tirsdag, september 30, 2008

Ei dør til begjær.


Det hjelper ikkje om regnet høljar ned og vinden ruskar i trea,ein får kle seg deretter og koma seg ut på den vanlege turen.

Ut på tur - aldri sur !



Eg er oppvaksen midt mellom to militærleirar,men har Storåsen rett opp for huset så det har ikkje vore mangel på friområde til leik og turgåing. (Men som dotter av ein militær hadde eg kanskje noko friare tilgang til leirane enn mange andre) Etter som åra har gått har det vorte trappa ned litt etter litt i det militære,først vart eine leiren nedlagd og no er også den andre leiren tom.Det er eit enormt turområde.


Masse tomme hus dukkar opp inni skogen,det meste til nedfalls. Det er så trist å sjå at så mykje
flotte bygningar står og forfell, og mange av dei er det allerede for seint å gjera noko med.

Her er det ikkje huset eg tykkjer så veldig om,sjølv om det er fint nok dette også,då. Men det er
DØRENE i dette huset!!

Undrar på om eg kunne fått desse med meg heim eg... me er to som går saman på tur, kvar si
dør på ryggen kanskje...??

Eg skulle i alle fall gjeve mykje for å hatt dei! Hadde dei berre ikkje vore så tunge... ja,då...



Nyt detaljane!
Dette er dører til begjær.
Sukk...
Ja,ja..eg får vel berre fortsetja å senda skråblikk og leggja turen forbi kvar gong eg er i området.
Kanskje,kanskje...ein vakker dag oppdagar dørene meg også...og vil vera med meg heim? Det er
lov å drøyma...

Ha ein fortreffeleg tirsdag!

tirsdag, september 23, 2008

"Groteske vossingar"??


Nei, men eg kan forstå at nokon reagerar på denne middagsmaten... de veit ikkje kva de går glipp av de som ikkje vågar smaka.. No er det i alle fall tid for årets første smalahove-middag. Det beste kjøtet på heile sauen, så mørt og godt at det smeltar på tunga...


Poteter og kålrabistappe høyrer med


Tja...,litt grotesk ser det vel kanskje ut likevel.., og dette var eit skikkeleg underbitt eksemplar
av arten.




Eit lite lynkurs i framgangsmåten.....


Slik ser tallerken ut når ein ekte smalahove-etar er ferdig.
Dette var god middag!

****************************
Det minkar sakte men sikkert på bestillingslista mi.




Stor veggfjøl som det skal monterast 5 krokar på.


Ei stor,djup skål


- og eit skrin -


Om eg held fram som eg stevnar no,er det berre eit par veker til eg kan måla "kva eg vil", og det
gler eg meg verkeleg til! Men då må det verta lettvinte 5-minuttars middagar framover, kan
ikkje ha slow-food som smalahove og raspekaker på agendaen då...

Ha ein flott kveld!


fredag, september 12, 2008

Smalahove - på godt og vondt...


Så er tida kome for sauesanking att... nokre månadar i friheit og "sus og dus" med saftig fjellbeite er over. Dei som er heldige, skal inn att i fjøset og dei som ikkje er like heldige skal inn i eit anna hus... I ungdomen bestemte eg meg alltid for å verta vegetarianar kvar haust då slaktetida var i emning, kunne ikkje forstå at me kunne eta desse fine sauene. Men det var gløymt då det gode kjøtet kom på bordet..

No er det mange år sidan me hadde sauer,så smalasankinga er eg ikkje med på meir.



Men eg malar dei både titt og ofte, her er det ei hyttedør som har fått nokre fornøyde sauer (hjå ein fornøyd sauebonde)




Me er så heldige at me har eige røykehus,så all kjøttmat tilberedar me sjølve.Me kjøper slakt,
saltar og røyker både pinnekjøtet,fenalår,lammerullar og spekeskinker.
Så har me dette med det etterkvart så berømte smalahove då...


Ein eller annan har klart å gjera dette til festmat,men for oss "inngrodde" i sauebygda er det ein
vanleg kvardagskost. Det var heilt vanleg å svi,salta og røyka nok smalahove til 1 middag pr.
veke fram til jul før i tida. Siste søndag i advent kallar me "skoltasøndag" (dialekt-skolt=hove),
då skulle dei siste hova etast og då var ein også nokså fornøyd av smalahove for ei stund. No held
det med 3-4 middagar i løpet av hausten.
Om 14 dagar er det årlege "Smalahovesleppet" her med masse tilreisande som sit og "pirkar" i
eit smalahove i eit telt i sentrum. Vel bekomme. Eg for min del reiser til fjells og håpar på
fjellaure på tallerken. Så kan eg eta smalahove på tirsdag...eller torsdag... ialle fall ikkje ein
lørdagskveld!


Eg har gjordt meg nokre tankar (på eit pannelok) om kvatankar smalahovet har der det ligg..

Ja,eit pannelok kan brukast til så mangt forresten :



Greit å ha oppskrifta på veggen.

Uansett kva du skal ha på tallerken i kveld,
ha ei fantastisk helg !!

onsdag, september 10, 2008

Kjekk utfordring og fin award.

