fredag, oktober 26, 2012

Haust møter vinter -

- i ordets rette forstand.

SAM_0076

I helga er me komne dit hen at me skal skru klokka tilbake 1 time att og vinteren har vist seg i det meste av landet forstår eg. Det ser ut for at det berre er austlendingane som ventar – eller ikkje – på at snøen skal koma.

Eg er i grunnen litt overraska over kor mange det er som IKKJE likar det kvite element…

SAM_0078

I dag skulle eg ta bilde av flotte dompappar i epletreet til naboen, men det “skar” seg bitte litt … då eg kom nær nok til å få den med, flaug den sjølvsagt! Du er god hvis du ser den innimellom greinene her.

SAM_0077

Men kontrastane i desse bilda fekk eg likevel lyst å visa deg – der hausten møter vinteren.

Ha ei riktig fin vinterhelg :0)

torsdag, oktober 25, 2012

Nye “kompisar”

Akkurat i denne augneblinken dalar dei første snøfillene til bakken og eg kjenner på ei glede som om eg skulle vera 6 år og ikkje nærare 60…. Det er alltid ei slik kjensle ved den første snøen og eg vert fyllt av energi! Til og med golvvasken går unna med eit smil om munnen i dag.

Nokre nye nissekompisar er komne til verda også – lyst å helsa på dei ? :0)

SAM_0060-horz

Den første er ei enkel utgåve for han her har ikkje ein gong eigne bein å stå på – han klamrar seg fast til ei gamal sleiv. Og julefuglen over alle julefuglar – dompappen – har funne seg til rette på toppen av nissehua.

SAM_0051-horzSAM_0048-horz

Denne karen er på vedhogst og tek ein pause ved skigarden. Kva har han med i sekken sin skal tru…? Han er ikkje ein slik nisse som kjem med gåver han her – så det er vel heller kaffi + litt til på termos i sekken.

SAM_0055-horzSAM_0057-horz

Ein forskrekka nissegut har klatra opp på taket og held seg godt fast medan nissefar ser ut for å ta det heile med stoisk ro.

SAM_0054-horz

Fleire er under produksjon, men med all glede og energi eg har fått i kroppen av snøen som dalar ned i dag skal eg finna fram målepenslane og nokre gamle pannelok no. Kanskje vert det ein hoppande glad nisse eg målar?

God torsdag :0)

fredag, oktober 19, 2012

Snart ein saga blott–og siste reise..

Først skal eg jubla litt i dag… for eg er eeeendeleg i gang med litt måling att !!

SAM_0039-horz

Ein usedvanleg tålmodig kunde skal snart få dører på skåpa sine att, ho håpa på det i fjor haust også…

SAM_0034-horzSAM_0035-horz

Heldigvis er det på ei hytte og ikkje i heimen der ein oppheld seg dagleg. Og som de ser av motiva så er det ei hytte ved sjøen som har mangla skåpdører i eit par år…

MEN – så er det ein ting som ikkje er mykje å jubla over. Det er meir ei skam! Eit landemerke i Vossabygda skal snart verta ei saga blott.

media.tellus-horzbanen

Hangursbanen med sine Dinglo og Danglo har frakta tusenvis av mennesker til fjells i nesten 50 år. Restauranten på toppen har vore eit utsynspunkt over vakre Voss for nesten alle turistar som har vore innom bygda i like lang tid.

U63521F1KHXPMDOJ-horzDSC_0122-horz

Gondolbanen vart bygd i 1963 og navna på kabinane er komne av at dei  - nettopp som navna tilseier – dinglar og danglar så mykje på si ferd over mastene og i vind. Eg hugsar godt kor moro me syntes det var i ungdommen, det kitla i magen over kvar mast, og spesielt litt seint på dag då vaieren begynte å verta slakk. Far min hadde aksjar og “aksjeutbytet” var gratisbillettar så det vart mange,mange turar opp i løpet  av vinteren. I min ungdom var Danglo gul, i seinare år har den vore blå.

P1060582-horz

Nedre stasjon skal rivast og verta boligar til våren. Det er siste sesong kabinane skal dingla og dangla oppover i Hangurslia og Voss Resort som driv banen, har lova at det skal koma ny bane når plassering og finansar er på plass. DET ER LENGE SIDAN EG SLUTTA Å TRU PÅ JULENISSEN!

SAM_0024-horz

Og med dette hjartesukket ynskjer eg kvar og ein ei riktig god helg – enten de skal til fjells eller ei… :0)

 SAM_0023-horzSAM_0030-horz

lørdag, oktober 06, 2012

Ein bitte liten test…

– med mitt flunkande nye kamera, berre for å sjå om eg fekk overført bileta til dataen og korleis dei vart sjåande ut. Vert nok ein del “studietimar” før eg har funne heilt ut av alle ting…

SAM_0009-vert2

Dagen i dag har gått med til noko KJEKT! Voss Quiltelag arrangerar Vestlandstreffet i år og eg er verkeleg IMPONERT over alt det flotte eg har fått med meg på utstillinga og i alle butikkane som var representerte. Vart sjølvsagt frista over evne – så eg gjekk ikkje tomhendt heim att i ettermiddag….

SAM_0012-vert

I eit utal av mønster var det ikkje lett å bestemma seg -

SAM_0014-vert

- og mange stoffbitar havna i posen sjølvsagt. Dette nydelege julestoffet har eg ein plan for som eg nesten ikkje klarar venta med å begynna på.

Ein flott laurdag som har vore til stor inspirasjon og glede. Håpar du har hatt ein fin dag også :0)

SAM_0018-vert