onsdag, desember 10, 2014

Vesle Julie og gjengen.

Heilt sidan me flytta og busette oss sentralt har eg hatt ein draum om å opna eit lite utsalg i kjellaren, der eg kan tilby det eg syslar med i kvardagen. I sommar trudde eg verkeleg at draumen skulle oppfyllas dette året. Men først hadde me ein durabeleg jobb å gjera : tømma heile kjellaren der tusenkunstnaren svigerfar hadde samla på ALT du kan tenkja deg det går an å samla på gjennom 60 år! Det var små “stiar” å koma seg fram på i alle rom og me bar ut 19 TONN berre i metall…. Med stort pågangsmot sette me i gang med oppretting av veggar,tak og golv, isolerte og panela. Alle ledige stunder vart nytta til produksjon men då hausten kom måtte eg berre innsjå at dei ledige stundene vart alt for få og alt for korte. For å opna eit utsalg må ein fyrst og fremst ha varer å selgja.

I dag kan de få helsa på vesle Julie som vart så søt og blyg…

SAM_1790-horz

Kropp av lerret og ansikt av cernit. Det var så kjekt å laga denn vesle nissejenta så no har ho fått ein heil gjeng med seg.

SAM_1791-horzSAM_1792-horz

Her har du Jakob med fela, han er så grueleg glad i musikk og dans, Johanna har fyllt korga si med epler og Joar drassar rundt på halmbukken han er så glad i.

SAM_1795-horz

Jørid har grauten klar og Jarand er på veg ut for å skri på kjelke.

I samband med “hovudlokalet” er det eit lite rom eg har laga til julerom. Der er det begynt å fyllast nokså bra opp, men det er plass til MYKJE meir endå. Målinga mi har gått trått, berre nokre adventskalendarar har fått måla motiv.

SAM_1784-horz

Her har eg brukt litt forskjellig som gamle brødfjøler, drivved frå Vangsvatnet og målestavar som var tenkt til heilt andre ting – man tager hva man haver når ein står midt oppi det og inspirasjonsånda er på topp….

SAM_1785-horz

I neste innlegg tenkte eg du kan få sjå litt rundt omkring i julerommet mitt, og frå neste haust kan du også koma og sjå det “live” forhåpentleg vis.

Ha ein fin-fin dag :0)

søndag, november 30, 2014

Det står til liv framleis.

Då eg var å handla møtte eg ein mann som såg alvorleg på meg og sa; 20.mai! Eg undra meg over kva han meinte, men det var siste blogginnlegg han sikta til. Det har gått både vår,sommar og haust sidan sist eg var innom her altså….

Eg veit ikkje sikkert kva årstidene og tida er brukt til, men denne helga har me i alle fall ei god og avslappande helg på hytta.

SAM_1738-vert

Med nye senger og nye vinterdyner har me sove som bjørnen i hiet medan vesle Helene Harefrøken har vore på besøk heilt til terassedøra om natta. I vindauga i gangen sat Mikkel Rev å vakta. (Her har eg prøvd meg på serviettdecopage på lykter)

SAM_1756-vert

Me har også investert i ny sofa i stova og måla litt anna inventar.

SAM_1755-horz

Den gamle gyngestolen som eg elska å gynga meg i som lita jente, har fått ny farge og eg har strikka nytt pledd til den. Pleddet er strikka i 100% ull og fora med skinnpledd så her skal ingen frysa!

recovered75544-horz

Men den aller største forvandlinga er likevel i kjellaren. Endeleg er badet fix ferdig!!! Hugsar de bildet frå då me starta?

SAM_1740-horzSAM_1750-horz

Slik vart resultatet. Me er kjempefornøyde.

SAM_1758SAM_1759

Det einaste fornuftige eg har drive med i helga er koparpuss…. fornøyd med resultatet der også :0)

Ein god og stemningsfull søndagskveld i kyrkja med vakker julemusikk skal avslutta helga.

