tirsdag, mars 30, 2010

PÅSKEPYNTA HUS…??

Tusen takk for velvilje,gode ord og forståelse frå kvar og ein, de er ein kjempegjeng!!

Då ser det ut for at eg skal halda fram “som eg stemnar” :0)

Og her skal de få sjå mitt påskepynta og rydda hus…. kommentarar til bilda er totalt overflødig,dei talar sitt tydelege språk sjølve….  - og for å VERKELEG visa det bedrøvelege ved det heile har eg “pynta” bilda med sørgerand….

DSCF8389-vert DSCF8390-vert DSCF8391-vert DSCF8392-vert

JA… dette er altså arbeidsrommet her i huset i øyeblikket. Men det tømmes i alle fall i skåpa litt etter litt. Får sjå det positive i det og gleda meg over at  det blir ei SKIKKELEG opprydding i alle fall. Fleire bossekkar er køyrde vekk, og i det nye arbeidsrommet “SKAL DET ALDRI BLI ROTETE”….

NYT PÅSKEDAGANE DE OGSÅ :0)

søndag, mars 28, 2010

Dilemma….!

Å gå rundt med konstant dårleg samvet er ikkje kjekt.

Denne utruleg gjevande hobbyen som blogging er blitt for meg, forårsakar samtidig nokså dårleg samvet for tida… og som sagt; det er det ikkje kjekt å gå rundt med. Så no tel eg på knappane -

*  - skal eg kobla heilt ut bloggen min og ta skikkeleg bloggpause fram til hausten –?

*  - skal eg fortsetta med eit innlegg i ny og ne for å “halda meg varm” –?

*  -skal eg laga nye innlegg så ofte eg ynskjer utan å bry meg med at eg ikkje får tid innom andre bloggar –? (det er her samvetet kjem inn…)

*  - eller skal eg rett og slett gje meg og legga ned bloggen –?

Eg synes det er så fantastisk moro å laga nye innlegg og kunne vel egentleg ha laga fleire for dagen, og eg synes også det er veldig,veldig kjekt at de er innom og kommenterar jevnt og trutt med gode ord. Men det er ikkje heilt rettferdig synes eg… for eg er så frykteleg dårleg på å kommentera tilbake til dekan koselege bloggedamer! Eg finn rett og slett ikkje tid til det midt oppi all denne oppussinga,pakkinga og div.problem som rammar i nær familie for tida… Føler eg skulle delt meg i fleire bitar så eg kunne vore på fleire plassar samtidig, men framleis er eg berre EIN (stor) klump og held meg samla på ein plass om gongen.

DSCF8319-horz DSCF8322-horz

Framdrifta er bra i Gatehuset – men endå er det laaaangt fram til ferdig resultat! I går køyrde me første “flyttelasset” – 21 kassar med mitt PØ som ikkje skal brukast før til hausten,kom på plass i skapa på arbeidsrommet!

DSCF8373-tile DSCF8375-tile

Og stolane til kjøkkenet går det framover med – norske og latinske navn på div.urter er malt på stolryggane, og no skal det bli lintrekk på stolputene. Her ser du også litt av fargen som er på kjøkkenskapa, perlegrå. Kjøkkenet er komme og er stabla i stova for øyeblikket. Eg GLER meg innmari til det skal monterast!!

DSCF8379-vert DSCF8380-tile

Og mens eg ventar på malingstørk eller har ledigheit i “handlangarjobb” hjå min kjære, går strikkepinnane,heklenåla eller broderinåla…. har ALLTID med håndarbeid i veska når me reiser ned,for å vera “sikker på at det ikkje blir noko daudtid” – det gjeld å nytta dei timane ein har -

Akkurat no når eg skreiv desse siste linjene kom eg på kva pappa så ofte sa for han syntes eg var litt for aktiv til tider; KJÆRE DEG – KVA ER DET DU HASTAR SLIK MED LIVET FOR? ER DU REDD DU KJEM FOR SEINT TIL LIVETS ENDE..? Tjaa… sei det….

