søndag, desember 30, 2012

Eg har sove bort (nesten) heile jula….

GOD JOL til alle som er innom !

SAM_0465-horz

Med høg feber og halsbetennelse har senga vore min beste venn dei siste 4 dagane, innpakka i dun,flanell og pelspledd har eg hakka tenner i frostrier og julegjestene måtte klara seg på eiga hand så godt det let seg gjera.

SAM_0510-horz

I dag er eg på bedringens veg og er kapabel til å sitja oppreist lenge nok til å “klura” ned nokre ord her. Ville så gjerne få takka for alle gratulasjonane eg fekk til gebursdagen min og også få takka for eit flott bloggår som snart er over. Som i tidlegare år har også det som no snart er ein saga blott og kun eit minne gitt meg masse godt her i blogglandia. Eg har sagt det før og eg seier det igjen – det er eit heilt spesielt folkeferd ein får som bloggvenner!

SAM_0561-vert

1.juledag snøa det trollkjerringar ute og vesle Leah på 1,5 år fekk prøva den gamle sparken etter Besten. Sparken er bitteliten, bonderaud og sjarmerande! Alle våre 3 born har hatt den som sin første spark og dei to eldste barnebarna likeså. Og i ein alder av ca.55 år held den altså framleis koken!

SAM_0557-vertSAM_0555-vert

Leah fekk ikkje heilt taket på det med å sparka ifrå, men koste seg STORLEG både med å stå på meiane og sitta på setet.

SAM_0549-horz

Den minste gullklumpen til Besto måtte halda seg innadørs. Han er frisk att etter hjernehinnebet. men det meste av det han hadde lært før han vart sjuk, er borte. Intensiv trening visar resultat litt etter litt. Det var epedemi på Fyn og 11 % av borna døde, så me er STORHELDIGE som ikkje havna i den statistikken!!

No er det slutt på “ork og krefter” i influensakroppen til Nikoline så då vil eg berre seia

SAM_0491

HA EIT GODT,NYTT ÅR I VENTE ALLE SAMAN OG TAKK FOR DET GAMLE :0)

søndag, desember 23, 2012

Idag er det MIN dag -

men det er vel ikkje så mykje å feira at ein er endå eit år eldre… Dog er det noko i det Brannmannen seier – alternativet er verre.

Med bilde av ferdigpynta hall vil eg ynskja alle og ein kvar

SAM_0507-horz

RIKTIG GOD OG FREDFULL JULEHELG!!

Me knottas i melsdagane :0)

tirsdag, desember 18, 2012

Av og til går det litt for fort i svingane…

18201_10151230512639270_1109713582_n

Om to-tre dagar kjem dei første julegjestene og dagane fyk avgårde.

643927_525947197422245_1533894221_n

Her i heimen går det på julepyntinga laus – både inne og ute!

For ordens skuld : bilder er funne på nettet.

546287_535539376463027_400504960_n

Ha ei god og stressfri veke vidare du også :0)

fredag, desember 14, 2012

Strikk eitt, strikk tre, strikk mange,mange!

SAM_0422-tile

Med eit superraskt og flott resultat !

SAM_0423-tileSAM_0424-tile

Det er gjordt på eit kvarter både å strikka og sy saman eit slikt hjarte så du kan laga maaange i løpet av ei kveldsstund. Dekorativt både MED og UTAN pynt… eg har festa ei lita silkerose på ( og her lyg billedfargen veldig – rosene er mørk raude og ikkje lilla som det ser ut for på bildet!)

hjerter2-tile

God helg og strikk i veg :0)

torsdag, desember 13, 2012

Då har det vore trekning av vinveske-nisse…

Tusen hjarteleg takk til ALLE kjekke damer som ville vera med i trekninga og eg skulle så gjerne hatt ei vinveske til kvar og ein! Slik vert det sjølvsagt ikkje… men EIN heldig vinnar kan få ny nisse til jul då.

