onsdag, januar 30, 2013

Hanekamp og skogens konge.

Så er me snart ferdige med den første månaden i det nye året. Hugsar godt den tida då januar var EVINDELEG LAAAANG…. no er det berre SVUSJ og så er den forbi. Mykje av planane eg hadde for denne månaden står framleis ugjordt, men eg er i gang att med dekormåling og det er eg glad for!!

SAM_0731-vert

Litt har eg vist frå før – og i dag kjem det eit par skrin til – STORE skrin og då likar eg meg godt. Store flater å boltra seg på er berre kjekt! Skog og natur ser eg for meg frå mine mange turar i Tvildesåsen og andre åsar, men når det kjem til fuglar og dyr må eg ha “hjelpebilder” å sjå etter.

SAM_0727-tile

Denne veka er det tiurkamp eg har prøvd å formidla – og elg vart det også sjølv om eg har eit heller dårleg forhold til akkurat DET dyret. Eit par episodar som har vore mindre kjekke og som eg helst skulle vore forutan. Men her på skrinet er den ikkje mykje farleg, den kjem i alle fall ikkje inn frontruta på bilen slik den gjorde på Ål ein gong i tida… Her kjem han i elegante og grasiøse steg i kveldinga for å drikka frå det vesle tjernet.

SAM_0720-tile

Og tiurane , ja, dei får kjempa vidare om terretoriet og hønene – eg skal opp att på arbeidsrommet for å måla velkommenskilt på store villmarksbord. KJEKT.

SAM_0729-tile

Ha ein god dag du også :0)

tirsdag, januar 22, 2013

Sveipa boksar.

Ein kompis av Brannmannen er ein mester med slike boksar (skrin) og eg har ein heil stabel som han har laga. No skal dei  målast på. Dei er så glattpussa og fine at det er ein fryd å jobba med!

SAM_0707-horz

Med 20 kalde grader ute kosar eg meg på varmt og godt arbeidsrom om dagane og litt resultat er det vorte.

SAM_0708-horz

Eit vintermotiv frista nett no, sjølv om eg veit det ikkje er så veldig lett å selgja når det er sesongprega. Her baksar to kjekke gutar med ski og stavar over ein skigard. Var veldig moro å måla dette!

SAM_0716-horz

I føremiddag vart det “kua i den grønne eng”…. Slike motiv sel alltid lett her i bygdene.

SAM_0718-horz

Med blues for full guffe på cd-spelaren storkosar eg meg på rommet mitt og er  no i gang med eit STOOORT skrin med tiurleik som motiv. Det kan berre vera kaldt ute – det gjer meg ingen ting så lenge eg kan sitta her og gjera det eg aller helst vil!!

Ha ein god vinterdag folkens :0)

søndag, januar 20, 2013

Eg samlar ikkje BERRE på gamle ting.

Av og til – og helst med lange mellomrom – skjer det at eg begynnar å samla på noko nytt også. No har eg visst gått heilt av hengslene for plutseleg samlar eg på meir enn godt er….

SAM_0700-vertSAM_0703-vertSAM_0698-vert

Det starta i haust med å bestilla Dompap-serviset frå Firkløveren. Så nydeleg motiv og duse,fine fargar. Kvar månad kjem det pakke i posten med 1 kuvert, middagstallerken/asjett/djup tallerken og ei lita skål. Men som så ofte ; det eine fører det andre med seg…  Frå Magnor passar glasa Antarktis (Vebjørn Sand) så perfekt til dompap-serviset! Så dermed vart det oppstart med å samla på desse glasa også.

page-vert

Heilt sidan me flytta (det er over 2 år sidan no) har eg leita etter eit nytt kjøkkenservise og NOO har eg funne det eg vil ha! Har bestilt første “pakke” med 4 kuvertar på Glassmagasinet, men har ikkje fått det endå. Dette er eit servise frå Johnson Brothers og heiter Devon Cottage og eg skal samla til 12 av både middag og frukostsett.

SAM_0696-vert

Som om ikkje dette skulle vera nok, er det også nye kjelar på gang… HØGST NØDVENDIG egentleg. Eg har aldri kjøpt ein panne nokon gong, alt me har er nesten 40 år eller eldre. Dei fleste var brullaupspresangar i 1974 og resten er arv etter mamma. No syng dei verkeleg på siste verset ein del av dei. Og då eg skulle kjøpa nytt fall valget på blå kjelar frå Le Creuset. Det er emaljerte gryter og tanken er å kjøpa ein og ein panne   for dei er grådig dyre (synes no EG då i alle fall)

gp3_image-vert

Det er sikkert 20 år sidan sist eg hadde noko eg samla på, men som du ser så har eg visst teke heilt av no då… og moro er det! Eg er så gamal at eg veit å gleda meg over kvar ting eg kan kjøpa og sjå fram til den dagen det er komplett. Det er faktisk ei heilt anna kjensle enn å gå til innkjøp av ALT PÅ EIN GONG – heilt sant :0)

søndag, januar 13, 2013

Med perlemorsknapp og ein nyttig hale…

SAM_0631-horz

God søndag godtfolk! Her er søndagen brukt til litt håndarbeid – siste finishen på hyssingposane. Ute er det gnistrande kaldt (minus 18 ) med høg, blå himmel og strålande sol. Skulle vel kledd seg godt og vore ute… eg har snudd fjeset mot sola når eg har vore ute i små ærend (les: hersens røyking) og kjenner faktisk litt varme frå den endå det er så tidleg på året.

SAM_0630-horz

Men tilbake til hyssingposane - 5 stk er ferdige. Det er sydd som ein vanleg pose med løpegang øverst, maljehol til hyssingrullen som ligg oppi og musemotivet er måla med tekstilmåling på perlelerret. Stoffa som er brukte til ramme er av ymse kvalitetar og fargar, alt etter kva eg fann øverst i stoffkassane!! Ja, dei er i fleirtal…! 

SAM_0375-horz

I haust kjøpte eg maljeverktøy hjå Panduro, det funkar fint og ein slepp å stå og slå med hammar. Eit trykk på dette håndtaket var nok!

SAM_0633-horzSAM_0636-horz

Hyssingposane skal på “lager” med tanke på utsalget eg har planar om (ein gong i framtida…) Det er det første produktet til det omtala lageret som ikkje er julerelatert og eg synes det er herleg å vera i gang med kvardagsting!

SAM_0628-tile

Ha ein fortsatt fin søndag :0)

tirsdag, januar 08, 2013

Beklagar

så mykje til alle som skreiv kommentar på forrige innlegg og som no er sletta.

Det kom så mange utenlandske kommentarar med tull og vas at eg tok ikkje sjangsen på å ha det ståande her ( ikkje gjekk det å sletta berre kom. heller) så no er heile innlegget borte vekk. Nokon som har opplevd dette ??

Så er eg så vidt i gang med litt hobbysysler i det nye året – pringleboksar nok ein gong….

SAM_0581-horz

Var lei av å kikka i ørten boksar for å finna det eg skulle ha når eg jobba på arbeidsrommet. No vert det slutt på det, kvar og ein er merka med innhald. Har trekt boksen med grå lin, skrive ut bilder på stoff og sydd eit lite broderi på kvart lok.

kongler-horzneter-horzfugl-horzsopp-horzbær-horz

Hyssingposar som eg begynte på før jul skal du snart få sjå også – eg er altså i gang i tankane i alle fall.

Ha ein fin-fin dag :0)