fredag, januar 28, 2011

Er ikkje ferdig endå -

    - med verkstaden…

Småplukk tek utruleg med tid,så rommet mitt må nok få helga på seg også før det er klart for “visning”.

Føler også det er behov for ei aldri så lita oppklaring ; verkstaden min er IKKJE samme rom som verkstaden til svigerfar… ser det er fleire som trur eg held på i kjellaren – men nei, verkstaden min ligg i 2.et der det er lyst og fint! Me begynte på rommet i fjor, men så vart det ståande på vent fram til no…

Men innimellom maling av glasforingar og hyller,tenkjer eg så smått på påske og kosar meg med småting når eg kjenner det klør i fingrane etter noko meir kreativt enn hyllemaling.

DSCN2813-horz

Er ikkje denne fin då?? Har du lyst å laga slike søte harepusar til ei blomsterpotte så har eg skrive og tegna litt til deg.

DSCN2818-horz  DSCN2815-horz DSCN2819-horz      

Enkle og raske å laga:0)

DSCN2821-horz

Og denne vesle “krabaten” her har eg funne mønster til på sidene til DROPS. Hårtufsane er etter “mitt hove”,dei er ikkje heilt slik på mønsteret… men syntes det gjorde seg med ein liten hårdusk.

DSCN2826-horz

Ein heil gjeng er det blitt…

Riktig god påsk…ehh….HELG :0)

mandag, januar 24, 2011

Åå,jeg strever så med mine små,du….

- 6mm..10mm..18mm..-

DSCN2780-horz-horz

Ja, for det er trekuler og anna småtteri eg strevar med altså… Sorterar og sorterar…

For no kan eg snart snart invitera deg med inn på verkstaden!

DSCN2807-horz-horz

Slik som eg har lengta etter å få ferdig dette rommet!!! Gler meg til å visa deg det!

DSCN2789-horz-horz

Pudder,sink,grått og kvitt er gjennomgangstemaet her.

DSCN2793-horz-horz

Og litt roser må sjølvsagt til – ein gammal foliert kommode etter pappa er blitt kvit og fin med rosedecopage på knottane. Det får duga inntil vidare i alle fall…

DSCN2796-horz

- og med ein liten engel på veggen ynskjer eg alle ein flott kveld:0)

onsdag, januar 19, 2011

Dette er ikkje eit innlegg for sarte interiørsjeler!!

Herved er de advart – for eg har tenkt meg ein tur i kjellaren…

DSCN2708-tile DSCN2670

Korleis angrip ein eit slikt rom???

DSCN2680-tile DSCN2673-tile

Det er ikkje så mykje å seia – det talar for seg sjølv dette….

DSCN2684-tile  DSCN2718-tile

På ein måte fasinerar det meg når eg ser meg rundt i rommet for det er sååå til DEI grader svigerfar dette her!! 3 slike verkstadar hadde han her i kjellaren og absolutt FULL kontroll over alt ned til den minste mutter til han var over 90 år!!

DSCN2715 DSCN2714

Det er ikkje mykje ledig plass,ikkje ein gong i taket…

DSCN2677-tileDSCN2720-horz

Det verste er at her må eg verkeleg vera med å ta eit tak,for innimellom filer,skruer,sagblad,høvlar og motordeler befinn det seg ei drøss med gamle små “skattar” i mine auger,men som er bos og gamalt rukkel i andre sine auger.

Denne eine verkstaden etter svigerfar skal gjerast om til eit brukande rom med tid og stunder – men som sagt… korleis skal ein gripa det an??

DSCN2702-tile

Eg skal i alle fall IKKJE

DSCN2674-tile

Ha ein fin dag folkens – hvis de ikkje har besvimt av innlegget i dag,då… :0)

fredag, januar 14, 2011

Meir hus – og meir lappar:0)

Det går på fram med husbygginga – forskjell frå dag til dag no.

DSCN2629-tile DSCN2642-tile

Skal tru om me kan nyta varme vårdagar oppå her? Håpet er på plass…

DSCN2643-tile DSCN2645-vert

Det går også på fram med sengeteppet – om enn litt trått då, har ikkje vorte mykje tid til brodering denne veka. Har som mål og bruka BERRE gamle stoff,så her er det alt frå gamle gardinkapper og sommartoppar til linbukser og damaskduk… Håpet er på plass her også – om at det skal bli DET flotte teppet…. (håpet forsvinn den dagen eg må setta meg til symaskina trur eg – som sagt før så er ikkje eg og frk.Husquarna gode venniner!)

DSCN2653-tile

Og så er det på`an igjen med beklagelsar og dårleg samvet… Det er så lita tid ved datamaskina for tida at når eg er innom må eg “pløya” igjennom nye innlegg frå mine kreative bloggvenner og får ikkje den tida eg treng til å legga att kommentarar. Slik er det berre – og eg er slutta å gje lovnadar om betring i betre tider… dei kjem visst aldri!

