torsdag, oktober 30, 2008

"Studiedag(ar)...

Eg fungerar ikkje heilt som eg skal i dag.
(Dei som kjenner meg vil vel påstå at det gjer eg neppe nokon dag,men..)
Mangel på søvn pregar både toppetasjen og resten av skrotten.
For; eg er nemleg Husaredd,mørkredd,kjellarredd,skuggeredd og masse anna redd...og åleina heile veka. Halve natta går med til å høyra etter lydar og hin halvparten går med til kaffi og røyk ved kjøkkenbordet (medan eg framleis høyrer etter lydar...) Så vert eg irritert over meg sjølv som kan vera så TEIT,tuslar opp att i senga,kryp under dyna og blundar HARDT att augene-- for no SKAL eg sova -- Lurar på kvar Jon Blund held hus denne veka,i alle fall ikkje her!

Og med mangel på søvn,fylgjer mangel på tiltakslyst. Og "der Lathans gjeng fyre fylgjer Smalhans etter"... eg skulle få unna så MYKJE arbeid denne veka,eg... Bestillingslista mi skulle vera så bitte liten når helga kjem. Sit her med 3 halvferdige dørskilt framfor meg på arbeidsrommet og eg brukar mesteparten av tida til å studera på dei i staden for å måla på dei.


Så studerar eg litt ut av glaset,ser nedover på Vangen...
det er kaldt i dag...

Kanskje eg har "studiedag" idag??? Ja! Det er det det er!!
Ein studiedag har vel ein agenda vil eg tru?

Og på agendaen står eit Tildainspirert juletreteppe.
Har plukka litt frå tidlege Tildabøker og sett saman

Pepperkaker
(pluss hjerter og trær)

Snømenn

Engel og nissejente
Dette var eit veldig triveleg arbeid.

Julesokkar til barnebarna var også eit Koseleg arbeid.


Resten av Tilda-jula eg har laga ligg i kjellaren,så det vert ikkje aktuelt å visa fram i dag. (jadå,eg veit det er høglys dag,men eg går ikkje unødig i kjellaren for det...) Kjellaren er ikkje skummel,alle dører er låste og nøklane teke ut,men...


Dagens agenda inneheld også studie i gamle jleblad. Og jammen klarde eg å finna noko fristande arbeid!

Dette vil eg strikka til meg sjølv i år.Må ta meg ein tur på Garnsenteret i dag...
Nei,no må eg måla!!

tirsdag, oktober 28, 2008

I den blå timen...


er det berre oss to.Med panfløytemusikk og dempa belysning stengjer me resten av verden ute for ei kort stund.I denne timen er me berre til,me to.


Ingen sorger eller bekymringar,stress eller uro får plass i denne timen.Det er den viktigaste stunda i døgeret,for berre oss to.

Frå me stiller klokka siste helga i oktober og fram til siste helga i mars har me denne timen,berre me to. Den er vår.


Men i kveld er den min--- åleina.Det er ikkje som det skal,det...
*********************************************
Med snøfiller i lufta og mykje juleinspirasjon rundt om i blogglandia,vert eg litt påverka eg også. Og nett no er eg påverka til å visa litt av julekulene mine,dei kulene som gjev spesielle minner. På alle turar kjøper eg "minnekuler" så sant eg kan finna julestas.



Desse er frå i sommar,ikkje lenger vekke enn Skei i Jølster,kjøpte hjå Audhild Vikens vevstove.Litt kjekt å ha noko derifrå som kjærasten min har sine røter.


To gjeve amerikakuler kjøpte i Tennessee. Syntes hus-kula var så typisk amerikansk. Den runde er handlaga designkule og kosta nokre dollar meir enn huset.
Barndomens minner...
I kvit bluse,foldeskjørt,lakksko og raud sløyfe i hestehalen beundra eg desse "kunstverka".
Om klebunaden er noko annaleis og hestehalen er borte for lengst,beundrar eg framleis desse gamle,skjøre kulene.