10522164_10154818461955417_3284450324160732062_o

God adventstid til alle som er innom her :0)

tirsdag, mai 20, 2014

Set KRYSS i taket -

  - for her kjem det ENDELEG eit blogginnlegg att. Det er egentleg berre tull å ha denne bloggen “oppe å gå” for den er til dei grader forsømd! Men så plutseleg kan eg få eit illebefinnande og får lyst å dela noko og då er det jo kjekt at den er her…

SAM_1418-horz

Me har hatt ein fantastisk vår med mykje sol og godvær, men for min del har den også vore veldig trist. Eg mista bror min brått og uventa og dei fine vårdagane har gått i sorg. Heldigvis er det slik at sorga avtek med tida, men savnet etter Helge vil vera med meg for all tid. Det er ein del av livet det også.

No går i alle fall dagane med til hagearbeid og me kan nyta utelivet frå morgon til sein kveld. Og det er nettopp eit lite hjørna av hagen eg fekk lyst å visa deg i kveld. Kan ikkje akkurat kalla det ei hagevandring – det er berre kjøkkenhagen eg har nokre bilder frå.

SAM_1458-horzSAM_1461-horz

For ei tid sidan ytra eg ynskje om ein vannpost nærare bær og grønsaker. Og vips – Brannmannen ordna “biffen”. Flott? Det synes i alle fall EG. Ein gamal messingkran var prikken over i`en. På toppen står ei rusta vassbøtte med eføy i og på bakken ei bøtte med reddik. Den gamle baljen heng der kun for pynt.

SAM_1464-horzSAM_1467-horz

I gårkveld tok me turen til Blomsterdalen (ved Bergen) og kjøpte blomsterkasse. Solid og god, funksjonell og flott. Så dagen i dag har gått med til å planta jordbærstikling. 30 stk. Det tok si tid. No håpar eg dei vil trivas i høgden og gje oss masse søte raude jordbær. Og med denne nye “ervervelsen” er kjøkkenhagen min ferdig.

SAM_1468-horz

Så må eg få takka alle som kikkar innom her hjå Nikoline og ei spesiell takk til alle de som legg att koselege kommentarar. Eg må vera verdas dårlegaste bloggar når det kjem til kommentering der eg er innom på besøk, så eg veit så vel at eg slett ikkje fortjener at de skriv så kjekt til meg.

Då ynskjer eg alle ein strålande mai . det som er att av den :0)

onsdag, mars 05, 2014

På tide å sei adjø -

- til nissar og snø…… Siste innlegg herifrå var tidleg i desember med nisseliv og snø, og det var den vinteren me hadde i år. Snøen som kom då forsvann fort att og sidan dess har det vore “vår”.

Me har allerede brukt opp fleire dagar av mars og det spirer og gror… bladknoppane er i gang med å buska seg og det er ALT for tidleg!

SAM_1348-vert

Penslane er i sving for tida og og det vart litt påskestemning først. Tullemor nyt påskesola på skitur, men her på Voss må ein svært høgt til fjells for å finna slike skiforhold som ho har her.

SAM_1342-horz

Med høglytt fuglekvitter frå morgon til kveld vart eg inspirert til dette motivet som eg har måla på ei gamal sag. Fuglemor har det travelt her for å stilla svolten til sine yndige små.

SAM_1345-vert

Nokre spadar med “Velkommen” på skaftet er det også blitt, sauer,kyr og som her, representert ved ein stor og stolt hanefar.

SAM_1350-horz

Mars har eg tenkt som ein god arbeidsmånad då eg ikkje har klokka å fylgja så veldig nøye… Ungdomen i huset er reist som utvekslingsstudent til Shetland (heldige han!!!) og blir borte heile månaden. Så får me sjå om det blir som eg har tenkt,då. I går var eg ein slengtur til Ikea i Åsane og hadde med meg ein stor stabel med trøer (trappekrakkar) heim att. Gler meg veldig til å måla motiv på dei og er allerede i gang med eit tiurmotiv på den første.

SAM_1340

Med store forventningar og pågangsmot til tusen ynskjer eg mars velkommen og håpar alle får ein flott vårmånad :0)