mandag, august 31, 2009

Hausten bankar på døra…

Det er ikkje til å komma forbi – HAUSTEN er her og i morgon blar me om til september på kalendaren.

   ferien 2009 215-tile

Ei travel veke ventar på meg,og med nokre stemningsbilder utanfor hytta YNSKJER EG ALLE EIN GOD MANDAG OG EI FIN-FIN VEKE !!

ferien 2009 208-tileferien 2009 007-tileferien 2009 168-tileferien 2009 173-tile OG IKKJE MINST ; EIN FLOTT SEPTEMBER !

fredag, august 28, 2009

På ein fredags føremiddag…

SET EG MEG ALTSÅ NED OG HEKLAR GRYTEKLUT….

gryteklutar 001(REF:innlegget igår.)

Ja,ja.. men no ventar vaskebøtta!

EI RIKTIG GOD HELG TIL ALLE, eg skal på hytta (og grytekluten skal få ein make)

torsdag, august 27, 2009

Inspirert av ukebladet Familien

der dei viser gamle gryteklutar.

gamle gryteklutar 002-tile Dette er gamalt “arvegods” etter mamma,og slike kjole-klutar har eg hekla opp til fleire gonger.

gamle gryteklutar 004-tile Men denne mugge-kluten kan eg ikkje sei eg har sett nokon stad anna enn på kjøkkenet i barndomsheimen. Ukebladet inspirerte verkeleg til å prøva å hekla om att ei slik mugge.

gamle gryteklutar 005-tile Den ser “kvit” ut,men eg hugsar godt at dei hadde tre striper i pastellfargar oppe på mugga – rosa,lysblå og grønt. Dette må bli eit lite haustarbeid tenkjer eg…

gryteklutar ************************

Så må eg også fortelja at me hadde det kjempemoro i klubben i går…

klubbkveld 012-tile KLAR FOR KLUBBKVELD…..(???)

utstyr og resultat-tile Det mangla ikkje på utstyret…

 

konsentrasjon-tile klubbkveld 020-tile

Djup konsentrasjon…

lys-tile Utstilling….

klubbkveld 035

klubbkveld 034 Og sjølvsagt må det forevigast…

klubbkveld 024-tile Det lei langt på natt då eg kom heim att med “produksjonen” min…

Torsdagskveld og snart helg,folkens…. !!

onsdag, august 26, 2009

Ein skatt/juvel/perle…

   … i kjellaren – eller berre gammalt rustaskrot ??

SER DU KVA DETTE ER ?

ferien 2009 140 Det er ein stor etasjeovn som i si tid sto i stasstova på Skei (Jølster) og har varma i fleire generasjonar. No ligg den i ei røys i kjellaren på hytta vår, men den er i alle fall teken vare på! Og ein dag – ein vakker dag – skal alle delene pussast opp og monterast.

ferien 2009 142 ferien 2009 144

Engleovn kallar eg den. Og grunnen til det er vel enkel :

ferien 2009 156

ferien 2009 169

ferien 2009 172

ferien 2009 177 Det “kryr” av vakre englar i forskjellige former og størrelsar.

ferien 2009 171

ovn2

Dette er toppengelen… Her kan eg bruka  høgtidsordet VAKKER…

etasjeovn

Slik ser ein etasjeovn ut (bilde frå nettet) men denne har ikkje dei fine englane som vår har….

Men no må eg ein liten tur ut på lyshandel…. Skal i klubb i kveld og då skal me dekorera lys med serviettar og strykejern.Alltid kjekt å komma saman i klubb,me er berre 4 damer,men har hatt klubb sidan me var barn… i over 40 år! Samme gjengen (med ektefeller) feirar alle nyttårsaftanar saman og me prøver også å få til ein sommartur kvart år. Då er me ein sabla gjeng som har det sabla moro kan du tru!!

