onsdag, desember 29, 2010

Har du fine romjulsdagar?

– det har i alle fall eg… men det er for kaldt dette her! Det går hardt utover vedlageret og sofaslitasjen er stor!

No er datamaskina mi tilbake frå verkstad, lydlaus og flott! ( den dura og bråka noko forferdeleg,så den har vore til rep. i Kongsvinger – reklamasjonsrep.) Eg fekk jo ikkje lagt ut julebilder slik eg ønska,så i dag skal de få eit billedras frå julepynta heim… Orkar de det,eller….?

Forresten ; dette er eit aldri så lite innlegg til heile REGNSKAPSAVDELINGEN PÅ NOTABENES HOVEDKONTOR som fylgjer bloggen min (nokon har “sladra”..ho.ho.ho..), sååå kjekt!! Og nokre kommentarar har eg også fått frå trivelege damer på kontoret, set STOR pris på det :0)

Vel, her kjem litt av jula på Junibakken -

DSCN2385-horz  DSCN2405-vert    DSCN2461-horz DSCN2429-vert DSCN2435-horz DSCN2432-vert DSCN2423-vert DSCN2457-horz DSCN2456-horz

Heng du framleis med..? Då vil eg i så fall ynskja deg fortsatt fine romjulsdagar (eller melsdagar som me seier her i bygda) og takka for alle som besøkjer meg og tek seg tid til å legga att nokre ord – eg har vore så ALTFOR dårleg til det sjølv i desse flytte/byggetider!

Ha ein god dag:0)

mandag, desember 20, 2010

Ein fin inngang til siste juleveka...


I gårkveld sang me jula inn i den staselege Vangskyrkja, i regi av VOK (Voss og omland kantori) I bitande kulde , snø som knirka under skosålane og raude roser i kinna var det godt å komma inn i ei varm og pynta kyrkje.

Skuldrane senka seg og julegleda og forventningane jula ber med seg seig inn i kroppen saman med all den vakre julesangen.
Dette var ei god opplading til siste innspurt av juleforberedelsane.

I kveld er eg innom på lånt maskin,det begrensar seg derfor med både tekst og bilder.... Maskina mi er i Kongsvinger på "juleferie" ser det ut for... Måtte levera den inn til rep.før garantien gjekk ut (den dura så infernalsk!), men det tek visst si tid !
Eg vil ynskja alle,både familie,bloggvenner og andre venner ei
RIKTIG GOD JUL :0) Nyttårshelsing ventar eg litt med i håp om at min eigen data er på veg heim att.

GOD JUL


mandag, desember 06, 2010

Den store rullekakebakedagen.

Av alle kakeslag er rullekaker det viktigaste her i huset når ungane kjem heim til jul. Så i dag har Nikoline hivd seg rundt med eggedosisen,du….

DSCN2297-vert

Ovnen er ny og ukjend,men det gjekk bra – rullekaker på “løpande bånd” med godt,nyrørt bringebærsyltetøy, mmmm….

DSCN2301-vert

Eit av privilegia til kokken – smaksprøve:0)

DSCN2305-horz

Og når ein først er i gang med rørebollar og mjøl oppover armane kan ein like godt blanda saman til ei røre ekstra. Synes sjølv eg har vore ganske så lur i dag; med nøtteallergi har eg laga nøtteruter – då seier det seg sjølv kor mykje eg kan eta av desse…. Eit slankande kakeslag for min del! Det største norgesglaset er oppfylt og ventar på julegjestene. Det fine sinkhjarta har Alva laga til meg.

DSCN2295-vert

Ruth ,utflytta trønder i Scottland, har laga nydelege pulsvarmarar til meg,dei kom i posten i dag. Som om dette ikkje var nok hadde ho lagt med endå eit par,litt enklare (som eg gløymde å ta bilde av) så tusen,tusen takk Ruth! Du er ein racer med strikkepinnane!

DSCN2308-horz

Vel, veka har starta bra denne desembermandagen, pakke i posten, lovnad om at snekkarane kjem for å bygga soverom og bad til meg og vellukka julebakst. Kva meir kan ein vel forlanga då? Ynskjer alle ei flott veke, og håpar de er i rute med juleforberedelsane de også:0) På spiskammerset begynnar det å sjå bra ut ang. baksten ser du. God mandag og takk for alle besøk og koselege kommentarar!

tirsdag, november 30, 2010

Har eg sagt A – får eg også sei B…

Forstår ikkje heilt kva som gjekk av meg då eg inviterte deg med vidare inn i stova, eg likar egentleg ikkje å blogga om romma…. berre om dilldallet INNE I romma.

Vel,vel – kom inn då…

DSCN2142-vert

Med døra på gløtt inn frå hallen.

Haugamoen inne 011-vert

Samme døra på gløtt i fjorvinter.

