mistanke om at sommaren går før det dukkar opp ledige snekkarar for å bygga på til soverom og bad… Difor fann eg ut at det kanskje er lurt å gå igang med eit av romma som skal bli gjesterom – for å ha eit midlertidig soverom til oss sjølve….. Her skal du sjå – Sodoma og Gomorra -

DSCN1101 DSCN1102

Forferdeleg!! Men du skal få nokre bilder frå samme rommet neste veke også, då trur eg det ser litt likare ut….

DSCN1099

Har reve ei fastbygd seng og eit skåp, og det var meininga å berre måla tak/veggar no i første omgang. Men det såg så fælt ut der me reiv at det vart heilt nødvendig å få opp panel der…. Til vinteren skal heile rommet panelast + nytt tak. Så no blir det først nedvasking av sage/slipestøv og drit og så skal eg finna fram målespann og kost… Eit gammalt sengemøblemang er også under oppussing – du skal få sjå alt neste veke (forhåpentlegvis….)

 

I dag er alle himmelens sluser åpna, det høljeregnar!

Den siste tida har me hatt sommar med stor S, og slik har kveldane vore -

DSCN1092

Klokka var 23 på kvelden, det var 17,8 grader og solnedgang over Horga. Eg sette meg ut i sommarstova med eit glas iskald jordbærcider og filosoferte over livet til langt på natt…

DSCN1095

Får håpa at regnet ikkje varer i vekesvis no då ( det har ein tendens  til det her vest…) og at me får ein fin juni vidare. Det håpar eg du får også,kor du enn befinn deg i vårt langstrakte land. Riktig god helg :0)

DSCN1086

- og ledningar – det går det visst over alt!

onsdag, juni 09, 2010

Først av alt

– må eg få takka for alle gode tilbakemeldingar på blomsterpottene! Eg “bøyer meg for fleirtalet” og lakkar med mattlakk ( det var vel egentleg det eg sjølv hadde i tankane i utgangspunktet også…)

DSCN1079-vert

SÅ…

DSCN0972-horz-vert

Det står ein grønnmalt benk i haven -

- og ein svartmalt sykkel i porten -

- og benken skal bli kvit – og sykkelen skal stå mot kvitt gjerde – når eg berre får litt tid på meg… :0) FOR NÅR HAGEN SER SLIK UT:

 DSCN1056-tile DSCN1059-tile

- treng ein eit lite pusterom under epletreet, eller ein koseleg velkomst i porten!

DSCN1082-tile

Og eit kvart køyretøy med respekt for seg sjølv har sjølvsagt eit nummerskilt for å ferdas legalt etter vegen – Eit lite minne frå vår fantastiske tid i USA, bilskilt kjøpt på Route 66 passa bra på den gamle sykkelen etter svigerfar ( han sykla på denne til han var 93 år gammal!)

Og over benken, i epletreet -

DSCN1077-tile

- ein koseleg bopel for fjørkledde….

Det bur ingen der, men det er likevel eit lite blikkfang når eg set meg på benken “for å puste på ei stund”

Ein god junidag til alle mine besøkande – frå Nikoline :0)

torsdag, juni 03, 2010

Berserk med servietten….

 – og no ynskjer eg gode råd !

Gamle blomsterpotter blir som nye….

 DSCN1065-tile

Med blomsterpotter,decopagelim og roseserviett har eg boltra meg, kanskje litt vèl mykje… det er vanskeleg å begrensa seg og stoppa i tide når ein held på med noko ein likar:0)

DSCN1066-tile

Kan ikkje de vera så snille (??) og fortelja meg :

DSCN1073-tile

-om eg skal lakka utanpå med mattlakk eller om eg skal “kalka” motiva så det blir dusare fargar!

Blir veldig glad for tips frå deg!!

*************************

Og som eit lite tillegg idag må eg visa kva som dukka opp på guterommet til min kjære igår….

DSCN1064

Grumsete og “heimagjort”,men syntes det var så artig å finna dette for eg har aldri sett bildet før… I all uklarheita ser eg at det er meg og min kjære,og bildet må vera frå 1973… Då eg utbraut  “ Ja,dette var tider,det..!” kom svaret raskt og kontant: “Ja,og tenk så har me TIDER fremdeles!”

Og takk for det:0)