fredag, januar 30, 2009

Litt småtteri...

Når oppussinga skal skje på kveldstid,seier det seg sjølv at det tek tid, kveldane skal brukast til så mangt anna også. Men ALDRI har det vel gått tregare med eit rom enn med TV-stova som eg held på med no! Håpet er at med helga til hjelp vil eg sjå slutten av "prosjektet" snart...
Har de lyst å sjå nokre detaljar før eg kan komma med FØR/ETTER-bilder av det heile?? (Kan ikkje setja meg til å venta på svar,så eg knipsar i veg,eg...) Dette er veggfargen slik den ser ut på dagtid og på kveldstid. Den heiter "Hvete" og er ein veldig lun og behageleg farge for meg som ikkje vil ha det kvitt.

Skapet er snart ferdig,men det skal malast innvendig og då må alt av data ut først! Litt av ein jobb,det..
Ideen til avis og decopage fekk eg før jul,då eg laga kremmerhus og lavendelposar med bokark og roser. (Har til og med brukt samme serviettar..)


Eit anna skap har fått nye knottar,gardin innafor rutene og 2 små kransar.


Veit ikkje kva eg endar opp med i kofferten,som de ser har eg prøvd meg fram med forskjellige alternativ... trur eg held ein knapp på det siste,men...

Vinduslister/karm skal malast, 2 bord og ein stol skal malast, 2 hyller og dataskapet innvendig skal malast... puuh... men helga er vel lang ?



Litt nytt småtteri vert det alltids når ein pussar opp,men eg skal prøva å bruka mest muleg av det eg har.Med litt fixing og trixing er det utruleg kva ein kan få "nytt" frå gamalt...

Så treng eg litt hjelp med hukommelsen her...

Slike merker som er i nederkant på desse tidsskriftboksane har eg sett på nettet,men har ikkje peiling på kvar eg såg det.Veit nokon om kven som kan ha slike for salg???Skulle så gjerne hatt nokre...
Eg er SÅÅÅ takknemleg og glad for at de held ut med meg og skriv kommentarar gong på gong utan at de høyrer eit pip herifrå,men tida har ikkje strukke til den siste veka. Eg kikkar innom dekan og held meg "oppdatert",og i løpet av kvelden og helga får me sjå om det ikkje let seg gjera å gje ein lyd både til den eine og den andre (eller "gj eit ORD er vel rettare sagt...)

Eg ynskjer kvar og ein ei kjempeflott helg!!

onsdag, januar 28, 2009

Vinterte og sommardraum...

Frøkatalogane fristar oss så godt dei kan no i januar,og i dag vart bestillingslista mi klar.Eg samlar frø frå eigne plantar,men det er alltid kjekt med litt nytt også...

Med vinterte i koppen og tett snøvær utanfor vindauga,kryssa eg av i katalogen i vilden sky...

Årets valg vart slik:



Ny blomsterert "Madame Butterfly"
Stokkroser i rosa og mørk raud
"Silver Falls" skal i amplar saman med sommarblomar
Og det samme skal "spragleplante"
Så er det berre å venta på at postmannen skal koma med desse og litt til,som løvemunn,sukkerert,løk og andre grønnsaker.

*******
Og eg målar og eg målar.....


Her kan du sjå kor store dei er i forhold til døra. Eg er bra lei av å måla troll kan eg forsikra deg om! No har eg berre att 1 stort skilt til Fjellandsbyen heldigvis,og er veldig glad for at eg har bestillingar med dyremotiv å ta fatt på.




Ha ein flott vinterkveld rundt om i vårt langstrakte land!

tirsdag, januar 27, 2009

6.mappe - 6.bildet, ny utfordring...

6.mappa mi er feriebilder,og 6.bildet er frå vannkanten ved Mjøsa....sjølvsagt... (alle som har fulgt med bloggen min veit at eg er "heilfrelst" i Mjøstraktene og vakre Hedmark generelt,så ein del av ferien går dit kvart einaste år)

Kjenner suget i dag etter å ha åpna mappa med desse bileta...og klarar ikkje la vera og visa nett nokre til...

Frå Hamar. Her har me alltid stopp i nokre timar....

- og så er me i "Mitt" Sommarparadis! Slåstad v/Skarnes.
Er det rart eg trives her???

Kjenner vintermennesket Nikoline likevel lengtar mot sommar.... bitte litt....



mandag, januar 26, 2009

Favoritt-ting i heimen

Skal innrøma at eg er glad i TING,ting som er fine å sjå på,ting som gjer heimen lun og koseleg,og gamle ting med ei lang og spennande historie bak seg.
Randi - Hverdagsprat, har utfordra meg til å visa fram favoritting i heimen,og her kunne det lett vorte eit laaaangt, VELDIG laaangt innlegg! Men eg skal prøva å begrensa meg. Då gamalt og arva ligg mitt hjarta nærast,vert det mest det eg "tek for meg" i utfordringa.
Først og fremst er det mjølkespannet vårt.Eg har traska mang ein gong på små bein for å henta mjølk i dette spannet,og etter at mjølka kom på flasker og seinare i kartong,har spannet vore årleg i bruk i bærskogen.Elles i året står det på ei hylle på kjøkkenet.

