fredag, januar 29, 2010

Fullmåne og slutten på januar månad..

Denne helga er den aller siste av den laange januaren… Januar var i alle fall frykteleg lang før i tida! Men det var før det… no rasar alle månadane forbi samme kva dei heiter; om det er januar,juni eller oktober er eitt feitt, dei er over før ein får sukk for seg!

Denne siste januarhelga byr også på fullmåne. Og månen er større enn nokon gong då den er nærare jorda enn vanleg, så eg anbefalar alle å ta seg ein måneskinnstur i løpet av helga :0)

Og hvis du ikkje er ute og nyt sola no i påvente av månen,kan du ta ein liten titt på det eg har gjort denne veka…. (ja,eg har fått gjort litt meir enn akkurat dette i løpet av veka då,men ikkje noko som er foreviga eller egnar seg på bloggen…)

DSCF8169-vert

Eit dreia stettfat og ei sveipa korg skulle malast,og kunden var presis slik eg ynskjer kundane skal vera , “mal akkurat kva du vil på det,berre det ikkje er trekvitt lenger”

fat og korg

Då har eg stort spelerom og får bruka fantasien samtidig som eg gler meg til å ta fatt på bestillinga. Kunden har ikkje laga seg eit indre bilde av gjenstanden og eg treng ikkje tenkja på om det var slik eller slik ho tenkte seg det…

DSCF8175-vert

Akkurat idag finn eg ikkje roen til å mala… ikkje roen til noko anna fornuftig heller for den saks skyld… Storajento vår er på Haukeland for kontroll etter kreftoperasjonen og får svar på div.prøvar,og eg er så nervøs her eg vandrar rundt i huset utan rast eller ro i dag… huff a meg…  håpar på det beste!

Sola skin så blid inn glasrutene og gjev meg optimisme og energi, og eg tek det til meg.

Riktig god helg til alle som er innom!

torsdag, januar 28, 2010

Dette må me vel kunna hjelpa med…?

I gårkveld fekk eg ein e-post som lyder såher :

Er inne og kikkar på bloggen din med jamne mellomrom.Kosar meg med det. Er også innom nokre av dei du har linkar til! Der var det ei som for ca 1 vekes tid sidan hadde fått seg ein kjole…men eg hugsar ikkje kven det var og ikkje navnet på ho som hadde laga denne. Kjolen var i fleece og med hette. Kanskje prinsessekjolar… Hadde ein butikk i Trondheim som selde desse. Har søkt og søkt på nettet men finn ingen ting. Kan du hjelpa meg???

No er det slik at det står dårleg til med hukommelsen min og eg hugsar ikkje kven dette kan vera. Hjelpa må finnast i blogglandia…

Men dette må me vel kunna hjelpa dama med så ho får seg ny kjole???

Takkar og neiar på forhånd,eg….

tirsdag, januar 26, 2010

Ikkje så spennande -

- men det er no dette som opptek meg for tida…. Gatehuset -

DSCF8155 DSCF8156 DSCF8158 DSCF8157 DSCF8163

Eit artig funn under veggplatene over døra -

Josef Møen 25.august 1947 – dette var snekkaren som bygde huset i 47, han flytta inn på eit rom i 2.et.då huset var ferdig og budde der i over 40 år.

######### 

Det blir ikkje så mykje tid til overs for håndarbeid,men eit lite fjernsynsarbeid i seine kveldstimar må eg ha.

DSCF8164 DSCF8165

På realskulen (ja,sååå gammal er eg at eg gjekk på ein type skule som dei unge i dag ikkje anar kva er eller har høyrt om….!) lærde me makramè i håndarbeidstimane,og etter den tid (var russ i 1972!) har eg aldri prøvd på akkurat DET håndarbeidet. No tok eg opp att “gamle kunster” og flettar makramè med frynser som eg skal ha på nokre kvite hånddukar. Synes det er både moro og fint! Har lyst å knyta ein slik kant til gardinkapper også,men det får heller bli ein gong i framtida…. det er ikkje så veeeldig mange knutar som blir til i løpet av kvelden for tida.

