mandag, juni 29, 2009

Nesten i koma….

Etter fleire dagar med tropevarme og ei helg i sus og dus,er dette ein skikkeleg BLÅMANDAG! Det er ikkje ein einaste centimeter av kroppen som funkar som den skal i dag…….

Bortsett frå varmen( kun for MIN del!) hadde me ei fabelAKTig helg saman med gode venner.Fredag var det hotellovernatting før turen gjekk vidare innover Sognefjorden for “innvielse” av ny hytte på lørdag.

juni 006juni 003  Hytta var KJEMPEFLOTT og utsikten går det ikkje an å klaga på her!! (“Hyttevertinna” får bera over med at det likevel vart med heimesnekra,provisorisk vindskjerm på bildet…)

juni 022 Og ikkje kunne nokon klaga på maten heller! Me grilla og kosa oss,og på grillen hadde me både fisk,scampi og svineribbe med godt tilbehøyr. Natta var lys og varm,latteren sat laust mellom 8 gode venner og ingen (nesten ingen) såg behovet for å gå og legga seg….

juni 013 Frå hytteterassen med utsikt mot Leikanger og Hermannsverk.

juni 004 Og utsikta frå terassen mot Balestrand.

Tusen takk til G+T for at me fekk ei slik flott helg på den nye hytta ,og tusen takk for ei flott helg til resten av “gjengen” også!

juni 011

Men i dag er det MANDAG kjenner eg….

Eg får prøva å halda ut både varmen og dagen i min komaliknande tilstand og håpa på at ein eller annan kroppsdel fungerar når kvelden kjem.

PUUUH….

onsdag, juni 24, 2009

Ein god junidag!

NY PAKKE I POSTKASSA!!

Eg var så heldig å vinna i 1årsjubileumet til Lyst på livet og GJET om eg er glad for gevinsten!!? Lurar faktisk på om TORUNN er litt synsk,eg…. På ønskelista eg skal ha med på ferie,står “EVIGHETSKALENDER” øverst – men no kan eg stryka over det for eg har fått ein slik !! Tjoho!! – og i akkurat fargar og stil til mitt landlige kjøkken… TUSEN,TUSEN TAKK Torunn! Eg er KJEMPEFORNØYD!!!!

juni 003-tile Du skal få ein stoooor klem om me møtes i Notodden. Ja,for sjølvsagt skal eg på bluesfestivalen som du spurde om! Set du ein nellik i hatten så eg kan kjenna deg igjen?? Forresten;me må vel byta ut nelliken i ei sart rose i ekte bloggarstil… med litt blonde rundt…

juni 002-tile Nydeleg innpakning – delikat kort – og så var minsanten blyanten med også…! Ho-ho-ho… (dette er ei litt intern sak som kun dei som les begge våre bloggar OG kommentarane forstår…)

juni 005-tile Som sagt; KJEMPEFORNØYD! Her har den fått plass på veggen.

*************************

 juni 068

Me må sei oss fornøyde med framdrifta av “Gatehuset” også. Det minkar på malingsarbeidet så snart kan me ta fatt på alt ROTET som er samla opp langs alle veggar…

juni 057

Svigerfar er godt kjend som litt av ein TUSENKUNSTNAR rundt om i bygda – han har vore svært dyktig med stort sett alt,og ein ekte “handyman”.Det han har hatt bruk for har han sett som ei utfordring å få til sjølv, og hengsler/håndtak osv. er ikkje noko unntak.

juni 002-tile På snekkarverkstad/garasje/uthus er det 7 dører med solide,heimesmidde hengsler og håndtak.Er det ikkje FLOTT??

Nei,no kan eg ikkje sitta her og “skravla” lenger – sola skin frå skyfri himmel og eg vil UT!!

kalendar HA EIN SUPER DAG!

mandag, juni 22, 2009

ENDELEG er eg i gang -

- med eit etterlengta bølgeteppe!!!

