onsdag, mars 05, 2014

På tide å sei adjø -

- til nissar og snø…… Siste innlegg herifrå var tidleg i desember med nisseliv og snø, og det var den vinteren me hadde i år. Snøen som kom då forsvann fort att og sidan dess har det vore “vår”.

Me har allerede brukt opp fleire dagar av mars og det spirer og gror… bladknoppane er i gang med å buska seg og det er ALT for tidleg!

SAM_1348-vert

Penslane er i sving for tida og og det vart litt påskestemning først. Tullemor nyt påskesola på skitur, men her på Voss må ein svært høgt til fjells for å finna slike skiforhold som ho har her.

SAM_1342-horz

Med høglytt fuglekvitter frå morgon til kveld vart eg inspirert til dette motivet som eg har måla på ei gamal sag. Fuglemor har det travelt her for å stilla svolten til sine yndige små.

SAM_1345-vert

Nokre spadar med “Velkommen” på skaftet er det også blitt, sauer,kyr og som her, representert ved ein stor og stolt hanefar.

SAM_1350-horz

Mars har eg tenkt som ein god arbeidsmånad då eg ikkje har klokka å fylgja så veldig nøye… Ungdomen i huset er reist som utvekslingsstudent til Shetland (heldige han!!!) og blir borte heile månaden. Så får me sjå om det blir som eg har tenkt,då. I går var eg ein slengtur til Ikea i Åsane og hadde med meg ein stor stabel med trøer (trappekrakkar) heim att. Gler meg veldig til å måla motiv på dei og er allerede i gang med eit tiurmotiv på den første.

SAM_1340

Med store forventningar og pågangsmot til tusen ynskjer eg mars velkommen og håpar alle får ein flott vårmånad :0)