SAM_0405-tile

Her vart det på godt gamaldags vis. Alle som deltok vart noterte ned med 1,2 eller 3 lodd og deretter havna alle navna i ein stor hatt. Lappane vart godt blanda og rota rundt, og opp av hatten kom ei papirstrimle der det står GUNN – ODIL på. Gratulerar så masse!

Gunn-Odil har ikkje blogg og er faktisk ei dame på andre sida av elva der me har hytte – og tek eg ikkje heilt feil kan eg spasera berre nokre meter frå heimen for å finna arbeidsplassen til mannen hennar for å levera nissen. Hvis ikkje dette er rett må du senda meg adr. di Gunn-Odil så skal eg senda den i posten til deg.

Igjen, takk for interessa til alle saman og ha ein fin kveld vidare. Betre lukke neste gong…?

søndag, desember 09, 2012

Det lyser i stille gater…

SAM_0394-horz

I år har me nytt gjerde langs gata og me har delt det opp i “soner” med kraftige trekasser i mellom. Sjølvsagt var dei grøne buskene som står i kassane ein INVITASJON for julelys!

SAM_0390-horz

Gjerdet skal målast kvitt ( samt kassene sjølvsagt) men det måtte forevigas lell… og det måtte også den nye bukken i grå rotting som ynskjer velkommen ved portstolpen. Ei lita gran i mjølkespann har fått fast følge med bukken og trives i kvarandres selskap.

SAM_0391-horz

Gata vår er stille og roleg trass i at det er omtrent i sentrum og i ettermiddag har me hatt ei god og stille stund innomhus også. Eg har laga innlegg om skumringstimen vår tidlegare ( er vel fleire år sidan innlegget etterkvart, men skal ikkje kjeda nokon med gjentakelse ) Vil berre sei at ei slik stund i ettertankens tid og med tankane i fri flyt burde alle prøva og unna seg. Sjå dagen ta slutt og gå over i kveld – vera takksam for det dagen har gitt. I tankane akkurat i dag var eg aller mest glad for at det vesle barnebarnet vårt klarde kampen mot hjernehinnebetennelsen og skal koma heilt frå Odense for å feira jula saman med oss.

SAM_0344-horz

Så minner eg om at eg gje vekk ei vinveske med ein blid nisse på den 13.desember. Ver med i trekninga om du ynskjer deg ei slik til jul. Og til alle som allerede har meldt seg på, tusen takk for interessa! Og særs kjekt at mange “anonyme” er med, både kjende og ukjende!!

SAM_0334

Riktig god 2.søndag i advent :0)

tirsdag, desember 04, 2012

HEI IGJEN :0)

Fekk så lyst til å gje vekk ein blid nissefar til jul – har du lyst på ei slik vinveske som i innlegget under her?

SAM_0329-vert

Tenkte først eg skulle ha trekning på gebursdagen min, vesle julaftan, men ved nærare ettertanke fann eg ut det var litt dumt… då får jo ikkje vinnaren den til jul.

Så eg tenkjer me seier 10 dagar før, eg – Luciadagen 13.desember trekkjer eg ut ein vinnar. Eg gjer som brukande er her i bloggverda : 1 lodd for kommentar på dette innlegget, 2 lodd for komm.+ at du er følgar av bloggen min og 3 lodd om du legg ut konkurransen på bloggen din.

Kom igjen , la deg frista av ei ekstra julegåve då vel :0)

På rekke og rad…

….. med vinvesker.

SAM_0334-tile

Strikka i Fritidsgarn og tova, og ansikt har dei fått av ei strømpebukse. Eg produserar til mitt framtidige utsalg i kjellaren – men det er ein god jobb som står att for å få ferdig eit skikkeleg lokale.

SAM_0330-tile

Det som er så kjekt med å laga ansikta er at ingen blir like, det vera seg både strømpebuksefjes eller cernitfjes. Eg likar ikkje å laga opp att det samme fleire gonger, men når eg får forma kvar og ein forskjellig blir det mykje kjekkare!

SAM_0329-vert

Har ein plan om å få laga opp ein del julevarer no på denne tida då det er koseleg å halda på med slikt, etter jul skal eg i full gang med penslane att er tanken….