På hytta skal me laga eit nytt,lite rom. Når slike ting er på gang,ja… er Nikoline på gang også! Lenge før den første spikaren er spikra,har eg brukt timevis med studering og planlegging… fargekart og rutepapir har vore i flittig bruk. Når fargane er 100% sikkert,set eg i gang med “prosjekt” til det rommet som ein gong skal verta eit rom… Tidlegare var min kjære nokså oppgitt over det at f.eks.gardinene var ferdige før glaset var kjøpt,men han har etterkvart forstått fordelen med det!

bølgeteppe

For det første kan eg planlegga (ein veldig viktig ting i prosessen…)og kooosa meg med ting som skal gjerast, og for det andre er det VELDIG kjekt når den dagen kjem at rommet har fått siste malingstrøk,då har eg alt fixferdig av det som skal opp på veggar osv. Då er det berre kos og dandering…

Fargane som til slutt vart bestemte til dette nye rommet er lys,lys gråblå – grå/beige – og kvitt. For ei god stund sidan bestemte eg meg for å hekla bølgeteppe til dette rommet,men det har vist seg å vera dønn umuleg å oppdriva ei oppskrift! Heilt til Torunn (Lyst på livet) kom til unnstning…

juni 003 Så no, ENDELEG, er eg i gang! Masse restar av diverse garn vart rota fram frå skapet,det er både ull og bomull,men eg synes ikkje det gjer noko til eit slikt teppe.Opprekksgarn,labbegarn osv…. Teppet skal henga på ein stige (har ikkje stige endå då,men….)

gardin og bilde Hekla gardiner med lange gammeldagse frynser…

varmeflaske Strikka trekk til varmeflaske…

Jaudå,det meste er på plass no… BERRE ROMMET SOM MANGLAR :0)

juni 002

Då ynskjer eg alle ein fantastisk mandag og ei god sommarveke!

søndag, juni 21, 2009

Ei midtsommarhelg -

- går mot slutten -

juni 060-tile

OG EG HADDE IKKJE GLØYMT GAMLE KUNSTER….

krans Bind deg ein blomekrans,kom so til leik og dans… I helga sanka eg markblomar og batt ein fantastisk krans.Det er fleire år sidan sist,og eg hadde nesten gløymt kor fint det er. (og kor moro det er…)

juni 080-tile Så vart det plukka markjordbær på strå,akkurat som før i tida det også,og dei første er alltid best… i år som i fjor…

juni 056 - og i år som i fjor og året før det – og før det… faktisk sidan 1976… !! vart det laga sommarfuglkake til han som fyllte 35 år. Ingen gebursdag utan at bløtkaka er pynta til sommarfugl. Første gongen var på 2års-dagen hans,så dette må kunna kallast TRADISJON!

juni 064-tile Det har vore ei flott midtsommarhelg,strålande sol,blomsterkrans og kake,og dagen i dag vart avslutta med å gå på åpninga av “VEKO” (ekstremsport) for å sjå på dei ekstreme oppvisningane av fallskjermhopparar og paragliderane. Og det endelege punktum vart med ein DIGER SOFTIS frå mixkiosken!

Då skulle ein vera godt rusta for ei ny og utfordrande veke vil eg tru….

juni 062-tile

MIDTSOMMERNATT. SE DANSEN GÅR!

Å DEN SOM VAR TYVE ÅR!

Nils Collett Vogt

torsdag, juni 18, 2009

Mønster…

Ser at det er både 1,2,3 og 4 som ynskjer mønster på heklahettene eg viste tidlegare i dag,og for å gjera det enkelt så svarar eg med eit innlegg.

Eg fann ikkje noko mønster,har berre sett dei rundt om på div.bloggar,men det eksisterar sikkert eit mønster ein eller annan stad. Skal prøva å forklara så godt som eg kan ;

MØNSTER I ein luftmaskering hekla eg 6 fm (fastmasker)

2.omg: 2fm i kvar m = 12m

3.omg: 1fm,2fm i neste m,1fm-2fm i neste m omg.ut=18m

4.omg:2fm,2fm i neste m osv =24m

5.omg:3fm,2fm i neste m osv=30m

Fortset med å hekla med 1 m meir mellom dei 2 for kvar omg.til det dekkar loket på toppen,då heklar du fm i kvar m utan å auka meir i nokre omg til det dekkar kanten på loket.

På desse kvite hettene har eg avslutta med ein enkel kant av luftmaskar. 5lm,hopp over 1m,1fm i neste,5lm,hopp over 1m osv omg. ut. På to av dei rosa hettene har eg hekla 5 stavar,hoppa over 1m,1fm i neste m,hopp over 1m,5st i neste m osv omg. rundt.