Håpar de har det bra alle saman, eg ynskjer i alle fall alle ein strålande tirsdag !

fredag, januar 22, 2010

Eg er mållaus….

 – og DET er ikkje ofte…!

Etter å ha vore i postkassa idag har eg berre gått rundt og smilt frå øyre til øyre. At denne bloggverda er  fantastisk veit vel alle, og at den er HEILT UNIK med dei mest fantastiske menneske ein kan tenkja seg kan eg dokumentera her og no!!!

DSCF8147-tile DSCF8148-tileDSCF8149-tile DSCF8150-tile DSCF8151-tile 

Eg lurte fælt på pakka som låg i postkassa… til MEG, frå utlandet….,ikkje hadde eg bestilt noko som eg kom på,ikkje har eg vunne noko eg veit om.. og ikkje såg eg noko avsendar heller sånn i farten.. eg snudde og vende på den fleire gonger for å forsikra  meg om at pakka verkeleg var til meg før eg åpna.

DSCF8152-tile-vert

Kjære snille,gode,rause Ruth i Skottland… KVA SKAL EG SEIA…. anna enn           TUSEN TUSEN TUSEN TAKK !!!!!!! Eg er heilt overvelda og har problem med å finna ord idag. Vanlegvis set eg meg ned og lagar eit innlegg i høgt tempo,og skriv det som dett ned i hovudet på meg utan å tenkja så mykje meir over det. I kveld har eg sete og glodd på tastaturet,så på skjermen,skrive nokre ord og “viska” det vekk att… prøvd med nokre nye ord og les det eg har skrive om att og om att og ser eg får ikkje fram det eg ynskjer å seia…

De som ikkje har vore innom bloggen til Ruth bør legga turen dit.. de finn henne i bloggrollen min som ULLHEDINA. Innlegga hennar har gitt meg mang ein god latter, ho skriv utruleg bra, er ein racar med strikkepinnane og kreativ på mange områder. EIN FANTASTISK BLOGGAR!

*******************************

Som eg har sagt før,er me i gang med renoveringa i Gatehuset. Det blir nok ein del innlegg med DET som tema dei komande månadane, og her er ein bitte liten forsmak på kva de har i vente….

DSCF8143-vert-vert

Første veggen er no riven… her blir det arbeidsrom og bad med tid og stunder. Det har vore ei travel veke, etter endt arbeidsdag har det vore middag i full fart og så rett ned i huset for å jobba. Har kome seint heim att om kvelden og då har det ikkje vore ork att til å setta seg ved dataen… Men i kveld skal eg ha frikveld (husbonden går på vakt frå i dag og skal tilbringa kvelden på brannstasjonen – så frikvelden har sine naturlege årsaker…) og eg skal nyta synet av dei vakre sokkane som heng til pynt som eit lite smykke i interiøret mens eg kosar meg rundt om på besøk i bloggverda.

DSCF8153-tile

Ha ein fin-fin fredagskveld alle saman, og ein ekstra tanke går til Skottland i vinterkvelden :0)

PS: Som om dagen ikkje var fullkommen nok som den var,kom min kjære inn døra med ein stor bukett tulipanar til meg no før han skal på vakt… det blir beint for mykje for meg på ein gong dette her…

*Lukkelege Nikoline*

tirsdag, januar 19, 2010

Litt om meg…..

gunknitter

Stubbetufsa har gitt meg ein utmerkelse og ei utfordring.Eg skal skriva 7 ting om meg sjølv og utfordra 7 nye bloggarar. Skal prøva å finna på noko eg ikkje har skrive om meg sjølv tidlegare,men det har vore ein del liknande utfordringar før så det kan godt henda det blir noko gjentakelse her… de får bera over med det i så fall… Stubbetufsa gir meg utfordringa for at eg skal ha litt anna å tenkja på,ho seier “ fordi hun arbeider for mye med sine malestykker”… derfor passar det godt å gå i arkivet å finna bilder av “mine malestykker” idag synes eg…. og har de sett nokre av dei før,ja….så får de bera over med DET også…..

