fredag, juli 30, 2010

Ein liten rettelse…

Astrid (med bloggen Fjordheim) er raus… ho gav meg ein heil dag ekstra,heilt gratis! For ho gjorde meg oppmerksom på at det er juli månad i morgon også, ikkje august slik eg skreiv i innlegget mitt i kveld. Så kva gjer det vel med litt regn og blåst,då… når eg har fått ein heil dag “på kjøpet”? Ha.ha.ha…

Og du, i morgon skal eg bli “REDARFRUE” – me skal nemleg ut til Hellesøy (Øygarden) og kjøpa båt…. Skib o hoi – i neste innlegg!

Eg hadde ein gong ein blogg…

(– men det var i gamal tid,i så gamal tid…)

Nei, ratt så gale er det ikkje, bloggen er her den, om enn noko forsømt!  Og her kjem det eit retteleg maratoninnlegg med både eitt og hitt…

KOM INN :0)

DSCN1316-tile

OG FØL DEG SOM HEIMA :0)

DSCN1319-tile

På Josefs rom har eg laga meg sykrok -

DSCN1285-horz DSCN1102-tile

For slike som meg som ikkje er nokon storsyerske,er eit skatoll alldeles topp til sybord! (Den gamle Singermaskina er altså berre til pynt- Frk.Husquarna står inni skatollet…) Legg ned klaffen,dra fram symaskina,sy deg ferdig, skuv maskina tilbake og opp att med klaffen ; symaskina BORTE! Ryddig og greit! Bildet viser forandringa i denne delen av rommet. Seier meg veldig fornøyd -

DSCN1353-horz

Rolige og avstemde fargar som gjer meg glad kvar gong eg kjem inn her.

DSCN1325-tile

Detaljar frå sykroken min.

DSCN1340-tile

Og den vesle tassen på stolen med kjole og hardangersaum rundt halsen, det er svigerfar – bildet er over 90 år gammalt.

DSCN1355 DSCN1356

Eg sa vel i tidlegare innlegg at Josefs rom var ferdig, men slik var det ikkje når eg fekk tenkt meg litt om… måtte ha litt bokstavar på den gamle senga eg har pussa opp. Foreløbig er det berre skrive på med blyant,men eg skal altså mala det med tid og stunder! Dei som kjenner meg,veit at eg er veldig glad i bokstavar og tal så no er det berre om å gjera å klara begrensa seg med eit heilt hus til rådigheit…

DSCN1361

Sommarfuglar har eg skrive ut på nettet,lagt fleire oppå ein annan og festa dei med natursnor til “kropp”,synes det vart koseleg pynt til lavendelen.

OG ELLERS… TJA…

Siste feriegjesten er ikkje reist endå,men bitte litt maling er det likevel blitt (bestilling som var lova for leeenge sidan,pluss ei gåve)

DSCN1425-horz

Bordkort til eit bryllup. Eg kjenner ikkje brureparet,men håpar på at dei har humoristisk sans då eg fall for fristelsen til å måla dette paret – brura svevar i den 7.himmel mens brudgommen kjem “tesande” etter med sjampagneglasa og lovar gull og grøne skogar…

DSCN1411-tile

Så hadde me ein 50åring i familien,då var det fram med penslane att for å måla værstasjon – det er slett ikkje lett å finna på noko i gåve til ein mann som fyller 50,men denne vart teken godt imot forsto eg.

Og så,heilt til slutt i dette evindeleg lange innlegget:

DSCN1404

FORTSATT GOD SOMMAR – I MORGON SKRIV ME AUGUST!

fredag, juli 09, 2010

Etter den søte kløe kjem den sure svie….

Herlege dagar på Hedemarken er over så no er det tilbake til striskjorta og havrelefsa – eller rettare sagt ; hammar,sag og malingspann….

Men før eg reiste,kunne eg lata att døra inn til Josefs rom og seia FERDIG!!!

josefsrom ferdig

Berre ein liten sniktitt på detaljar idag – kjem att med “fyldig reportasje” når eg har litt bedre tid:0)

detaljar1-vert syskrin-vert symaskin-vert

Korleis det kan passa inn med symaskin og syskrinet her skal de også få veta litt seinare…

Då ynskjer eg alle ei strålande helg! 

DSCN1246-vert