tirsdag, desember 29, 2009

Herlighet….!

  - SÅ LAT EIN BLIR av å gjera ingenting!!!

Dette er rett og slett dei lataste melsdagane (me seier melsdagar for det de andre seier romjulsdagar her) eg har hatt! Det er ikkje til å komma forbi at det blir ein del kjøkkentjeneste når me er så mange,men noko anna enn matlaging blir det ikkje til.

den blå timen

I den blå timen vart me bedne i middagselskap hjå storajento vår igår. Det var herleg å kunna gå til duk og dekka bord!

julepynta hjå AK

Det var julepynta over alt,lunt og koseleg å komma inn.

DSCF7925-vert

Då guten som er heime på julebesøk har magesår,må me finna på lette middagar som han kanskje kan tåla… så søstra baud på pannekaker… litt av ein jobb å steika opp eit slikt pannekakelass til ein heil gjeng! Og GODT var det!

DSCF7935-vert 

Juletreet i trillebåra såg slik ut då me kom heim att i gårkveld. Kong Vinter har pynta det med laaange istappar som har dryppa frå takrenna og det ga eit utruleg flott lys! Men eg lurar litt på kva tid me får laus att lysa… kanskje til våren ein gong…?

DSCF7922

Ellers går dagen til å utforska dette nye pc-vidunderet… Ikkje nok med at maskina er flunkande ny,det er også eit flunkande nytt program – windows 7 – med masse nye tegn og ord eg ikkje forstår.. Nei du,det er ikkje spøk for ei gammal dame dette…!

Har raca rundt i bloggverda og er snart kome gjennom lenkelista mi,samt fått kommentert hjå dei fleste. Er ikkje heilt i mål endå,men eg kjem- eg kjem…

Ha ein fin dag alle saman! (og når eg finn att plassen der eg la inn bilder til oppskrift av Klaus og julesokk,skal eg legga ut mønsteret…)

lørdag, desember 26, 2009

- og kva låg under juletreet…? -

Har de det fint i romjula alle saman?

DSCF7880-vert

Dette er eit lite prøveinnlegg på flunkandes ny laptop… for jammen meg låg det datamaskin til meg under juletreet!!

julegåve

No må eg bruka litt tid på å bli kjend med vidunderet og er i allefall komen så langt at eg *kremt* har innstallert skrive-og bildeprogram…

ny laptop

I dette tilfellet er “eg” ei sannheit med modifikasjonar… “Vetlajento har installert” må det rettast til…

Så no er det altså ikkje lenge til eg kjem på besøk på bloggen din og kan kommentera i vilden sky! Skal eg røkkja innom alle går vel det meste av romjula,så eg får ta det litt pø om pø… og eg gler meg veeeldig til å vera tilbake i den gamle tralten med innlegg og bloggsurfing :0)

DSCF7895-vert 

Det ser ut for å enda bra med prøveinnlegget også.

Ha ei fortsatt god romjul ! Her i stova blir det antakeleg brukt ein del tid på å bli kjend med den nye dataen…

onsdag, desember 23, 2009

Til alle mine kjære,gode og fantastiske bloggvener.


- Så er den her - den store høgtida me har venta slik på i vekesvis.
Det er berre att å plassera nissane på sine respektive plassar,legga på dukar og pynta juletreet her hjå meg. Berre kos med andre ord.

I dag fyller eg år,men har ikkje noko ekstrem trang til å feira at eg er blitt endå eit år eldre....
Trur eg tek feiringa med ein ekstra god middag i morgon...!

Då ynskjer eg alle ei riktig fredfull og

GOD JUL !


mandag, desember 21, 2009

Med litt malurt i begeret -



Eg GLER meg så veldig til jul. Idag er eg komen godt i gang med julepyntinga, alle sengene står klare med reint sengetøy og ventar på julegjestene, eg har laga sild og no kokar eg rullepølser så det LUKTAR JUL over heile huset :0)


Min kjære for i hurten og sturten på utrykning for ei lita stund sidan,og då eg såg blålysa blafra gjennom den mørke førjulskvelden håpa eg intenst at det ikkje er ei trafikkulykke eller ein storbrann,men at det er ein bagatell som f.eks. ein pipebrann. Tenk å mista hus og heim eit par dagar før jul,eller endå verre ; å mista nokon ein er glad i i ei ulykke....



I det eine øyeblikket er det varm forventning til jul,i det neste kan det ha blitt til kald og svart fortvilelse. Tråden mellom desse to kontrastane er svært tynn. Så vandrar tankane mine vidare... til alle som slett ikkje ser fram til jula... Born og unge som gruar seg til dagar med rus og vold i heimen, til eldre som ikkje har noko familie og venta på til jul,til huslause og rusmisbrukarar som kun ser fram til ein ting - at jula skal vera over.


Så rike me er alle me som kan gleda oss og sjå fram til julehøgtida! Som har våre kjære rundt oss,ei varm stove og god mat på bordet.




Dette vart litt (som overskrifta på innlegget seier) malurt i begeret idag... Eg meinar slett ikkje at me ikkje skal vera glade og forventningsfulle og NYTA juledagane, eg synes berre at me skal vera litt ekstra takknemlege alle me som har anledning til å gleda oss over jula.

ÅJA - EG GLER MEG TIL JUL!



