onsdag, februar 24, 2010

Bloggpausen varer ved…

– men føler eit aldri så lite behov for å gje eit livsteikn og sei at alt STÅR BERRE BRA TIL med meg…! Det er TIDA som ikkje strøkk til nett no…

Men det går då framover i gatehuset ser du :0)

ARBEIDSROMMET MITT:

 DSCF8244-vert DSCF8284-vert

DSCF8302-vert

ETTER-BILDER kjem kanskje snart…..

Ha ein fortsatt fin vinter, og så kjem eg att for fullt heilt plutseleg…!!!

søndag, februar 14, 2010

Bloggpause inntil vidare…

DSCF8242-horz

Nikoline

fredag, februar 12, 2010

Det eine fører til det andre -

  - og blogging sto ikkje på agendaen idag….

Før helgevasken skulle gjerast,var eg i kjellaren og henta opp to store stampar med plantar som har overvintra inne. Dei skulle få stell,jord og vatn og få komma fram i dagslys. Då det var Afrikaliljene sin tur måtte eg berre henta fotoapparatet,for verre enn dette har eg ikkje sett det!

DSCF8237-horz

Ikkje ein tøddel med jord att, berre kvite røter og utan fnugg av næring,stakkars… Synes nesten det er rart at dei har overlevd. – Fann ut at eg måtte dela dette “synet” med mine kjære medbloggarar… og då måtte eg også inn i arkivet for å finna eit bilde av liljene slik dei var sist sommar.

DSCF8240-horz

No er dei komne i provosoriske avispotter og står og solar seg i vinduskarmen med masse ny,næringsgivande jord og så får eg håpa at dei ser slik ut som på bildet under her om nokre månadar…

sommar 2028-vert

Men sjølvsagt så vart eg sittande her ved dataen og drøyma meg fullstendig bort då eg var i “sommararkivet” mitt…. Roser,hortensia,klematis,peonar… åååå – så mykje fint me har å sjå fram imot..!!!

Fann også eit bilde (eller forresten,maaange) av kjærastane mine som eg synes er så fint… de kan få ein titt de også…

Tore og Argon 09 002-vert

Og sjølv om eg ikkje burde – eg dristar meg til eit drøymebilde til frå sommaren ifjor…

 sommar 2017-horz

Men no er det bøtteballetten som gjeld….

God helg!

onsdag, februar 10, 2010

Slekt skal følge slekters gang…

– I 30 år har eg hatt slektsgransking som ein kjær hobby, og eg er så heldig at eg har ein del historie med meg frå mange av mine forfedre/mødre. I tillegg har eg også saker og ting som har gått i arv i mange,mange generasjonar,noko eg set stor pris på. Det første eg tok fatt i då eg starta med slektsgransking var røtene mine tilbake på morssida. Der var det mykje Jens`ar og Jensine`r å finna.

Då eg nokre år seinare tok fatt på farsslekta og nordlandsblodet eg har i årene,vart eg veldig forundra over navnebruken nordpå. Navn som eg har forbunde med nyare motenavn (spesielt jentenavn) har eg i slekta mi frå 17 og 1800-talet! Eit lite eksempel :

Maren Cathrine, Pernille, LisaBeth, Petrine, Henriette, Josefine, Caroline, Sofie, Fredrikke, Antonette, KarenDorthea,Margrete osv..osv… i tillegg til mange Nikoliner og Nikolai`ar. På mannssida er det ellers navn som Daniel, CarlPeter, Wilhelm, Christopher, Carolius, Christen og Bing. 

Farmor og farfar var

Nikoline Kristine Henriette og Haldor Kristian Mathias !

sveipa boks-vert

Det eldste eg har i mi eiga etter forfedrane på farssida er denne sveipa boksen.

Tipp-tipp-oldefar, svenske Carl Peter Sjølander f.1765 eigde denne. Den har framleis originalmålinga og årstalet 1791 på.

DSCF8230-vert

Denne vesle kista (eller skrin om du vil) fekk eg som dåpsgåve.

Tipp-tipp-tipp-oldemor Pernille Tønder Danielsdtr. f.1782 var første eigar. Så gjekk den til Nikoline Antonette, ny Pernille,så Petrine Nikoline, vidare til Nikoline Kristine før den havna hjå meg i 1956, 6.generasjons eigar.

Men det mest spennande synes eg,er lommeuret etter tippoldefar…

DSCF8214-tile

Nikolai Eilert Johan f.1846 Lommeuret er ikkje noko spesielt i seg sjølv, det er når eg åpnar opp loket på baksida fantasien rasar i veg…

DSCF8214-tile-tile

Cylindre og Huit Rubis er ganske greit, likeså 11733 (sikkert klokkenr) for det er stempla inn. Så kjem navnet til tippoldefar inni loket,og Moflaget,også enkelt og greit då han budde på Moflaget på Lurøy. – MEN -  rundtom langs kantane er det gravert inn masse initialar og tal (heimegjort) som f.eks. 2848HV… 30/95 F., J.O. 56, 1450L `…

DSCF8220-tile

Eg skulle gitt mykje for å fått ein dag tilbake i tid for å finna ut av mykje og mangt! No er det eg som er eldste generasjon og eg er veldig,veldig glad for at eg fann interesse for slektsgransking i ung alder då eg hadde både ein og to generasjonar å forhøyra meg hjå. Det eg ikkje finn ut av heretter blir berre spekulasjonar og fantasi.  Slik som med alle “kodane” inni klokkeloket til tippoldefar… Av bokstavane og tala kan eg laga eit hav av historiar – men eg kan ikkje skriva noko av det ned då det ikkje er noko anna enn – nettopp- fantasiar! Alt anna er sirleg og pynteleg bokført til kommande generasjonar…

DSCF8221-tile-vert

Kjenner du til dine røter? 

torsdag, februar 04, 2010

Eg lærer visst ALDRI !