SOMMARHETTER Det er vanskeleg å sei nøyaktig antal omg. då det kjem an på kor stort loket er. På nokon har eg slutta å auka når eg hadde 4 fm mellom dei 2,og på nokon har eg 7 fm mellom aukinga før eg begynte på den rette kanten. Men om du er litt van med heklekroken,trur eg du skal klara å forstå “mønsteret” sånn noko lunde…

Lukka til :0) 

Hekleri – heklera…..

Det verserar ein del slike hekla hetter til glas rundt om på div.bloggar,og eg er blitt “smitta av basillen”…

glashetter

Slik ser mitt bidrag ut. Dette er glas som skal stå på arbeidsbordet på hobbyrommet.

innhald Litt forskjellig innhald -

rosepynt - og litt forskjellig pynt på toppen.

blondekant1 Passande sommararbeid dette… no skal eg laga nokre i kvitt som skal stå på kjøkkenbenken, og dei neste blir i grå/beige til haustbruk.

KVA HAR DU AV HANDARBEID I SOMMAR?

onsdag, juni 17, 2009

Eg har så frekke,freidige og forvetne naboar!

Det er eit tilårskomme ektepar som finn seg til rettes akkurat som det passar dei! Igår kvapp eg så fælt då eg kom inn på kjøkkenet at eg hoppa nesten i taket og det vart nokre HØGE dansetrinn rundt min eigen akse… Eg ante fred og ingen fare der eg kom, og på fillerya spankulerar  den gamle nabofrua rundt som skulle det væra den største selvfølge i verda… med drueklasen spreidd rundt om på golvet. Eg fekk samla beina att etterkvart og snakka høgt og sint om “at dette synes eg er for frekt,ha deg ut att altandøra der du kom inn!” Ho tok hintet… og ute på altanen sat gemalen i korgstolen min og fortalde frua si at han synes det er EG som er frekk…!!

skjorer Han på si side hadde fordreve ventetida med å hiva ALLE stemorsplantane ut or krukka dei stod i,dei låg strødd rundt på altanen,avbrekte og fulle av jord…. og sintare vart eg! Det låg noko blankt nedi krukka nemleg,og dette naboparet stjel alt som blenkjer om dei får sjangsen.

fuglebad Dagen før hadde eg eit innlegg om dei flotte rosene som sto i blomst,hadde fyllt fuglebadet og pynta,og kva trur du skjedde? Naboane fann seg slett ikkje i at det skulle vera roseduftande bad,så dei heiv ut rosene og plukka dei i fillebitar utover plenen. No var det pynten sin no!

juni 022 Jau,du… det er litt av noko naboar å ha! Likevel har eg portrettert dei opp til fleire gonger… eg har malt dei på ei dør, på ei gammal sag, på ein gradestokk osv. Veit ikkje heilt om dei har fortjent det.

Trur ikkje det hjelper med underskriftskampanje for å få dei vekk frå nabolaget heller,dei bryr seg ikkje om kva me andre meinar,nemleg. Dei bryr seg i det heile svært lite med det meste.

AV OG TIL SKULLE EG YNSKJA EG VAR EI SKJOR EG OGSÅ…

mandag, juni 15, 2009

Ein strålande junimorgon!

Ei ny veke er så vidt starta, midt i juni og sola skin frå skyfri himmel. Då er livet godt å leva :0)

juni 014 Ein nesten berusande lukt frå dei første utsprungne rosene gjer også sitt til at det er ein fantastisk morgon! (dessverre har eg fått lus på desse rosene,så inntil eg har fått sprøyta dei må eg nøya meg med å ha dei utendørs..)

juni 018 juni 015

Flammentanzen visar to raude roser i dag,den eine var så høgt oppe at eg måtte ta bildet gjennom stoveruta,og ser no at det vart slett ikkje eit bra bilde.Men i lukka over at rosene blømer,får det passera for denne gong…

mai 09 154 Og i “gatehuset” som nokre av bloggarane har døypt det,er det laaaangt til eg har fått hagen på stell. Som de ser er det litt av ein jobb å ta fatt på når det har vore forsømt i over 20 år… Svigerfar gjekk laus med Rundupen på alt som kunne ligna blomar i si tid,men nokre stakkars lupinar har helde stand.

mai 09 153 mai 09 165 Og ein Skogskjegg prøver febrilsk å kava seg fram ved komposten…

