tirsdag, desember 30, 2008

Eit nytt år bankar snart på.

Så står det 1 einsleg dag att av året 2008.

For eit halvt år sidan ante eg ikkje at denne fantastiske bloggverden eksisterte.... det er rart å tenkja på.... Alle dei positive,kreative og fantastiske menneska eg møter her inne er eg vorte så glad i at eg knapt kan tenkja meg korleis kvardagen skulle vore utan.Ein "fast gjeng" har fulgt meg trufast frå fyrste dag,etterkvart er også nye bekjentskap kome til.


Eg set stor pris på å få vera ein del av denne nye,hjertevarme verden der me deler tankar og idear,små og store gleder og alltid får eit trøstande ord om ein treng det. Takk vera alle de som legg att så koselege kommentarar og oppmuntringar,går eg eit lukkeleg nytt bloggår i møte. Eg takkar alle for dei mange koselege stundene de har gitt meg i året som har gått,og ynskjer kvar og ein eit
Godt Nytt År!

søndag, desember 28, 2008

Julegåver

Blandt alle dei mange flotte julegåvene eg fekk,er dette ein aldri så liten
favoritt som eg berre MÅ visa!
Lokalpatriotismen gjer seg gjeldande i to av bøkene."VOSS" er bygda og
bygdefolket sett gjennom ein fotograf sitt auga gjennom ein mannsalder,og
alle 4 på omslaget er barndomsvener av min kjære.
Dette er verkeleg ei "hugsar du...?"-bok.

















"KASTANJETREET" av Ole Didrik Lærum er også ei soge om Vossabygda,slik det var å veksa opp på Vangen etter krigen.Boka har fått fram mange smil og mykje latter hjå oss i jula.

Når det kjem til BERGSLIEN-MÅLARANE,har det ikkje noko med patriotisme å gjera,sjølv om det er vossagutar det dreiar seg om.Dette er kunstnarar på høgt nivå.Boka dreiar seg om dei to som var målarar,Knud og Nils,Brynjulv har fått si eiga bok tidlegare (han har bl.a. laga statua framfor slottet mrd Karl Johan til hest)
Eg er spesielt imponert over Nils sine arbeid,og er heilt "opphengd" i munkebilda han måla.

SJÅ OG NYT!
























Det er så fullt av
detaljar og humoristiske fantasiar at ein må berre gje seg over!Legg merke til han som agnar fiskestanga med frosk for eksempel
- eller kva trur du rører seg i han som står med tjenestejenta...?

Nissane til Nils Bergslien er også noko for seg sjølve...

Utanom munkar og nissar,er det mykje flotte meir seriøse motiv også.Dette er ei bok eg kjem til å ha mykje glede av gjennom mange år!


Enn så lenge,framleis gode romjulsdagar!

lørdag, desember 27, 2008

Tredje juledag


6 kalde grader og sol.

Ein særdeles vakker dag å vakna opp til.

Dette er berre eit lite "testinnlegg" for å sjå om eg kan variera meir på størrelsen av bilda enn eg har gjort tidlegare...det ser faktisk ut til å gå bra...

fredag, desember 26, 2008

Nissefesten

på peisen

held framleis på,3.dagen til ende,med felespel og dans så barnålene fyk.

Husbonden med familie tek livet med ro desse dagane,det går for det meste i lesing og eting...



For den litt eldre Martha med h er det vorte litt for mykje av det gode etterkvart,ho har trekt seg tilbake i gyngestolen med strikketøyet sitt medan ho held eit skråblikk med ungdommen og vippar lett på foten til takten av felespelet...





Linselusa Sigrid snik seg med på dei fleste bilda,ho ser så troskyldig og blyg ut ved første augnekast,men det de ikkje ser er at ho lettar på stakken og blunkar til Sjur med fela både i tide og utide...samtidig har ho eit godt auge til Sigurd med sekken...



Klaus har verkeleg stasa seg opp til festen,med striper i buksa og flettemønster på sokkane skal han erobra damehjertene denne jula!



Det sjølvhogde juletreet kom på plass,det vart ikkje kjøpt nytt.



- men det misbilligande blikket til denne karen seier i grunnen alt...





Pynten går i gull og raudt,slik det har gjort i mange år.


JULAFTAN.
- og på kjøkkenet er det dekka for måltidet som har frista i vekesvis...


Pinnekjøtet fyller heile huset med den riktige julelukta,no er det klart og vel bekomme.



"Svenskane" står på kjøkkendisken og misunner oss.



Etter ein lat og roleg 1.juledag der me var sofagrisar alle mann,får me prøva å vera litt meir sosiale i dag.Det er tid for besøk på sjukeheimen i ettermiddag,og i kveld skal me ha familie til julekveldsmat.



Ha ei framleis god jol!

mandag, desember 22, 2008

Det nærmar seg slutten

på førjulstida...
Eg for min del har hatt 3 travle,men koselege adventsveker.Det meste er unnagjort av det som skal gjerast før jula ringjer inn;


Kakene er i boks,
- silda er på glas,

- rullepølsene ligg i press,

- "sylte" av smalahove er laga,
- pinnekjøtet heng på kjølen,

- frysaren er fyllt til randa,

- julegåvene er i hus,

- og blomar,gravkransar og lykter er kjøpte.

Kornband og anna godt til småfuglane er også hugsa på.

- sølvet er pussa,

- og juleserviset er på plass.

I morgon er det waldorfsalat og golvavask på programmet,og heilt til slutt... skal treet pyntast...
Då er det jul på landet!
Det vert nok eit innlegg og to i melsdagane også,og de som ytra ynskje om bilder av ferdigpynta juletre skal nok få det. Eg skal kosa meg med interiørblad som eg ikkje tok meg tid til før jul,eg har kjøpt garn til lappeteppet og så håpar eg på at det ligg ei bok til meg under treet på julaftan.Med andre ord;eg skal ha ei lang og lat veke i vente.

Nikoline på landet ynskjer alle,kvar og ein,nær og fjern, ei riktig GOD JOL!!!