onsdag, mars 30, 2011

“Dett var dett” -

  - i alle fall for ei stund.

Nikoline På Landet takkar for seg.

DSCN3171-tile

Tusen hjarteleg takk for alt de har gjeve meg av godord,latter,inspirasjon og idear – FABELAKTIG !!

Bloggen blir ståande, for kanskje ein vakker dag “får eg ånden over meg” og startar opp att som bloggar.

DSCN3165-tile

Blogging har vore ein kjær hobby gjennom 3 1/2 år og mange utruleg kjekke medbloggarar har gjeve meg MYKJE. Eg får ikkje gje så mykje tilbake for tida og føler derfor det er rett tid å gje seg på no.

DSCN3170-tile

Eg seier ikkje adjø, men på gjensyn. Ha ein fantastisk vår i vente og ta godt vare på dagane du har.

DENNE DAGEN – EIT LIV !

DSCN3112

tirsdag, mars 29, 2011

Hei på deg :0)

Skin sola på deg i dag? Det gjer den på meg!

DSCN3221-horz

Og sola skin også inn på nytt og fint soverom… trall-la-la…

Eit billedras i full fart, har egentleg ikkje tid til noko innlegg her og no,men har så lyst å visa deg korleis soverommet vart.

DSCN3185-tile DSCN3193-vert DSCN3202-vert DSCN3204-vert DSCN3211-vert

Er storfornøyd!

Kjem tilbake med eit litt “skikkelegare” innlegg om ikkje så lenge.

Ha det bra og ha ein strålande dag:0)

torsdag, mars 17, 2011

Det går seg tè på soverommet:0)

– og slik vart fargevalget:

vegg og golv

Ein grå-beige farge på panelen, tapet med blomar i samme valør på veggen der senga skal stå og golvet er grå eik.

DSCN3132-vert

(eg skunda meg å ta vekk igjen fugleburet før brannmannen kom heim… måtte nett “sjekka fargen” inntil veggen.. *kremt*)

DSCN3137-vert

Her er det begynt å bli tak.

DSCN3135-vert

Her som alt rotet er plassert skal det bli walk-in-garderobe.

WEBBIG_36621_1-tile

Dette er møblemanget som skal inn på soverommet (Møbelringen)

 WEBBIG_31309_2-tile

- og ny sengegavl er bestilt – fann ingen bilder utenom heil seng,men me har rammemadrass og skal altså ha berre hovudgavl mot veggen.                                                                                                                                 

DSCN3138-vert

    Og utanfor terassedøra – ein stooor og god platting. Neste veke kjem det rekkverk på forhåpentlegvis.

DSCN3136-vert

Men no er det berre å bretta opp skjorteermane og gyva laus att… puuhh…

mandag, mars 14, 2011

Opp som ein hjort – ned som ein lort…

Det var visst eit deprimerande innlegg eg hadde sist, men i dag er eg “høgt oppe” att for i dag skin sola!!

Vakna tidleg og såg blå himmel etter gamalt, og kjende energien pitra i kroppen  før eg kom meg på beina… Tenk at det kan vera såååå stor forskjell på dagane berre sola tittar fram ! Dagen skulle starta med grunning av veggplater var meininga, men det var for kaldt i rommet så tidleg, men energien måtte nyttast må veta ;0)

Det vart verkstaden og fram med måling,lim og serviettar før klokka halv åtte på morgonen…

DSCN3129-horz-horz DSCN3121-horz DSCN3119-horz DSCN3124-horz  DSCN3117-horzDSCN3125-horz    

Men no må eg i gang med veggplatene så dei er ferdiggrunna til tapeten kjem i hus.

Takk for alle gode og oppmuntrande kommentarar frå hjartevarme bloggarar, vær og kulde spelar så visst ingen rolle så lenge ein befinn seg i blogglandia!

Ha ein fin-fin mandag og ei flott veke – håpar sola skin der du er :0)

tirsdag, mars 08, 2011

Tomt…

…. både i heimen og på bloggefronten.

Herlege dagar med barnebarna som me ser så alt for sjelden, er over. No ser me dei ikkje igjen før i mai, då går turen nordover i konfirmasjon til eldstemann. Det vart både fjelltur,bowling, Besten sin “verdens beste” pizza og andre ting på ønskelista dei hadde, men aller gjevaste dagen var utan tvil eit besøk på brannstasjonen!!

DSCN3028-vert

Eldstemann fyller ut i uniforma til Besten…

DSC00198-vert

Høgt,høgt i det blå!

 DSCN3074-vert

Ut på tur, aldri sur – med sirener og blålys

DSC00206-vert

Så no sit Besten og Besto att med litt “falma” minner… Ein attgløymd rosa bamse, ein bukett tulipanar som også ser triste ut akkurat som Besto, og restar i botnen på Besten sin snopeboks….

siste rest-vert

Huff, det er leeenge til mai!

Håpar eg kjem litt sterkare att på bloggefronten , det har vore labert no… Tomt i hovudet også – ikkje berre i huset :0(