fredag, august 31, 2012

DEN SISTE OG DEN FØRSTE -

Hei på deg! Ja, tenk… den aller siste dagen av august visar på kalendaren og i morgon blar me om til september. Definitivt HAUST og sommaren me har venta på har framleis ikkje dukka opp – eller for den så fort forbi at me ikkje merka stort av den…?

Uansett kan me i alle fall ikkje gjera noko med det og den siste augustdagen er her med strålande sol og blå himmel, med andre ord ein flott UTEDAG!

Og på denne SISTE august dristar eg meg til å introdusera den FØRSTE (hald deg fast!) nissen.

DSCN5780

Ja,du ser rett – nisseproduksjonen i Nikolineheimen er i gang….

DSCN5772-vert

Den aller første er (nesten) fix ferdig – han har fått selskap av ei tova mus men ein liten ostebit manglar endå.

DSCN5776-horzDSCN5773-vert

Og så kom det fram ein kompis her ein kveld, med hua på snei og fine broderi på vottane sine…

DSCN5781-tile

Seinare på kvelden drista jammen den 3. seg fram også, og no kjem dei på “løpande bånd” vil eg tru.

DSCN5784-tileDSCN5788-tile

Fjesa er av cernit og steikte i ovnen, kroppen er av figurtråd, sjegget av saueull og klær får dei etter som det passar seg – ein gamal gensar kan bli uhorveleg mange små nissegensarar. Det verste var faktisk å gå i butikken og nesten tømma den for rottefeller – kassadama såg litt rart på meg men eg følte ikkje for å gje noko forklaring. Ho trur nok eg bur i eit hus med eit titals rotter…

DSCN5785-tile

Så er eg altså i gang med “haustproduksjonen”, er du komen i gang med noko også?

Gjer denne siste augustdagen til ein god og fin dag, den kjem aldri tilbake. Om den er tung og grå der du er – prøv med eit smil og sjå at det hjelper!

DSCN5780-horz

Tripp – trapp – tresko – og GOD SEPTEMBER I VENTE :0)

mandag, august 06, 2012

Meir drivhus….

I dag har eg lagt inn 74 bilder av drivhuset som er under bygging (– snaaart ferdig!! –) men eg er ikkje tenkt til å plaga deg med alle 74….  Eit aldri så lite billedras blir det uansett for det var så vanskeleg å velga ut berre nokre få ;0)

 

DSCN5660-tileDSCN5661-tileDSCN5669-tileDSCN5664-tileDSCN5688-tileDSCN5644-tileDSCN5659-tileDSCN5671-tileDSCN5706-vert

Og det siste bildet er tatt frå terrassen med ettermiddagskaffien i koppen. Kosar meg med hagearbeid i sola og nyt late feriedagar saman med brannmannen (eller så veldig LATE er ikkje dagane akkurat – men me kosar oss med arbeidet som me ser så godt resultat av begge to)

Det vart nokså på sparket dette innlegget med mykje bilder og få ord, men dog eit lite livstegn i alle fall.