SAM_0336-horz

Og det hender at penslane kjem fram slik i dann og vann no også – nokre små julehelsingar i staden for konfekt skal desse vera til.

SAM_0341-horz

Så får me håpa at mottakarane set pris på søte nissar i staden for søte sjokoladebitar.

SAM_0319-vert

Me skriv 4.desember i dag, eit bittelite snødryss har lagt seg over bygda og med 15 iskalde grader held eg meg inne ved ovnen og kosar meg med julegåveinnpakning. Kva driv du på med i kulda? Ha ein fin dag i alle fall :0)

søndag, november 18, 2012

Med litt åleinetid fylgjer alltid store planar…

Ungdomen i huset skulle på VossaLAN frå fredag til søndag, Brannmannen skulle på julebord fredag og med påfølgande møte heile lørdagen. Med slike utsikter har eg alltid stooore planar for alt eg skal gjera når eg har berre meg sjølv å ta hensyn til…

Eg burde vita betre etterkvart – dagane går mest med til VAS ! Blandt anna har alle gamle julemagasin vorte NØYE gjennombladd, det er jo så himla godt å krølla seg saman i godstolen med fyr i ovnen og tjuvsmaking på årets julebrus – (der er det KUN Hansa sin på glassflaske som gjeld!!) Og sjølvsagt kjem ein litt i julestemning med sprudlande raud julebrus i glaset ;0)

pute 2-horz

JULEPUTE er resultatet.

pute 3-horz

Og JULESTJERNER.

Det ser ut for at jula vert ein anelse brun i år…. Stoffet eg har brukt ser ut som det er slitt og “skrukkete” lær, det er puta sydd av og stjernene er av papp (frå Panduro) som eg har trekt med samme stoffet. Det gjeld også hjarta som er festa på puta. Det har i tillegg fått eit måla årstal på til pynt.

pute ute-horz

På puta har eg sydd på eit motiv frå julestoffet eg kjøpte på Vestlandstreffet og som eg har vist fram i tidlegare innlegg. Til sludd nesta eg fast ei kunstig lerkegrein med nokre sting. Kanskje ikkje heilt egna til å sova middag på, men det er då heller ikkje meininga.

SAM_0152SAM_0165

Men eg må jo ha litt fleire puter som passar til – “Ei svale gjer ingen sommar”…eller “Ei einsleg julepute gjer inga jul”

God søndagskveld :0)

søndag, november 11, 2012

Helgeprosjektet–”kjøkken”–ferdig!

Og det var fort gjordt når ein først kom seg i gang…

SAM_0143-vert

Ved komfyren har det stått ein kvit og uferdig vegg og venta på flislegging i 2 år. No var eg HEILT FERDIG med å sjå på dette uferdige -  men det vart noko anna enn flislegging til slutt -

SAM_0125-vert

FØR OG ETTER :

page

UNDERVEGS :

Alt rotet er plukka bort, vaska veggen med salmiakk, måla den perlegrå slik som kjøkkeninnredningen er og så var det Brannmannen sin tur med plank,sag og hammar…….

kjøkken 1-vert

Ei gammal rusta dør fann eg under masse rot og rask bak garasjen, den er no pussa og blitt eit lite blikkfang over hylla.

SAM_0142-vert-horz

Veldig fornøyd :0)

SAM_0144-vert

Men her på bloggen har det skjedd ein “liten katastrofe” !!! På eit eller anna vis (det er nok eg sjølv som har gjordt noko eg ikkje veit om…) så er heile lenkelista mi borte vekk! Her skal eg få litt av ein jobb…! Eg får starta med å gå inn på dei som har kommentert i tidlegare innlegg og så får det komma litt etter litt som det dukkar opp… puuhh… du forstår kva eg skal bruka søndagen til kanskje??

gml dør-vert

GOD SØNDAG TIL DEG OGSÅ :0)

PS: Brannmannen er nok blitt smitta etter alle åra saman med meg for han lurte på om eg ikkje skulle skriva noko på hylla over komfyren… og ja, må nok det!

tirsdag, november 06, 2012

Ein sterk og flott gut

har kjempa sitt livs kamp og vann!!