Haugamoen inne 003-vert

Vidare innover i stova, slik det var -

DSCN2130-vert

Og slik er det no.Me ventar på nye godstolar bortved veggen,får dei til jul:0)

DSCN2128-vert Haugamoen inne 006-vert

Det var LITT å ta fatt på for å sei det forsiktig…

DSCN2119-vert DSCN2126-vert DSCN2118-vert   DSCN2127-vert

Dette får greia seg for denne gongen, for eg må fortelja om ein forelskelse også…eg er hovestups forelska og klarar ikkje begrensa meg på noko vis! Dei som kjenner meg og dei som har fulgt bloggen min desse åra eg har blogga,veit at begrensning ikkje er mi sterke side… og no har det gått ut over ei hylle med sopp hjå Nille…

Eg har dei over alt snart… På kjøkkendisken,  

DSCN2236

DSCN2242

på kjøkkenbordet… og ute… (der var det for mørkt til å ta bilde no i kveld)

Dei kosta ikkje mange kronene heller,og er utruleg fine i form og farge!!

I morgon skriv me desember,og eg ynskjer alle ein flott julemånad med alle forberedelsar som står for døra no – eg stortrives for tida, håpar du også har det fint !!

onsdag, november 24, 2010

DET VAR EIN GONG….

– på slutten av 50-talet – ei lita lyshåra tulle fekk sin aller første tallerken til å eta grauten sin på. Tallerken var den finaste ho hadde sett, to små pusekattar titta fram etter kvart som grauten forsvann.

DSCN2156-horz

Jenta vaks til og syntes ikkje noko særleg om verken graut eller pusekattbilder lenger, men tallerken var like heil og fin så den vart ståande i kjøkkenskåpet. Då jenta vart tenåring spurde mora om ho ville ha tallerken som ho ein gong hadde vore så glad i, men det var inga interresse å spora frå tenåringsjenta si side.

Tiår etter tiår levde tallerken sitt liv i ei mørk bu saman med masse anna som “ var for godt til å kasta”. Ingen hugsa lenger på at det hadde eksistert  ein grauttallerk med bilde av to små kattepusar i botnen.

DSCN2146-tile

50 år seinare,då den vesle jenta var blitt ei godt vaksen dame skulle ho flytta frå dette huset der det var ei bu med masse gamalt “som var for godt til å kasta”. Ho fekk hjelp til å pakka ned alt i kartongar for å levera det til bruktbutikken. Flyttehjelpa bar og bar, til slutt var det att berre ein kartong som dama skulle ta med sjølv. Under “transporten” gjekk det hol på avispapiret rundt ein tallerk, og kva trur du titta fram mellom papiret??? Bilde av to små kattepusar i botnen på ein tallerk….

DSCN2157-horz

Med varsomme hender vart tallerken pakka opp, dama sette seg rett ned med tallerken i hendene og let minna strøyma på.

Skei for skei vart grauten skrapa bort ,først frå fjeset til den grå pusen – så den kvite. Jenta bruka å prata med pusane etterkvart som dei vart frigjorde for graut, og jammen santen tok ho seg sjølv i å sitta og prata for seg sjølv 50 år etterpå også…

DSCN2154-horz

“ Neimen!! Er det pusane mine som er på veg til Brukt`n?? Sjølvsagt skal de ikkje dit – de skal få vera med meg i den nye heimen min og eg skal ALDRI pakka dekan ned att eller stua dekan vekk i ei mørk bu!”

DSCN2148-horz

Og slik vart det. Tilfeldigheitene er mange og underfundige. I dag heng pusetallerken til pynt i tallerkenhylla – når det ikkje er graut i den – og den vesle lyshåra tulla som fekk denne tallerken for lenge,lenge,lenge sidan er sjølvsagt Nikoline På Landet…

SNIPP – SNAPP – SNUTE….

DSCN2160-horz

PS: de skulle jo få vera med inn i stova i dag, men eg syntes det var så mykje koselegare med dette vesle “eventyret” i staden for.

God onsdag til alle, og ta godt vare på gode minner de også:0)

DSCN2152-tile

torsdag, november 18, 2010

Eeendeleg… velkommen inn :0)

Kaos – kaos – kaos !! – og uten nettilgang i nesten ein månad!

Men no går det seg til smått om senn,dagane går med til å tømma på flyttekassar og eg trur eg må verta tryllekunstnar for å få på plass alt… Snekkarane som skal bygga på soverom og bad har framleis ikkje dukka opp, så me søv på eit gjesterom og har garderoben i svarte bossekkar – KJEKT!?? NEIII…!

DSCN2044-tile

I gårkveld såg eg ljost på tilværet – me fekk installert dataen og eg var ikkje sein om å få i gang vidundermaskina mi ! Eit hav av nye innlegg frå kjekke bloggvener skal gåast igjennom og då trur eg eg treng nokre dagar på meg for her var det MASSE NYTT…. Eg kjem på besøk litt etter litt hjå kvar og ein av dekan:0)

Som sagt i overskrifta her – velkommen inn på Junibakken.

oktober2010

Me startar ytterst og slik såg det ut her i fjorhaust. Rommet var tidlegare kjøkken.

