lørdag, desember 31, 2011

Takk for året som har gått.

Det har vore eit nokså turbulent år med mykje sorg og uro, men også med store gleder.

furte_engel-tile

Det verste har nok vore all sjukdomen i vår næraste familie på begge sider med tilstandar som kreft og hjartestans der ein ikkje visste kva utfallet ville verta, men innimellom all uvissa,vonde dagar og nattevåk har det vore store glimt av glede.

I slutten av juli kom vesle Leah til verden (vårt 4.barnebarn) og me fekk ein SUPER tenåring i heimen, David på 15 år!

DSC00648 (Kopier)-tileDSCN4734-horz

Hus og atter hus har stått på agendaen gjennom heile året,så eg får la dette bildet vera representativt for 2011…..

mai 09 150-tile

No går me inn i 2012 med EITT stort ynskje – at det skal enda bra med alle i familien og at storebror kan erklærast frisk utpå vårparten!

Sorger og gleder i kvardagen er vel Å LEVA – sjølve livet – men eg håpar på at det ikkje vert like mykje av det i året som kjem som det var i året som gjekk. Litt mindre LIV med andre ord.

Då takkar eg for all glede de har gitt meg gjennom bloggen i “gode og vonde dagar”, eg har sett stor pris på kvart enda ord!

DSCN4645-horz

Ynskjer alle eit riktig GODT NYTT ÅR og takkar for det gamle. Måtte kvar og ein få fine,nye dagar!

Nyttårshelsing frå Nikoline

torsdag, desember 29, 2011

Bekymringsmelding–korleis vil dette ende???

Kalendaren viser 29.desember -

DSCN4749-horz

Adventstakar står framleis i vidaugskarmen og nissane kosar seg framleis i “rampelyset”…

Og i mildværet tok eg ein rusletur rundt i hagen. Til stor bekymring….

page1

Slik ser det altså ut i blomsterbeda – alt spirer og gror! Aller verst synes eg det var å sjå clematisen stå med store skudd der til og med bladverket var godt utvikla :0( Det kan jo ikkje gå anna enn gale!

page1-tile

Melsdagane i fjor baud på meterhøg snø og mellom 25 – 28 iskalde grader, i år ruslar ein rundt huset på barmark og ser det spirer og gror. Kontrastane er store! Har du teke ein titt i dine blomsterbed…??

nissar-tile

Tusen takk for alle gratulasjonane med vel overstått gebursdag, riktig koseleg!! Og framleis god jol :0)

tirsdag, desember 20, 2011

God Jul til store, God Jul til små – God Jul til alle som bankar på!

Tida strekk ikkje til for alt ein har tenkt den til, og då er det først og fremst blogginga det går ut over…

Eg nyttar høvet i dag til å ynskja alle som ein ei RIKTIG GOD JUL!!

DSCN4568-horz-tile

Me knottast utpå nyåret om ikkje før :0)

PS:

DSCN4623-tile

“LAFFEN” har fått seg nye klær til han skal helsa på folket som hastar forbi i gata, men nye sokkar og sokkaband lyt han venta med til matmor finn fram att strikkepinnane i melsdagane. (  Han kan ikkje forventa å få ALT på ein gong – sjølv om han er blitt sjefsnissen i heimen….!)  

Siste PS:

DSCN4626-tile

Hanguren idag – minus 5 grader og strålande sol – ein draumedag i førjulstida!