Men altså, tilbake til mitt dilemma ang.bloggen.. Kan de gje meg eit hint?

 

Så vil eg ynskja alle kjære bloggvenner,andre venner samt familien ein riktig

DSCF8387-vert

lørdag, mars 27, 2010

30 år er gått -

    - sidan den uverkelege telefonbeskjeden kom om at broren  til min kjære var ein av dei sakna i havariet av plattforma Alexander Kielland…

27.mars 1980. Ein dag eg aldri gløymer, sjølv om dagen gjekk som i transe og me befann oss i ein heilt uverkeleg verden og timane snegla seg avgårde i berre åndelaus venting på ei god nyheit. Samtidig knytte det seg i magen og innerst inne visste me vel utgangen på det heile frå første stund…

kielland-680_559894i

Og den verst tenkelege beskjeden kom -

Han hadde jo nettopp vore her hjå oss… hjelpt oss med husbygging… så full av liv og latter… så vidt fyllt 40 år… så snill som dagen var lang… så- ja, så ALT

Kåre er ein av 123 personar som nokon kjenner saknet etter idag, og dessverre er han også ein av dei som aldri vart funnen.

CXyJ4Li3evqrM1diluhLqgjfbYKnvm-lA-xJzu8HwOAg

Minnesmerket, eller monumentet , “Brutt lenke” og navneplatene i svaberget var eit sterkt møte første gongen me reiste til Stavanger hugsar eg. Sorga er ikkje like sterk i dag som for 30 år sidan,men ein rest av den er her og vil alltid følast når me tenkjer på Kåre. Han var den som budde næraste av brødrene og som me hadde mest kontakt med, og han var vel også den som var mest lik min kjære både i sinn og skinn…

DSCF8370-tile

Ein liten historie kjem eg på – noko som skjedde ikkje så veldig lenge etter ulykka… Me kom inn på ein bensinstasjon i Bergen der Kåre hadde vore fast kunde, og dama bak disken bleiknar meir og meir då ho såg min kjære – drivkvit i ansiktet styrta ho på dør, og ikkje kom ho att heller… Me forsto ikkje med det samme kva som skjedde,men den stakkars dama trudde ho hadde fått eit gjenferd innom dørene. På samme turen kom det endå ei dame bort til oss og fortalde ho hadde fått eit ubehageleg sjokk den dagen ,ho var sikker på at det var Kåre ho såg då me kom…

Me minnast Kåre idag med både sorg og glede og tek vare på dei gode minna me har etter han.

fredag, mars 12, 2010

Det går heilt strøkent for tida…

God dag godt folk :0)

Bloggpausen kan vel ikkje vera HEILT BASTANT,eller…? Har framleis pause,men eit lite livstegn i ny og ne skal de få.

I dag har eg lyst å visa “det nye” strykebrettet mitt. Når eg no får så flott arbeidsrom i Gatehuset må sjølvsagt strykebrettet stå i stil med rommet… *kremt* Og slik som det såg ut frå før,skulle det ikkje store forandringen til før det vart til det bedre…. Men så var det meg og dette “ekstra-arbeidet” att,då…

DSCF8306-horz

Med eit stripete trekk i grått og kvitt vart det riktig så bra – men kva med eit aldri så lite broderi for å kvikka det opp…? Eit monogram eller noko anna lite – eller eit broderi av ei dame som stryk klær – eller… -

DSCF8308-vert

Det enda sjølvsagt opp med broderi tvers over heile brettet! Kveld etter kveld med nål og tråd, istaden for ei lita kveldsstund slik tanken var i utgangspunktet.

 DSCF8313-horz

Ja,ja. Trekket vart fint det synes eg,og vel verdt arbeidet. No kan det stå “og stråla” innbydande til strykejobben – kanskje det fristar til stryking litt oftare enn no,og at klesdungane vert litt mindre…? Sjølvsagt!! Klesdungar er jo ROT, og ROT skal eg no vel ALDRI ha på det nye arbeidsrommet !!! *ha,ha,ha*

God helg folkens, med eller utan klesdungar som ventar på stryking :0)