onsdag, november 30, 2011

Ein får gjera det beste utav det -

og prøva på litt julestemning via bilder i ruskeveret!

Først til det “hemmelege” prosjektet som har vore på gang i heimen.

DSCN4436-tile

Med tenåring i hus må det adventskalendar på veggen att etter gamalt, og 15 år er såvisst inga aldersgrense for den slags sjølvsagt… Fleire gonger har tenåringen stillt spørsmål om kva eg strikkar på og kvar gong har han fått samme svaret – ei hemmelegheit -

page2

I dag har eg hengt hemmelegheita på veggen til han kjem frå skulen og oppi kvar vott er det putta i noko godt, alt klart for morgodagen :0)

Og mens regnet piskar på rutene idag, blir Storenissen stadig meir “kledd” for vinter og snø før han skal leva eit kaldt trappeliv om nokre veker…

page

Han har fått vottar med grått rosebroderi, strikka kant på hua slik at det blir heitt om øyrene, og han har fått ringledusk i toppen av hua slik at han kan sjå kva retning vinden bles til ei kvar tid… Viktige ting for ein nisse alt i alt… Men jakka er ikkje begynt på endå,håpar han får den til jul.

Eg er i 0,0 julestemning og “pynten” denne veka er eit par rosevottar slengt over rokken og eit tovahjerte (meir eller mindre slengt det også) på ein krok i hallen….

page3

Er det været som kan ta skulda???

søndag, november 27, 2011

God 1.adventsøndag i by og bygd.

Ei heilt enkel adventspynting vart det på Junibakken i år.

DSCN4409-vertDSCN4423-vert

Og dette er “garasjeprosjektet” eg har skrive om tidlegare på bloggen -

DSCN4412-vertDSCN4414-vert

Vinduet vart bytt ut i ei enkel vindusramme – det vart så tungt med glas i…

DSCN4416-vertDSCN4415-vert

Som du ser så er det klart for å snøra på seg skøytene for både Nikoline og Brannmannen, det er berre det at Vangsvatnet ligg uten is og plenane er grøne og frodige i Vossebygda (og at det er nærare 40 år sidan både Nikoline og Brannmannen gjekk på skøyter på “Vangsen”)

DSCN4420-vert

Det er ikkje mykje julestemning å spora utendørs, det bles og regnet piskar mot rutene, då er det godt å vera inne, fyra i ovnen med sprakande bjørkeved, tenna levande lys og finna fram strikketøyet.

DSCN4427-vert

Kos deg du også:0)

fredag, november 25, 2011

Ein raud tråd -

- i desse førjulstider…

Ikkje før har eg lova både meg sjølv og andre at symaskina skal pakkast langt inn i skapet så er den søren meg komme fram att !! Det er ikkje snakk om mykje sjølvdiseplin her i gården…

DSCN4391-tile

Men fiiine julestoff fristar – og nokre koppunderlag er det vel så absolutt behov for til jul??

DSCN4393-vert

MUGRUGS pynta med litt grøne sting og perler – synes dei vart fine eg:0)

Og meir raud tråd vart funnen fram – av litt tjukkare slag. Og her kjem dette med sjølvdisiplinen inn att… Eg hadde lova meg sjølv at i år skulle det ikkje ein einaste ny nisse i hus!

DSCN4377-horz

Og kva trur du eg gjorde då eg såg denne sjarmøren sto og blunka til meg? Tok han med heim…

Til mitt forsvar kan eg sei han skal ikkje inn i hus, han skal stå ute på trappa. Men enn så lenge må han opphalda seg i ei mørk krå innandørs for han var ikkje så veeeldig velkledd stakkar…

DSCN4395-horz

Det første han får av nytt er raude “sokkar” og raude vottar må han ha når han skal ut. Seinare vert det ny lusekofte, de skal få sjå kor staseleg han vert!

Ute lynar og tordnar det no så det luraste er å avslutta innlegget her og no og få slått av dataen, men ein bitteliten smugkikk på adventsprosjektet som går føre seg i garasjen skal de få før eg dreg ut kontakten.