Huset flyt snart over av fargekart,brosjyrer og husteikningar (samt alle mine 10-talls skisser!) og det går snart heilt i surr for ei stakkars sjel…

Mens min kjære er i riving/snekkar/røyrleggarbransjen hoppar eg rundt frå golvbjelke til golvbjelke med armane fulle av fargekart,brosjyrer og stoff og stiller stadig samme spørsmålet : Nett sjå her litt då – synes du dette er fint…?? Og han (stakkar) ligg på knea,snur litt på hovudet og svarar “Ja,det der blir nok fint!”  Eg er sikker på at om eg hadde helde opp ei gammal truse og stilt samme spørsmålet,hadde svaret vore akkurat det samme : Ja,det der blir nok fint…

No er det arbeidsrommet mitt i Gatehuset som opptek tankane, og eg trur det meste er på plass (i hovudet) Panelplater,perlestaff,ligg klare og ventar på stigande temperatur før me kan få dei på veggane og alle fargar er klare.

golv-veggfargar

Golv blir grått og “værbitt”, veggane i “pudder”, tak/listverk/møblemang i kvitt.

Og samme søren kva eg driv med – så lagar eg meg så uendeleg mykje arbeid!!! Eg skulle sy trekk til madrass og 3 ryggputer slik at det ligg klart når arbeidsrommet er ferdig. Grå lin, heilt enkelt. Men kva trur du skjer….? Det vart for lite arbeid, så fort ferdig liksom… Fram med garn og heklekrok!

puter i benk puter

Kvar ryggpute er 65x65cm. så no er det på àn igjen med eit par meter hekla blonde. Det er ikkje lenge sidan sist og eg lova meg sjølv at det skulle bli leeenge til neste gong – men eg lærer visst aldri -

 

Noko anna som skal opp på veggen på arbeidsrommet, er ein kjær “skatt” eg har etter pappa.

arv

Dette bildet hang på kontoret hans i mange,mange år og han var så glad i motivet. Han kalla det “ekte glede”. Den vesle guten som har fått nye sko trur eg pappa identifiserte seg med. Han vaks opp på Helgelandskysten i ein søskenflokk på 11, og han var ikkje meir enn 14 år då han måtte vera med og ro Lofotfiske. 16 år gammal reiste han heimanfrå for å vera med på gjenreisinga av Kirkenes etter krigen. Det var ikkje så romslege kår vil eg tru,og gleda over eit par nye sko var nok stor og ekte. For oss er det ein selvfølge…

DSCF8206

Dette vesle,billige bildet er noko av det mest dyrebare eg har etter min snille,gode og kjære pappa, så det blir det første som skal på veggen på arbeidsrommet.

  - Nei,no skal eg “studera” på baderomsfliser, så de får ha det så bra. Eller som Linda Eide seier det – “ og du, ha da då du”

DSCF8201-tile

Nyt dagen :0)

TILLEGG :

Gjet om EG skal nyta resten av dagen !!!!!

Melding frå Haukeland ;

“ Jeg er erklært FRISK, skal ikke ha cellegift og er SÅ GLAD! Nå skal jeg sove,det har jeg ikke gjort i natt…. Er så glad i dere! Stor klem” – frå storajento vår! Jippi..!!!!

onsdag, februar 03, 2010

Ei utfordring

Punkt 1: Tusen hjarteleg takk til alle som hadde meg (oss) i tankane ang. storajento vår! Hittil har alt gått bra og svar på dei siste prøvane får ho i morgon.

Punkt 2: Eg har ikkje hatt tid til blogging den siste veka så det har vore dårleg med besøk og kommentarar hjå kjære medbloggarar,det er berre å beklaga!

Punkt 3: Oppdaga idag at eg har fått ei utfordring hjå Rosa Univers (og det er visst ei heil stund sidan….) så den må eg sjølvsagt ta! Tusen takk,Rosa!

Utfordringa går ut på at eg skal gå inn i mappe nr.6 og finna bilde nr.6, og då havna eg på soverommet…

Til bloggen 068

Og når me først er der inne,kan me jo sjå litt nærare på nokre små detaljar der også sjølv om det er fleire som har sett dei før.

Til bloggen 065  Til bloggen 041 Til bloggen 101 vaskepose sommarhatt 1

Her hjå oss held me framleis rekorden i heile landet ang.kulde! Ingen ting å skryta av synes eg,no er eg lei av å bera ved og fyra,lei av å frysa og lei snøen!! Det einaste gode med denne kulden er at sola skin omtrent kvar dag,og eg har den inn på kjøkken og stove frå kl.11 på formiddagen så akkurat DET er jo eit stort pluss.

Til bloggen 066

Ein annan kjekk ting er at eg har fått så mange koselege e-postar den siste veka! Ei dame ville ha hjelp til å finna ein spesiell kjole (og DET fiksa me jo lett opp i her i bloggverda!),ei anna dame ville ha mønster til bølgeteppet mitt, ein mann sende mail for å skryta av malinga mi,ein annan mann sende opplysningar ang.eit fat eg hadde spørsmål rundt ifjor. To har sendt koselege mailar berre for å sei dei likar så godt bloggen min,og Salige Lavendel sende mail om at ho har sendt ei lita gåve til meg i posten. Alt dette opplever eg kun fordi eg våga meg inn i bloggverda for 1,5 år sidan og eg er sååå takknemleg for å vera ein del av dette!

Takk!