PS: Er det lov å kopiera mønster frå eit mønsterhefte her på bloggen? Eg trur det - i så fall kjem det mønster på bamse og julesokk litt seinare. Eg er framleis på jobbmaskin utan mulegheit til å kommentera hjå dekan,men set UMÅTELEG stor pris på at de er innom meg!

HA EIN GOD,GLAD OG FORVENTNINGSFULL FØRJULSKVELD!!

fredag, desember 18, 2009

Ein gråmelert kjekkas

- ved navn Klaus -

er fødd ved strikkepinnane i mørke desembernetter.

Så kjekk at det er rett før eg begynnar å snakka med han... Men han hutrar og frys for han har ikkje fått klær endå,berre ei sløyfe rundt halsen - og den varmar jo ikkje så mykje....



Næmmen....!! Skal denne gensaren vera til meg..? Oi....




Ute er det 17,5 kalde grader,så det er såvisst behov for ullgensar,ja!

Klaus kjem kanskje att her og viser seg fram - MED gensar...

GOD HELG :0)

tirsdag, desember 15, 2009

Julestemning


Framleis uten pc, framleis ingen bloggsurfing og framleis ingen kommentarmulegheiter.... og no er den verste abstinensen over også.... Faktisk kan det gå ein heil dag utan at eg tenkjer på blogging! Eg er nok på rett veg i rehabeliteringa...

Men når kvelden kjem,kjem savnet etter deg og bloggen din også... Då strikkar eg så det omtrent gnistrar av strikkepinnane i rein frustrasjon og abstinens! Nett no går det i tova-englar,men eg har kjøpt eit hefte med masse,masse julemønster i og eg skal laga nesten ALT i heftet (hvis eg ikkje får att pc èn då...)


Hjå I Gros Hage kjøpte eg denne flotte kroken i smijern og då måtte eg strikka ein flott julestrømpe til den også synes eg.







Har ordna litt på mønsteret,og bamsen er f.eks. bytt ut til fordel for ei åttebladrose.



FERDIG RESULTAT.




Så har me endeleg fått snø her hjå oss også! Det vart så lyst og fint ute i gårkveld og riktig julestemning utanfor inngangsdøra. No er det berre å håpa at den held seg her fram til jul. Eg innbildar meg at eg er nokolunde i rute... det meste av julegåvene er ordna,kaker og lefser er i boks, juledukane er klare (strauk dukar i mangfoldige timar i går!) -







- og det er stort sett att berre slikt som må gjerast når det lir heilt innpå jula. Neste veke blir det sild og salatar,koka rullepølser og forbereda middagane til romjula..
Tirsdag kjem julegjestene frå Oslo og me kan finna roen og la julefreden senka seg.

Trur ikkje eg har vore så snill i 2009 at det ligg pc under juletreet til meg,men eg håpar framleis at pc-doktaren får liv i den gamle (den er forresten ikkje så gamal!)


Eg reknar med at eg kan snika meg inn på jobbmaskina ein gong til før jul,så eg ventar med å ynskja god jul. Men ei fortsatt god adventstid ynskjer eg alle,og håpar de ikkje gløymer meg heilt i denne datalause tida der eg ikkje er innom på besøk eller får komentera.


HA EIN FIN DAG :o)


torsdag, desember 03, 2009

Eit innlegg - MED bilder...?



No har eg lagt inn nokre bilder frå heimen på TIDE si maskin, med lovnad om å fjerna dei så snart eg finn ut kvar ledningen til ekstern harddisk skal pluggast inn.... Som de forstår - eg har framleis ikkje min eigen pc - Snakka med reparatøren igår og han kunne fortelja at det finns ikkje liv! Neivel.... Og noko ny pc blir det ikkje snakk om i desse julegåvekjøpstider - kjedeleg!!

På søndag var me i "Gatehuset" og pynta litt, så ser det ikkje så ubebudd ut.


Det begrensar seg sjølv med pynten der,så det vart med det naturen har å by på. Ein stor krans av granbar pyntar opp i mønet ved inngangen. Adventstake med tidsbrytar (gift med ein brannmann veit du - han ser med gru på alle stakar/stjerner som står på døgnet rundt!)


I heimen går det foreløbig i englar,hjerter,dompap og lyse fargar. Englane må vika plass for nissane om ei stund....


Norgesglas/grovsalt/gamalt julekort - og eit lys.


Ikjøkkenvindauga heng to pilklokker frå KID -

- og korga frå KID har også fått ein liten grøn kvast til pynt. Korga skal romma nysteikte horn til julefrukosten.

Og så er det sjølvsagt kome på plass adventslys. Slik vart adventstaken i år -

Dei flotte tala som er måla på sinkbrikker,har ALVA laga til meg. KJEMPEFINE!!

Ingen snø utanfor som kan skapa julestemning,så me får gjera så godt me kan innomhus... Det har vore kaldt og fint vær i det siste,og heldigvis bur me høgt over skodda som ligg som eit teppe over sentrum på føremiddagen.

Denne jobbmaskina kjem opp med sperre når eg prøver å kommentera hjå dekan, trasige greier, men de får berre vera tålmodige så kjem eg innom så fort som berre rakkaren når eg får min eigen pc att!!

HA EI STRÅLANDE ADVENTSTID MINE VENNER :o)