DSCN4386-tile

Ei riktig,riktig god adventshelg ynskjer eg alle som er på besøk her:0)

søndag, november 13, 2011

Oldemor Petrine samla neppe inn kongler og kvist…

– men broderimønster samla ho i alle fall på!

Eg har eit søskenbarn som er så heldig at ho har arva masse,masse gamle mønster og tegningar etter oldemora vår, og eg er så heldig at eg har fått tatt del i “herligheten”…

DSCN3246-tile

Til dåpsdagen min fekk eg ei lita kiste og syskrinet til oldemor  i gåve av henne. Syskrinet hadde ho fått hjå sin bestefar (altså min tip-tip-oldefar) og det var fyllt med gamle mønster,tegningar og utklipp. Det har eg kasta då eg var jentunge … at det GÅR AN !!!! Men som sagt, eg har fått “litt  igjen” og eg ser no kven eg har arva min lidenskap for ord og initialar av. Det er dusinvis med variasjonar av alfabet og visdomsord m.m. etter oldemor.

DSCN3253-vertDSCN3229-vert-vert

Duken bredes,bordet Prydes, The og kaker mykke bydes. I huset vorde ro, fred, Kjærlighet og tro.

Uten arbeid og umag, ingen rett lykksalig dag.

Små ord av kjærlighet sagt hver dag, gir hjemmet lykke,trivsel og behag.

Eg skal ta godt vare på denne skatten etter vår kjære oldemor frå Lurøy på Helgelandskysten, og eg håpar eg ein gong får tid til å sy/brodera ein del av dette ho har sete og gjort før meg.

DSCN3311-vert

*******     *******     *******     *******     *******     *******     *******

Så over til MI SAMLING – dagens fangst etter søndagstur i skogen.

DSCN4299-vert-vert-tile

Dette skal det bli mykje fin julepynt av…. 

DSCN4306-vert-vert-vert

Og mens konglene kosar seg på 50 grader i ovnen og blir lubne og blanke, er det så smått begynt å bli hjerter av mosen. I garasjen står det ei vindusramme, ei lyslenke, einerbusker og eit par skøyter som fristar veeeldig å få gjort noko med – men det er framleis 2 veker att til advent så eg må la det bero ei stund til…. LYST Å SJÅ KVA DET BLIR??

DSCN4295-vert-vert

 

Med 1000 idear i hovudet ynskjer eg deg ein flott søndagskveld og kreative veker fram mot advent:0)

fredag, november 04, 2011

Ha ei fin-fin helg…den første i november:0)

Det var fleire som håpa på å få sjå ferdig resultat av julesokkane -

 DSCN4255-horz

- så her kjem bilder på dei første som er blitt heilt ferdige.

DSCN4256-horz-vertDSCN4265-horzDSCN4266-horz

Ei avslappande helg står for døra her i huset, bortsett frå litt vasking skal eg berre kosa meg med ting eg likar å gjera. Eg skal også prøva å få lagt att litt kommentarar rundt i blogglandia, så får me sjå korleis det går…. gong på gong skjer det at eg blir logga av når eg skal “publisera” kommentaren – håpar det er tilvenning frå ny fiberkabel som gjer det og at det vil gå seg til etter kvart. Hjå nokon går det heilt greit,hjå andre er det reine “marerittet”- som hjå deg Berit T… har lagt inn kommentar 5 gonger uten hell… men eg har slett ikkje gitt opp så eg kjem innom att utover kvelden:0)

DSCN4262-vert

Me skriv som sagt novemberhelg – og med denne einslege novemberblømande rosa på terrassen i låg novembersol ynskjer eg alle ei riktig god helg! 

DSCN4279-horz-horz

onsdag, november 02, 2011

I kveld slår eg eit slag for husbonden…

Eg var så vidt innpå det tidlegare her, husbonden hadde vore på handel.

page1

Overraskelsen var stor kan eg lova, han kom heim med benk og konsollbord til hallen.

page2

Veeeldig fornøyd konemor:0)

(Eg har store problem å komma inn på googlekontoen min for tida, nokon andre som strir med samme problem eller kan ny fiberkabel i distriktet her vera årsaka skal tru?)