jula2006-påske2007 068-tile

*Eg er oppvaksen med berre brødre og det er 5 år mellom oss alle 4

litt av kvart

*Leikekameratane mine var ein kvit katt med eitt grønt og eitt blått auge og ein lyseblå undulat som heitte Pelle.Eg lærde den opp til å sei navnet sitt.

sager

*Me hadde sauer,grisar,høner og to travhestar,likevel er eg LIVREDD hestar! (i tillegg til veps!!)

rotekoppar

*Var vel det ein kallar skuleflink,men gifta meg tidleg og vart aldri ferdig med utdanninga mi (som skulle bli lærar)

storfugl

*Har 3 born,2 av dei er døve så eg har vore dagleg “to-språkleg” fram til dei vart vaksne og flytta heimefrå

skirenn

*Har totalt og fullstendig flyskrekk,likevel har eg flaksa heilt til Amerika!!

teskrin

*Etter 50 år i barndomsheimen skal eg flytta i løpet av 2010…..

vindunkar

Dett var dett, og ettersom dei fleste har tatt denne utfordringa no etterkvart, sender eg den vidare til dei som ynskjer å ta den,men ikkje har fått den.

Apropos det siste punktet på “lista”mi – no er me komne i gang så smått i “Gatehuset”, i gårkveld vart første veggen riven på det som skal bli arbeidsrommet mitt og der eg skal driva med mine “malestykker” (eit flott ord det der…)

HA EIN STRÅLANDE TIRSDAG , og tuuusen takk for alle kjekke kommentarar eg har fått på det siste innlegget!!!

mai 09 176

fredag, januar 15, 2010

God Jul….

– eehhh… HELG meinar eg…

Halmbukken er ferdig!

DSCF8109-tile

Ein staseleg kar, heile 80cm over bakken (golvet) kneisar den no stolt med eit utall kilo hasselnøter,nytt skjegg og zinkskilt rundt halsen.

DSCF8117-tile-tile

Kjekt å finna den fram fiks ferdig når me kjem til desember att… sjølv om det står januar på kalendaren nett no…

DSCF8113-tile-tile

Ha ei strålande januarhelg alle saman!

torsdag, januar 14, 2010

Kong Vinter viser kreftene sine -

- og Meteorologiske Institutt melder om at Voss feiar både Røros og Tynset av banen når det gjeld langvarig kulde. Tirsdag var Voss kaldaste staden i landet, men eg seier som Ivar Aasen - *For kaldt er vondt og for heitt er verre*  Eg nyt desse flotte dagane me har med klar blå himmel,strålande sol og gnistrande landskap!

DSCF8100-tile DSCF8101-tile DSCF8102-tile

No er det vel slik at slett ikkje alle likar vinter,kulde og snø, men absolutt ingen kan vera ueinige i at det er utruleg VAKKERT med vinter! Sjå kva naturen har å by på for tida !!

DSCF8096-tile

Ikkje alt er av det gode…. legg merke til den gråbrune skodda som ligg som eit teppe over sentrum på dette bildet… Det er forureining – og luftkvaliteten på Vangen er nok ikkje betre enn i Bergen ( men her blir den ikkje målt –)

Ja,som eg sa __ Kong Vinter viser oss kreftene sine i år, og nett no gjer han eit tappert forsøk på å lura oss med å blåsa litt mildare pust nokre dagar, berre for å kunna briska seg att etter helga…

Idag held det seg på 8-10 minusgrader og det er meldt om litt snø i lufta, og så skal kulden setta inn att i neste veke. Vel,det er berre EIN ting å gjera – kle seg og fyra i ovnen og passa på at ein ikkje går tom for håndarbeid…

DSCF8107-tile-tile

Nytt teppe på gang her hjå teppomanen.