Denne vasen gav mamma meg då ho hadde fått beskjed om uhelbredeleg kreft.Ho visste at eg hadde eit "forhold" til denne heilt frå eg var lita. For det første var den det finaste me hadde i stova syntes eg,og for det andre knytte det seg ein "dramatisk" historie til den som hadde brent seg fast i minnet mitt.... Ein julaftan plukka eg opp det største og finaste gravensteineplet som låg på fatet.Eg sat og lukta både vel og lenge på det store ,gode eplet før eg bestemte meg for å spara litt på det.Eg tryngde det ned i denne vasen - med det resultatet at ingen fekk det opp att før det var gamalt og innskrumpa...

Eit stort maleri av "Seljefløiten" er det sikkert mange som har i sitt eiga,hjå meg er det berre "mellomlagra" då eldste sonen vår arva det etter morfaren sin med instruks om at det skulle henga i stova så lenge me bur i huset.Dette maleriet har også ein eigen historie som eg ikkje skal koma meir inn på her,men kan fortelja at guten som står modell for Chr.Skredsvig er søskenbarnet til bestefaren min.



Ein stor påskeduk,brodert av mamma i si tid. Eg er lite flink å pynta til påske,men denne duken kjem alltid på bordet til palmehelga.Med påskeliljer,fiolar og bjørkelauv ber den bud om våren som er like rundt hjørna når me kjem til påske.

Så er det syskrinet mitt (det har eg visst vist fram før,men...) Det er dåpsgåve frå oldemora mi. Petrine Klæbo frå Moflaget "Til Erindring ifra Din Bestefar",så dette ergamalt .

Det er fora med ark frå ei skjønnskriftbok,og i si tid låg det mønster oppi rommet her. Det har eg kasta....!! Eg får unnskylda meg med at eg var ung og dum. Eg kunne ikkje begripa at oldemor gav meg eit gamalt syskrin,kiste og duk (kista er frå 1801) i dåpsgåve,men i seinare år har eg sett umåteleg stor pris på det!



Som sagt;eg kunne fortsetja og fortsetja her,men skal halda meg "i skinnet" og avslutta med ein akvarell av nyare dato. Det er eit sauemotiv av Geir Nymark, ein akvarell som også minner meg om ei svunnen tid...
Eg utfordrar Trollkåno, Rosa Univers, Magny og Liven til å visa sine favoritting i heimen og ynskjer alle ei fin-fin veke!

torsdag, januar 22, 2009

Neidå,eg er ikkje senil -

- og ikkje har eg gløymt at eg hadde bilde av denne awarden for nokre få dagar sidan -
Til vanleg legg eg berre til navnet under awarden på høgre sida her hvis eg får samme utmerkinga frå fleire.Men i dag vart eg så overraska at det må eit ekstra innlegg til!

Frå ein flott blogg som eg ikkje ante eksisterte,kom denne utmerkinga saman med fin omtale. Gjet om eg vart kjempeglad og overraska!! Så tusen,tusen takk Pingvindesign!
http://pingvindesign.sprayblogg.no/

Elles går det trått med oppussinga og i kveld er det berre vorte litt decopage på ei skapdør.Skapet skal malast kremkvitt i løpet av helga (håpar eg)

Med nyinnkjøpte tulipanar,ynskjer eg alle ein god fredag og helg i vente!


tirsdag, januar 20, 2009

Leik med gamal avis...

Innimellom bestillingsarbeid (dagtid) driv eg å pussar opp i TV-stova (kveldstid) Masse idear kvernar rundt oppi toppetasjen når det gjeld oppussinga... DET skal eg, DET skal eg og DET skal eg... Tanke vart til handling i dag, eg skulle berre ha ein kort pause frå penslane,men den vart i grunnen laaaang..! To gamle koffertar skal inn i TV-stova,og i den eine låg ei gamal avis i botnen. No har eg klyppt og limt og STORKOSA meg!!

Noko av avisa er kome i koffertloket i staden for å liggja i botnen.


Mange kjende her,ser eg...
Årstalet er 1956 og vesle Nikoline er 8 månadar gamal.

Seinare vart ho gift med ein "Haugamo-ramp"......

Men nokon billeg Dodge har me aldri køyrt rundt i, derimot var "Kvikken" ein populær trffstad i ungdomen...
Passa ein på å klyppa ut togtidene,slik NSB anbefalar,kunne ein ta toget til by`n -

- og kjøpa seg ny kåpe og hatt for vinteren,siste mote!

Etterpå kunne ein gå på kino i den nye habitten å sjå den vakre Sophia Loren i "Napolitansk karusell" - HOT !

Eller kva med ein dans i Borgartun?
"Klin" moderne kjøkken kunne ein få på avbetaling - då som no -
Ca. kr.80,- pr.mnd. i eit år,og kjøkkenet er ditt!
Det er forøvrig ein røyrleggarforretning dette,og bror min overtok den for ein "mannsalder" sidan,og har den framleis.

Tjuvjakt på Hardangervidda kunne verta lite lønsamt -


To hjerter fekk også "make over" i dag,og som de ser av annonsa - hushjelp søkes - for NO har eg fått blod på tann.... fram med meir aviser!
FORTSETTELSE FØLGER.....