155932_285155268268982_1314843434_n

Takk for alle gode ord og varme tankar kjære bloggarar!

mandag, november 05, 2012

Eit forferdeleg døger…

– som no ser ut til å enda bra.

SAM_0081

Ingenting er verre enn når det skjer noko med barn og barnebarn .. og denne helga slo “lynet” ned i heimen. Vesle Levin på 4 mnd. ,det yngste barnebarnet vårt, vart innlagt på sjukehus i hu og hast med mistanke om hjernehinnebetennelse. Ikkje lenge etterpå kom den frykta beskjeden – hjernehinnebetennelse konstantert og heile familien innlagt på isolat.

SAM_0080

Det vart lange timar der redselen skaka i heile kroppen, og samtidig skal jo sjølvsagt “ ho MOR “ vera den sterke som skal gje optimisme,håp og trøst til resten av familien. Det er ikkje så grådig lett når meldingane tikkar inn på tlf og det står “ mamma, eg er så redd”….

SAM_0089

Siste meldinga i gårkveld ga større håp, feber og puls var på veg ned og krampane hadde gitt seg. Dermed ga det ei slags nattero og tid til litt UTPUST att. No er den verste faren over og det gjenstår å sjå om det kan ha vorte skade på nervesystemet – og eg trur alt vil ordna seg bra!

IMG-20121021-WA0002

Ta vare på dagen i dag – det er så uvisst  kva morgodagen bringar.

426729_258900654227777_1950726487_n

PS:I dette øyeblikk kom meldinga eg har venta så sårt på… faren er over!

fredag, oktober 26, 2012

Haust møter vinter -

- i ordets rette forstand.

SAM_0076

I helga er me komne dit hen at me skal skru klokka tilbake 1 time att og vinteren har vist seg i det meste av landet forstår eg. Det ser ut for at det berre er austlendingane som ventar – eller ikkje – på at snøen skal koma.

Eg er i grunnen litt overraska over kor mange det er som IKKJE likar det kvite element…

SAM_0078

I dag skulle eg ta bilde av flotte dompappar i epletreet til naboen, men det “skar” seg bitte litt … då eg kom nær nok til å få den med, flaug den sjølvsagt! Du er god hvis du ser den innimellom greinene her.

SAM_0077

Men kontrastane i desse bilda fekk eg likevel lyst å visa deg – der hausten møter vinteren.

Ha ei riktig fin vinterhelg :0)

torsdag, oktober 25, 2012

Nye “kompisar”

Akkurat i denne augneblinken dalar dei første snøfillene til bakken og eg kjenner på ei glede som om eg skulle vera 6 år og ikkje nærare 60…. Det er alltid ei slik kjensle ved den første snøen og eg vert fyllt av energi! Til og med golvvasken går unna med eit smil om munnen i dag.

Nokre nye nissekompisar er komne til verda også – lyst å helsa på dei ? :0)

SAM_0060-horz

Den første er ei enkel utgåve for han her har ikkje ein gong eigne bein å stå på – han klamrar seg fast til ei gamal sleiv. Og julefuglen over alle julefuglar – dompappen – har funne seg til rette på toppen av nissehua.

SAM_0051-horzSAM_0048-horz

Denne karen er på vedhogst og tek ein pause ved skigarden. Kva har han med i sekken sin skal tru…? Han er ikkje ein slik nisse som kjem med gåver han her – så det er vel heller kaffi + litt til på termos i sekken.

SAM_0055-horzSAM_0057-horz

Ein forskrekka nissegut har klatra opp på taket og held seg godt fast medan nissefar ser ut for å ta det heile med stoisk ro.

SAM_0054-horz

Fleire er under produksjon, men med all glede og energi eg har fått i kroppen av snøen som dalar ned i dag skal eg finna fram målepenslane og nokre gamle pannelok no. Kanskje vert det ein hoppande glad nisse eg målar?

God torsdag :0)