Så til eit lite tips heilt på tampen ;

Heime att 034 Eg går utifrå at det er mange med meg som samlar blomsterfrø i desse tider…. Eg har tatt bilder og skreve ut på dataen,bretta arket til konvolutt og puttar frøa oppi.

frøposar Enkelt og greit å vita kva frø som er i kvar pakke…

No må eg på lyshandel, me bloggas igjen seinare :0)

tirsdag, august 25, 2009

Ein benk – og litt til…

Først må eg sei at eg blir litt matt (og flau…) over all skryten eg har fått i hytteinnlegga. Sjølvsagt er det kjekt å få  skryt for det ein gjer, MEN ; det er altså IKKJE derfor eg viser det eg held på med på hytta… Eg er ikkje spesielt flink til noko som helst,og det er hundrevis der ute i bloggverden som er mange gonger flinkare enn eg er. Berre så det er sagt…

Så i dag blir det eit innlegg om noko som ikkje er fint i heile teke. Nemleg ein benk.

Ein benk – KUN for godord – har sett sine beste dagar. Dette var det første hagemøbelet me kjøpte oss,min kjære og eg, og me “døypte” den straks for JA-benken. Den har fulgt med oss på forskjellige flyttelass for til slutt å havna på hytta for 11 år sidan.

ferien 2009 184 Oppe i skogbrynet har den stått,sommar som vinter,og dei siste åra er det kun fuglane som har sett seg nedpå ei lita stund.

ferien 2009 003-tile

Den er sliten og trøytt,skakk og skeiv – men me har ikkje hjarta til å kvitta oss med den.Håp for “gjenopplivelse” er ute for lengst.

Eg undrar meg på kor mange liter kaffi det er drukke her…. kor mange vinglas… kor mange kilo stearinlys som er brent ned… kor mange timar i lyse sommarnetter som er tilbrakt på setane her….

ferien 2009 004-tile Draumar,håp,forventningar,planar og prosjekt er utforma her,trøst i sorg og latter i glede sit i trverket….

JA-benken vår skal få stå der den står – til den går tilbake til Moder Jord….

ferien 2009 188-tile

*********************

Og når eg nevner moder jord…. Igår fann eg greipa og gjekk i “potetåkeren” min… du veit: den med 15 settepoteter…. Og sjå resultatet!!

poteter Du hendelse…. ( eg høyrer Gamleheksa ler høgt heilt hit,men pytt heller….) Det vart NYPOTETER- STEIKT FLESK- OG KÅL til middag i går…. og endå er det att poteter til FLEIRE middagar!!

TIRSDAGSHELSING FRÅ STOOORBONDEN :0)

mandag, august 24, 2009

“Samlingsstund”

– ved kjøkkenbordet.

ferien 2009 155

Det er tidleg morgon i august,gradestokken visar 12 grader utanfor,det regnar og skodda heng tung nedover fjellsidene. OG EG STORKOSAR MEG!! Dette er mi tid på året! Mens eg nynnar på “en sommer er over” fyrer eg i kjøkkengrua og dekkar frukostbordet på hytta. Varmen sprer seg i tømmerveggane og me har ei lita samlingstund – me toan – min kjære og eg.

ferien 2009 209

Me utvekslar kva som står på dagsordenen hjå kvarandre, kva me må ha hjelp til av kvarandre i løpet av dagen, pratar litt om laust og fast før me går kvar til vårt. Han snekrar og murar nytt vindfang/bod i kjellaren og eg stullar med mitt som for tida går i vasking og måling. Som sagt så er no all tømmera skura med grønnsåpe, tak/lister/karmar er nymåla, alle møblar har vore ute på terrassen og fått ein real omgang med teppebankaren, koparkjelar og div. skin med nypussa glans og alt av tekstilar er vaska og stroke. “Jau,dette er ferien sin det” seier du kanskje, men det var verkeleg ein god ferie… Ingen av oss to trives så godt med å sitta i sofaen og glo,me må ha litt arbeid på gang. Og når ein styrer tida og tempoet sjølv er det berre kjekt å driva på.