DSCN2082-tile

No er det blitt hall/entrè. Dei gamle kjøkkenskapa fekk me ut nokolunde heile så dei skal brukast i drivhuset eg har planar om til våren. Me har kledd veggane med panelplater og malt i lys syrin. Bortsett frå korgstolen er det ingenting nytt i rommet, bord – benk og skap har fått ei oppussing.

DSCN2075-tile

Her er det berre gammalt og arva, men engelen kjøpte eg på plantasjen i fjor og har laga lampe av den ved å legga ei enkel lyskule i hendene hans.

DSCN2057-tile

Frå hallen kjem me vidare inn i stova – men eg let ikkje opp døra dit i kveld… Vil du vera med vidare inn seinare?

Riktig god torsdagskveld til alle mine venner :0)

 

mandag, oktober 18, 2010

Og mannen ville fra nissen flytte -

 - men reisen ble ham til ingen nytte…. 

DSCN1929 DSCN1945 DSCN1946 DSCN1937

Slik har eg det for tida – trur eg skal bli interiørbloggar,eg….

Kjem sterkare tilbake når eg har fått det på stell !

(Etter jul ein gong – trur eg…)

onsdag, september 22, 2010

Eit langt lerret å bleika…

Då eg slo på maskina  no durar det verre enn eit treskeverk,så me får sjå om eg kjem igjennom eit lite innlegg eller ikkje før det kolapsar heilt her…

I alle fall var det ikkje noko veldig viktig eg hadde på hjarta – kun eit lite tegn på at eg framleis eksisterar her i blogglandia…. og så vil eg visa deg nokre gamle komfyrdeksel som er blitt “nye”:0)

DSCN1898

Men det var litt av ein prosess – det var lakka kopar i utgangspunktet – og lakken var flassa og gul… (og som vanleg gløymde eg heilt bort FØR-bilder)

DSCN1896

* pussa og salmiakkvaska

* grunna med heftgrunn

* eit strøk lys grå måling

* svamping med blanding av svart/kvit måling

* svamping med mørk grå

* grafittsverte vart gnidd på kantar og håndtak

* lakking

DSCN1897

Vart godt nøgd med resultatet,sjølv om det ,som eg skreiv i overskrifta, var eit langt lerret å bleika…No skal dei bli med i nytt hus på ny,kvit komfyr -

*************

På fredag skreiv me kontrakt med huskjøparane så no har me fått ein endeleg dato og forhalda oss til…. huset skal vera tømt og nedvaska til 1.november… Og me feira sjølvsagt standsmessig etterpå - (me hadde 2 ting å feira faktisk, samme dagen var det 37 år sidan me ringforlova oss!) – bringebærterte på papptallerken – på serviset skal storfolk kjennast!!

DSCN1883-tile

*************

På Junibakken er ovnane både på kjøkken og i stova komme på plass,og me har allerede testa om det er varme av dei:0)

DSCN1867-tile

Med god varme ynskjer eg alle ein fin-fin dag og takkar så masse for alle gode kommentarar de legg att hjå meg! Tusen takk!

(Og datamaskina durar i veg framleis….)

fredag, september 10, 2010

Høner på luftetur

Hugsar de eg skulle sy meg velkommen-høner?

DSCN1819-tile

I dag har dei fått lufta seg litt – berre for å bli foreviga før dei skal pakkast ned i ein mørk kartong…

DSCN1814-tile

I grå lin og med blonde og hjerter til pynt,vart dei retteleg STASHØNER…( hyssingen skal bytast ut når eg finn noko bedre alternativ. )

DSCN1821-tile

Bratte i ryggen og med skarpt blikk skuar dei nedover til sin nye heimplass på Junibakken…

- Og på Junibakken går det PÅ FRAM -

DSCN1802-vert

Slik vart golvet, beisa 2 strøk med tyrilin “Varg” og 3 strøk med lakk over, vart det som silke. Glasa er også ferdige ser du, foringar og listverk er komme på.

No er det eit nytt prosjekt på gang – men det skal du få sjå meir av i eit seinare innlegg.

DSCN1810-vert

Eg takkar varmt for alle besøk, teljaren tikkar mot 40.000 besøkande, og eg set umåteleg stor pris på alle dei fine og gode kommentarane de gje meg! I seine kveldstimar (då eg helst burde sova…) tassar eg rundt på stille tøfler her i blogglandia og ser kva de andre har hatt på agendaen i løpet av dagen. Så om de ikkje høyrer noko frå meg i desse oppussingstider så skal de veta at eg er innom til kvar og ein på lenkelista mi :0)

DSCN1824-tile

God fredag og ei fin-fin helg til deg!