Då denne utfordringa kom frå Trollkåno trngde eg inga betenkningstid... svaret er enkelt.

"Utfordringa handlar om ting ein er glad i, som betyr noko for deg sjølv, som ein har dradd med seg på "ørten" flyttelass og ein ikkje har fått seg til å kaste.. Og som ein av og til kikkar på, med smil om munnen - for ein kan minnast - ja,eit eller anna."

Den "observange" vil vel sei at "jamen,dette er jo to ting,det", men det er ein samanheng i dette.

Før i tida hadde me ein butikk som heitte Mjølkeutsalget som meieriet dreiv. Der var det også nokre små bord med stolar,ein slags kafe. Bestemora mi var ei myndig,gamal dame som IKKJE sløste med pengane sine,så overraskelsen var stor då ho ba meg med på kafe ein førjulsdag i 1959. Det bar inn på mjølkeutsalget,skillingsbolle og eit stort glas mjølk kom på bordet og så la ho fram ei PAKKE til meg!! Bortsett frå strikkelabbar med rosinpakke inni til jul,hadde dette aldri hendt før.

Det var ei påskjøning for at eg var slutta å tissa i senga om natta...



Inni øskja låg den finaste brosje eg nokon gong hadde sett! Den var lys blå,som var yndlingsfargen min, og det glitra i mange små "diamantar" rundt steinen!!



No er mange av "diamantane" borte og steinen er laus,men i mine auger er brosja framleis like
fin.
Då me kom heim den dagen,venta endå ein overraskelse. Mamma hadde ein pudderdåse som "belønning"...
(pudderdåse til ein 4-åring...??)


Saka var nok den at eg hadde beundra denne så mang ein gong, var eg lei meg fekk eg alltid låna
pudderdåsen med dei fine,rosa pelikanane på.
Og no var den altså min... eg kunne pynta meg med brosje og pudder så ofte eg ville!



Det er ikkje mykje pudder att her... men dåsen(og brosja) har vore med meg i alle år sidan den
førjulsdagen i 1959.

Stafettpinnen leverar eg vidare til Lyst på livet og Litt av mitt

Så til ein nydeleg award. Tusen takk!!


Tusen takk til Janne i Fagerlia som har gitt meg denne kjempeflotte awarden!
Ho har ein veldig flott blogg (vel verdt eit besøk om du ikkje har vore der) og
er superflink med penselen!!

Denne awarden sendes til bloggar som inspirerar, og den eg vil gje den til,vil få besøk av meg på
bloggen sin. Om mottakar ynskjer å gje den vidare,er opp til kvar enkelt.

Ha ein super onsdag alle saman!!

tirsdag, september 09, 2008

Messeproduksjon No.2


Hvis ingen går i fella,men passer seg for den...



Strikka mus som kan brukast til så mangt...
- på ostefatet i jula...på ei rot...saman med nissefar...
Det er berre å setja fantasien i sving...


Eg har laga dei i tre forskjellige fargar,
to gråfargar og i lys brun. Kan det vera lys brune mus tru??




mandag, september 08, 2008

Ei utfordring

kom for nokre dagar sidan frå kjempekoslege Torunn med den flotte bloggen Lyst på livet
Du finn den på linklista mi.

What are the 3 things you purchased?
:Hortensia - masse lys(forbruksvare) - siste nr. av Familien med masse gode oppskrifter på eplekaker!


What are the last 3 songs you downloaded?
:Naboen lasta ned 5 cdàr av Charlie Musselwhite (my Mr.Blues)
men eg anar ikkje korleis...



What are the 3 best places you`ve visited?

:Thats easy.. Annapolis - Gatlinburg - Washington.

(Her må eg ta med New York også,sjølv om det vert 4)

What are your 3 favorite movies?
:Flaskeposten - En offiser og en gentleman - Broene i Madison county

What are 3 things you can`t live without?
:Mannen min og familien forøvrig,
maling&penslar
kaffi og røyk...(sanninga skal vel fram her...)



What would be your 3 wishes?
:God helse - få ferdig alle halvferdige rom her i huset - ny USA-tur.



What are 3 things you haven`t done yet.
:Kan nevna 300...eller3000..men veit ikkje kor eg skal starta...

What are 3 celibrities you want to hang out with most?
:Bill Clinton - Jon Eikemo - Thomas von Brømssen



Name 3 things that freak you out.
:Veps - høgde - egoisme.

What are your 3 favorite dishes?
:Røykt sauekjøt med løksaus, lutefisk, evangerkorv med kvit saus.



Name 3 things you are good at
(her har eg bedt mannen min svara)
:Forutsjå korleis ting vil ta seg ut når det vert ferdig, halda hus og hage i orden,
oppussing
(og han svara mange ting som ikkje skal nevnast her)

What are 3 things you currently coveting?
:Hvis eg oppfatta spørsmålet riktig,så veit eg ikkje om noko.
Eg har det så bra som det er.

3fine frøkener frå Skarnes utfordrar 3 "fruer"

Janne i Fagerlia http://jannflat.blogspot.com/
Trollkåno http://trollogting.blogspot.com/
Lykke til!