DSCN2633-tile

Då pappa levde,klaga han seg ofte over at eg alltid hadde det så travelt og skulle gjera mest muleg på minst muleg tid. Når skal du få tid til å bruka all denne tida du sparar? var eitt av spørsmåla han ofte stillte, det andre var Er du redd for å komma for seint til livets ende?  Kanskje noko å tenka på,dette??

DSCN2659-tile

I alle fall , ha ei strålande flott vinterhelg mine venner :0)

fredag, januar 07, 2011

Nyårsplanane er STORE…

Det snøar og det snøar – alt er reint,kvitt,mjukt og vakkert!

DSCN2608-vert

Siste rest av jula har fått fyken idag, så det er reint,lyst og “vakkert” inne også.

DSCN2576-vert

Alle vindu er vaska og golva luktar reint av grønsåpa- herleg til helga kjem!

DSCN2603-vert

Fuglane set pris på siste rest av julekakene… og eg er begynt så smått og tenkja på frø og vårblomar…

DSCN2621-tile DSCN2624-tile

Det hjelpte godt på vårkjensla då det kom pakke frå I Gros Hage, men først skal me ha eit par gode vintermånadar! Då kan me kosa oss framfor vedovnen med koseleg håndarbeid – og eg skal til med eit STORPROSJEKT!

DSCN2610-tile

- Sengeteppe til det nye soverommet – med litt stitcherylappar innimellom… eg er i gang! (Må forresten le litt med tanke på innlegget under der eg fortalde korleis soverommet skulle bli… Sustikk sneik seg inn som eit framandord.. var ikkje klar over det før eg fekk ein tlf. der vedkomande til og med hadde sett etter i ordboka – no er det retta og det skulle sjølvsagt vera Rustikk…)

DSCN2468-horz DSCN2472-horz

I romjula broderte eg to ullhjerter som skal vera i hallen i vinter,samt eit midtstykke til pute (i samme rom) Kjem på at eg ikkje har vist den koselege snippduken eg broderte ferdig til jul -

desember2010 007-vert-vert

Er kjempehekta på dompapp…. no er den pakka vekk og eg veit eg kjem til å vera glad for å pakka den opp att om sånn ca. 10 mnd.tid..

DSCN2610

Men no er det altså eit storprosjekt på gang  - heilt hekta på det også nett no…

Ha ein riktig flott vinterdag:0)

lørdag, januar 01, 2011

Fortid,notid og framtid.

2010 har sagt adjø og takk for seg – året er blitt til fortid - noko å sjå tilbake på.

Korleis vart året brukt for din del? Vart det slik du håpa på og drøymde om? For meg vart 2010 ein milepæl store omveltningar og steg over nye dørstokkar – bokstaveleg tala. Heldigvis vart ikkje dørstokken så høg at eg fekk problem med å trø over den… Eg har funne meg til rette i ny heim og kjenner eg vil trivas her. Eg bestemte meg ved starten av 2010 at eg skulle kun sjå framover og ikkje dvela ved fortida.

DSCN2507-horz

No er batteria fullada og eg gler meg verkeleg til å ta fatt på kvardagen med alt den innebær! Den blanke og fine julepynten er så smått begynt å følas som støvete rot i sidesynet og eg kikkar stadig oftare ut på “hagen” som ligg der som ei spennande kjempeutfordring å ta fatt på (i alle fall kan eg starta planlegging av det som skal bli hage…)

DSCN2506-horz

For at våren er her før me får sukk for oss fekk eg bevis for då eg såg dette…. kvitspraya greiner i juledekorasjonen står no med struttande grønne museøyrer! Herleg!

DSCN2399

Først skal nytt soverom og bad planleggast litt meir konkret – det er på tide å bestemma seg for kva som skal på veggar og golv.Det einaste eg er sikker på,er at soverommet skal bera preg av rustikk romantikk… Andre etasje blir ein fantastisk (trur eg) terrasse når snekkarane har trekt ut taket og set inn heile fronten i vindu/skyvedører!

DSCN2509-horz

Så gler eg meg til å få gjera ferdig trappegangen sjølv om det er ein god del sliping av trappa og mykje målearbeid.

DSCN2514-tile

Og sist, men ikkje minst – eg gler meg til å gjera dette om til eit supert grovkjøkken!

For tru det eller ei – dette rommet skal bli topp!!

DSCN2474-horz

Då takkar eg for eit flott bloggeår sjølv om det har vore så som så med blogginga innimellom “slaga”. Må 2011 bli eit fin-fint år der dei fleste av våre draumar kan bli realitetar!