onsdag, september 22, 2010

Eit langt lerret å bleika…

Då eg slo på maskina  no durar det verre enn eit treskeverk,så me får sjå om eg kjem igjennom eit lite innlegg eller ikkje før det kolapsar heilt her…

I alle fall var det ikkje noko veldig viktig eg hadde på hjarta – kun eit lite tegn på at eg framleis eksisterar her i blogglandia…. og så vil eg visa deg nokre gamle komfyrdeksel som er blitt “nye”:0)

DSCN1898

Men det var litt av ein prosess – det var lakka kopar i utgangspunktet – og lakken var flassa og gul… (og som vanleg gløymde eg heilt bort FØR-bilder)

DSCN1896

* pussa og salmiakkvaska

* grunna med heftgrunn

* eit strøk lys grå måling

* svamping med blanding av svart/kvit måling

* svamping med mørk grå

* grafittsverte vart gnidd på kantar og håndtak

* lakking

DSCN1897

Vart godt nøgd med resultatet,sjølv om det ,som eg skreiv i overskrifta, var eit langt lerret å bleika…No skal dei bli med i nytt hus på ny,kvit komfyr -

*************

På fredag skreiv me kontrakt med huskjøparane så no har me fått ein endeleg dato og forhalda oss til…. huset skal vera tømt og nedvaska til 1.november… Og me feira sjølvsagt standsmessig etterpå - (me hadde 2 ting å feira faktisk, samme dagen var det 37 år sidan me ringforlova oss!) – bringebærterte på papptallerken – på serviset skal storfolk kjennast!!

DSCN1883-tile

*************

På Junibakken er ovnane både på kjøkken og i stova komme på plass,og me har allerede testa om det er varme av dei:0)

DSCN1867-tile

Med god varme ynskjer eg alle ein fin-fin dag og takkar så masse for alle gode kommentarar de legg att hjå meg! Tusen takk!

(Og datamaskina durar i veg framleis….)

fredag, september 10, 2010

Høner på luftetur

Hugsar de eg skulle sy meg velkommen-høner?

DSCN1819-tile

I dag har dei fått lufta seg litt – berre for å bli foreviga før dei skal pakkast ned i ein mørk kartong…

DSCN1814-tile

I grå lin og med blonde og hjerter til pynt,vart dei retteleg STASHØNER…( hyssingen skal bytast ut når eg finn noko bedre alternativ. )

DSCN1821-tile

Bratte i ryggen og med skarpt blikk skuar dei nedover til sin nye heimplass på Junibakken…

- Og på Junibakken går det PÅ FRAM -

DSCN1802-vert

Slik vart golvet, beisa 2 strøk med tyrilin “Varg” og 3 strøk med lakk over, vart det som silke. Glasa er også ferdige ser du, foringar og listverk er komme på.

No er det eit nytt prosjekt på gang – men det skal du få sjå meir av i eit seinare innlegg.

DSCN1810-vert

Eg takkar varmt for alle besøk, teljaren tikkar mot 40.000 besøkande, og eg set umåteleg stor pris på alle dei fine og gode kommentarane de gje meg! I seine kveldstimar (då eg helst burde sova…) tassar eg rundt på stille tøfler her i blogglandia og ser kva de andre har hatt på agendaen i løpet av dagen. Så om de ikkje høyrer noko frå meg i desse oppussingstider så skal de veta at eg er innom til kvar og ein på lenkelista mi :0)

DSCN1824-tile

God fredag og ei fin-fin helg til deg!

onsdag, september 01, 2010

DAMA i røyken…..

Så er den her ,mi favorittårstid!

DSCN1793-tile

Stemningsbilder frå mi favorittårstid geskjeftiga med min favorittsyssel… (DET var då voldsomt…!!)

DSCN1760-vert DSCN1795-tile

Under denne bjørka står eit bitte lite hus som eg kjem til å sakna stort når eg flyttar! (-og røykjehus hadde nok fort fått sparken i eit gammalt,ærverdig villastrøk vil eg tru…) Enn så lenge har eg altså røykjehuset mitt, og dette er sannsynlegvis siste gongen eg fyrer opp den gamle Jøtulen….

DSCN1763-tile

Godt med sprake (einer) må til for å få god røyk,ellers fyrer eg med orreved og flis frå orr.

DSCN1765-tile

Her har dama fått det til ser du – røyken siv ut under torvtaket og gje ei lukt i den klare haustdagen som ikkje kan beskrivast – den må opplevast!

DSCN1788-tile

Eg tuslar litt rundt i hagen mens eg “voktar” ovnen, og ser tydelege spor av vakker haust overalt.

DSCN1784-tile

Gullriset blømer over gjerdet, og på denne tida likar eg også gule blomar…

DSCN1777-tile

Epletreet har ikkje så veldig masse frukt i år,men dei epla som er der heng raude og fine. Ein blomkarse har titta opp,det er ein “einstøing” i frå fjorårets sommar som har overlevd vinteren antakeleg – eg har i alle fall ikkje sådd noko i år…

DSCN1764 DSCN1765

Men no må eg passa ovnen så det ikkje sloknar for meg, og sender ein god hausttanke til alle som er innom på besøk her hjå meg!

GOD SEPTEMBER :0)