Så svingar eg meg i dansen... ehh.. glansen.. og bukkar..og neiar..
Det er ikkje måte på ros i kommentarane eg får! Eg vert heilt mållaus og føler IKKJE eg fortenar alle superlativa de kjem med, men eg raudnar lett, takkar-bukkar-og neiar endå ein gong. 1000 takk alle de snille,gode sjeler i bloggverden!!!

Dette hadde eg aldri trudd...

--- eg pakkar og eg pakkar
--- eg sender og eg sender
pakker til kjekke,koselege damer med og utan blogg,som så gjerne vil kjøpa varene mine!
--- Nei,dette hadde eg aldri trudd då eg begynte og blogga..
Eg vert både rørd og takknemleg...

Nesten dagleg får eg mailar med bestilling og eg er oppriktig lei meg for alle eg må skuffa med å sei nei.Til alle dekan som vil kjøpa julegåvene hjå meg; ver tidlegare ute neste år...


Men i dag skal eg på posten med fleire kolli så det er i alle fall NOKON som skal verta glade til helga ;0)


God tirsdag!

søndag, oktober 26, 2008

Julemiddagen er klar!

Vossingane har,som seg hør og bør, pinnakjøt på julaftan. Me brukar det salta og røykt og her i huset gjer me den jobben sjølve.

Kjøtet vert gnidd godt inn med salt,lagt i stamp og sett kjøleg i 2-3 døger.Så vert det vaska og hengt opp til tørk slik at kjøtet skal ta godt røyk.


Røykedagen kan vera ein koseleg dag der ein syslar litt utandørs med rydding og raking i hagen,for det er viktig og passa på elden så det er jevn røyk.


I år var det ikkje akkurat vær til å kosa seg i,det regna og bles så me måtte laga "telt" av presenningar rundt ovnen. Slokna gjorde det for oss eit par gonger også...


Oreved,oreflis både tørr og rå pluss einerkvistar set god smak på kjøtet. No skulle eg ta bilder medan me røykte,men det klarde eg sjølvsagt å gløyma!

Men her er i alle fall resultatet etter ein lang dag i røyken.Flotte sider som skal inn på kjølen,og julemiddagen heng klar.


Eg er også veldig klar... klar for ei utruleg produktiv veke!! trur eg....
Eg er gressenke frå tirsdag til fredag og då trur eg at eg skal få gjera all verden! Berre meg sjølv å ta hensyn til med både mat,rot og søvn... ja,ja,me får sjå kva resultatet er når fredagen kjem...
___________________________________________

Trollkåno (med bloggen Troll og ting) er ei god venninne av meg gjennom mange år,ei ærleg og rettskaffen sjel.
I gårkveld vart ho "rana" på jobb,fråstjålen både pc og bilnøklar!! Eg datt nesten av stolen då eg fekk melding på tlf.,tenk for ein ekkel opplevelse! Ein pc er det jo alltids råd med å få ny,men alt som er innlagt og alle bilder er tapt for alltid. Uerstattelege minner. Stakkars henne.

Ynskjer alle ein kjempefin søndag og sender ein ekstra varm klem til Trollkåno i dag!

fredag, oktober 24, 2008

Eit heilt nytt produkt.


Eg er så heldig å ha ein lokal leverandør som lagar akkurat det eg vil ha. Eg tegnar,gestikulerar og forklarar,han sagar,fresar og spikrar.Det siste han har laga til meg(etter ein nokså dårleg arbeidstegning),er brikettboks.

Den rommar akkurat ein boks med oppfyringsbrikettar.

På sida er det ei lita "lomme" til fyrstikker

Trollfar har fått full tenning...

Dette må vel vera perfekt julegåve til HAN?
-- til far,svigerfar,50åringen... ja,til alle med vedfyring.
(beklagar nokre "blurrete" bilder i dag)
__________________________________

Ein nisse og to fylgjer med på lasset inn i helga.



Der nede er det varmt og godt med fyr på peisen,men oi..oi...her var det LANGT ned.! Den andre vesle tassen baskar seg oppover i bratta,og det er LANGT opp også...

God helg!