Grå lin, heklegarn og kvitt perlegarn

DSCF8105-tile

-kan bli til TEPPE-

Har att å fora og dampa det,så kan det leggast på ein kvitmåla benk på arbeidsrommet. Våre liv – ein draum som ruslar forbi…

Julepleddet er ferdig brodert,men der er det ein del meir “etterarbeid” då det skal vatterast har eg tenkt. Og halmbukken….? Har fått ein heil berepose med hasselnøter og limer i veg.. ikkje mykje att på den før den kan visast fram her på bloggen… Ja,for de har vel lyst å sjå sluttresultatet.. eller…?

Ha en fortreffelig aften,damer!

DSCF8097-tile

søndag, januar 10, 2010

Det er lenge til det er jul att -

- EG VEIT DET….

Åkke som, det er julepusleri eg driv med i kulden…..

Men først av alt (og forhåpentlegvis for siste gong) ,eg har funne ut av bildemysteriet!

Så over til juleforberedelsane -

DSCF8073-tile-tile DSCF8080-tile-tile

DSCF8078-tile-horz

Ein staseleg halmbukk,kjøpt i Sverige på 70-talet,har leeenge trengt ein liten make-over!Kvar januar i fleire år har eg tenkt tanken; neste jul skal eg kle den med hasselnøter. Men framfor jul er det hundre andre prosjekt som skal utførast,og halmbukken kjem fram veslejulaftan like mager og pjuskete som året før… Så NO har eg skrede til verket – men kor langt kom eg med hasselnøtene…? Eg hadde massevis av restar oppspart gjennom fleire med tanke på akkurat dette… og kom ca.1/4 avgårde på bukken så gjekk det tomt!

 DSCF8082-tile

No har eg sett mi lit til nærbutikken ved “Gatehuset” og til Trollkåno… ho brukar å kunna trylla ved visse anledningar og når ein treng hjelp,så ein sms vart sendt til henne i går…

LITT MEIR JULEPUSSEL…

Endå eit teppe – kva er det med meg og tepper skal tru…?

DSCF8086-tile-tile

Dette stoffet innbaud til juleteppe til ein benk. Grått med smaaale,diskret raude striper.

Linen var for tett til å telja seg ut på,men med eit broderistoff tråkla oppå går det fint. Har eit samme sort prosjekt på gang som skal vera “heilårsteppe” med kvitt broderi og kvit hekla blonde.Det er teppet eg nevnde i forrige innlegg.

DSCF8087

Ein får i alle fall gjort mykje håndarbeid i denne kalde januaren,så det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko…!

No skin sola og me har berre minus 25 utanfor, ein flott søndag!

Håpar du har ein fin dag også :0)

onsdag, januar 06, 2010

SUR…. – dritsur egentleg….

– har eg vore i fleirfoldige dagar!!

DSCF7958-tile

Eg har nemleg ikkje funne att bilda mine på dette “vidunderet” med nytt program! Og kva er vel blogging uten bilder??? Kjedelege greier – synes EG i alle fall…

I kveld bytte eg om til trådlaus mus (ingen misforståelsar eller stygge tankar her no,takk!)- og kva skjer… bilda sprett opp som “troll av eske” og “perler på ei snor”!

DSCF7962-tile

SUR…? – NEI SÅ LANGT IFRÅ!!! Eg er så blid,at….

No når eg er så smørande blid skal eg snart ta meg på tak og ta ein kommentarrunde også. Beklagar,men eg har vore skikkeleg LAT på den fronten….

lys og is

Under her finn de mønster på bamsen Klaus og gensaren hans,samt julesokken eg strikka før jul.

is

No har eg eit veldig spennande teppeprosjekt på gang… snart ferdig- så skal de få sjå det. Noko må ein jo finna på her ein krøllar seg  saman framfor vedovnen og sender skråblikk bort på gradestokken som sakte men sikkert sig ned mot minus 25! Det er i drugaste laget sjølv for eit vintermenneske som meg!

DSCN0661 

Her må det fyrast meir – ha det så lenge :0)

0908140031_JPG-for-web-large-tile