Det er ein stor hage å ta fatt på her også,og for å gjera det enkelt sådde me plen på det meste for nokre år tilbake.Då slepp eg ialle fall tenkja på vatning i løpet av sommaren. No er eg så smått begynt å tenkja på “hagerom”-oppdeling,men er ikkje kome så veldig langt i planlegginga…

juni 001 Det einaste som er HEILT sikkert,er at ut frå dette uthuset blir det drivhus av gamle glasruter.Det blir ikkje så veldig lenge til trur eg.

juni 017

SÅ YNSKJER EG ALLE EI RIKTIG GOD OG FIN JUNIVEKE!

fredag, juni 12, 2009

Med hatten på snei -

- i nordavinden,vart det berre litt halvhjerta ugrasplukking i ettermiddag. Været er flott,men kva hjelper det når det er så sur vind? Ugras kan berre vera ugras for meg,eg trekkjer inn i sommarstova og set meg godt til rette der med heklinga i fingrane istadenfor… Det er ikkje dør her,men det er likevel 19 varme grader inne,så då går det fint an å opphalda seg slik halvt utandørs.

juni 013-tile Og med dei nye møblane kosar eg meg storleg. Gode å sitta i, lette å flytta på og vedlikeholdsfrie. Det einaste MENèt er dei kvite putene…. trur nok det må bli eit trekk på dei før dei er blitt svarte….

hagemøblar1 Hekleteppet er ein saga blott…. det er blitt til 4 sommarputer i staden for.

utanfor Litt tomt er det her inne endå,ventar på masse geraniumplantar som skal få pryda glaskarmane etterkvart… Men erteblomsten veks og trives,her i godt selskap med ein gammal koffert og ein rusten kandelaber.

pynt I hagen utanfor er det frodig og grønt og rosehagtornen står i full blomst.

Men no er det snart på tide å få ordna i stand gjesterom,så eg får legga vekk både hekling og datamaskina for i kveld trur eg…

juni 008 Ha ei riktig god helg,mine vener :0)

PS: hm… no er det Elvis… gjesterom må stå på vent ei stund til..

Klokka er slagen tolv…

og auksjonen er over. Men dette ga meirsmak!! Eg må med handa på hjarta sei eg synes klokka vart vel dyr,men såååå moro det var med auksjon!! Det freistar til fleire slike…

Og den som “gjekk av med seieren”,vart STRIKKEBESTA- Kristin- eller rettare sagt; mannen i hennar liv har bydd. No veit eg at Strikkebesta har gebursdag i slutten av denne månaden,så kanskje det er presang frå din kjære? Klokka hadde ein utropspris på 400 kr. og gjekk for 800, altså dobbelt opp… Som sagt synes eg det er i dyraste laget,så eg skal sjå om det vert noko småtteri å legga ved. Dette vesle skiltet f.eks…. Har du lyst på det?

juni 050 ************************

I går hadde eg ein riktig god “GJORT – MASSE-DAG”….

Eg sydde nye gardiner til vindauga mot gata i huset som står tomt (det såg så trasig ut slik det var…) -

damask - eg dekorerte ei gammal gullfarga blomsterpotte med maling og decopage (til det samme vindauga)

blomsterpotte - eg hausta den første sprø,herlige reddiken og brukte den i salat, eg kokte saft av 8 kg(!) rabarbra (og det tok verkeleg laaang tid!), og eg måla hus om kvelden!

første avling1 I dag er det ein riktig dårleg “FÅR-IKKJE-GJORT-NOKO-SOM-HELST-DAG”!  Ein slik dag som mor mi kalla BODLEDAG… og som svigermor sa; “dagen gjekk vekk i “vetlaputlo” (ho var frå Arna) Jaja… kall det kva du vil,men riktig irriterande er det uansett med slike dagar ein ikkje får noko ting frå hendene…

Til helga startar feriegjester-sesongen her i huset,og då går det slag i slag med sommarens gjester fram til me sjølve skal ha ferie i slutten av juli.

Det vert kanskje eit innlegg til her før dagen er omme,for eg kom akkurat på at de skulle få sjå dei nye hagemøblane våre.

Då ventar eg med å ynskja god helg til i kveld.. Og til Strikkebesta-mannen; tusen takk for handelen! Send meg ein mail med navn og adr. så får du snart pakke i posten :0)

juni 011

(bak peonen skimtar du så vidt litt av dei nye møblane)

GOD DAG VIDARE ALLE SAMAN!