Men me passar også på å ta oss tid til både fisking,håndarbeid og hyttekos. Og “samlingstund” – den er også viktig å ta seg tid til…

ferien 2009 192

Så var det “makeoveren” av bord og stolar som eg skreiv i går… eller “ansiktsløft” om du vil… Stolane var rosa (!!!),ein slags suppe/lakserosa farge.3 strøk med kvitt,(“krem” heiter fargen eg brukar på alt forresten) og så frista det med ein aldri så liten dekor på stolryggen.

ferien 2009 193

Bordet hadde ei nokså ødelagt bordplate,så her valgde eg å behalda understellet originalt og så måla eg bordplata kvit. Det er skuffe under bordplata og her måla eg ei lita påskrift og eine hjørna fekk påmåla nokre egg.

ferien 2009 189

ferien 2009 190

Ein ide eg har hatt “lagra” ei stund etter at eg såg nokre broderte brikker (trur det var brikker) på ein eller annan stad på nettet,vart sett ut i livet i løpet av ferien. Ein linstoffrest og litt restegarn vart til ein liten og sjarmerande duk på det nymåla kjøkkenbordet.

ferien 2009 185

ferien 2009 216

ferien 2009 210

Hønete som eg er,er dette midt i blinken på mitt hønefyllte kjøkken….

ferien 2009 151

Gje oss idag vårt daglege egg…

Og i morgon…. tja.. kanskje det blir om ein gammal benk då, eller ein skatt me har i kjellaren på hytta…

Eg har ikkje fått tid innom på besøk til ALLE endå,men eg kjem smått om senn… inntil dess ; GOD MANDAG OG EI RIKTIG GOD NY VEKE :0)

søndag, august 23, 2009

På hytta.

Ferie på hytta er også kos, sjølv om den ikkje står i ei grøn eng ved Mjøsas vakre bredde… Me er faktisk nesten heima når me er på hytta, berre 20min.køyring.Likevel er det mykje meir ferie å vera her enn i heimen.

Det er litt av kvart å ta tak i her,så me hadde bestemt oss for å få unna litt av alt som skal gjerast mens me har ferie og så kan me heller ha litt roligare helger her oppe utover hausten.

ferien 2009 195 Eg starta med vasking og skuring av stove og kjøkken. God gammeldags grønnsåpevask gje silkemjuke tømmerveggar og som ein ekstra bonus luktar det reint i vekesvis!

 ferien 2009 114

Levande lys mot tømmeret = hyttekos i augustkvelden.

Så var det fram med maling og kostar for å ta småtteri som som står att,litt her og litt der… som egentleg er fort gjort når ein berre set i gang,men som har blitt utsett og utsett …. “neste helg MÅÅÅ eg ta det og det…” – og så blir det ikkje gjort i løpet av helga likevel.

Glaskarmar og lister gjekk frå grønt til kvitt denne sommaren. Så mykje lysare og kjekkare det vart! Då alt skulle inn att i stova,vart det ommøblering også.og alt som fylgjer med det (flytting av lampettar,TV-antenne osv.) Då stova var ferdig,sto kjøkkenet for tur. Litt av ein jobb,men no er det gjort og eg GLER meg til å komma opp att til 2 heilt ferdige (og reine!!) rom!

ferien 2009 150 ferien 2009 161

VINDUSVASK PÅ HYTTA

- er ikkje gjort i ei håndvending må du tru! Med gamle 3-fags kobla vindu er den jobben rett og slett eit herk! 46 vindusflater talde eg det til berre i 1.et. og det gjekk ein heil dag før jobben var gjort! Eit strøk med maling var det behov for  på kjøkkenvinduet også,og ein ting dreg  andre ting med seg… i alle fall hjå meg…

ferien 2009 136 Med blankpussa,litt buklete og munnblåste ruter og nymala karmar – ja – så MÅTTE det nye gardiner til også! Å henga opp att dei gamle rosete gardinene var ikkje fristande i heile tatt!

Så vart det ny tur på Vangen – og nye gardiner (og prisen vart langt på veg til eit nytt vindu,men…) Kremfarga lin med nydeleg broderi inntil nyskura tømmervegg – Gjet om eg kosar meg på hyttekjøkkenet no?

ferien 2009 138 I morgon skal de få sjå kva eg har gjort med kjøkkenbordet og stolane….

ferien 2009 191

Ha ein super søndag!

ferien 2009 131