søndag, desember 08, 2013

Julesnø ?

SAM_1310-tile

Eller er det for tidleg til at det skal vara…?

SAM_1302-tile

Det har i alle fall lava ned i store mengder i natt og Brannmannen har fått morgongymnastikken sin…

SAM_1307-tile

Bra han ikkje har vakt og må på utrykning i full fart!

SAM_1305-tile

Takkar så mykje for alle koselege kommentarar og ynskjer alle ein fin-fin adventsøndag :0)

lørdag, november 23, 2013

Vi nisser, vi nisser, vi gjør så godt vi kan…

SAM_1264-horz

Denne nylaga gjengen tittar innom for å ynskja alle ei riktig GOD HELG !

SAM_1266-tileSAM_1274-tileSAM_1270-tile

Og GOD HELG frå meg også :0)

søndag, november 10, 2013

Ein skigard kan`kje vara evig veit du–men ein Ekornes kan visst…

Oppe i 2.et. har det vore eit stort roterom der ALT me ikkje veit kor me skal gjera av vart putta inn… Det var på høg tid å få gjort noko med det!!

2013-10-24 15.13-horz

Gløymde heilt bort å fotografera elendigheita før me sette i gang, men de kan få sjå resultatet etter “hardt” arbeid. Det står att å få ferdig ein godt levd sofa… ein Ekornes frå 80talet held framleis koken.

SAM_1204-vert

Her ser de 3 tidsepokar, først som sofa i stova på 80-talet, på 90-talet var den i bruk på guterommet (no i blåmønstra trekk) og i 2000 vart eit gildt og rutete trekk fabelaktig (!!) flott på hytta. Ja,ja.. alt til si tid!

I 2013 er den altså nok ein gong på tur til å få nytt trekk. Har vore på Stoff og Stil og ordna med møbelstoff og er godt i gang med arbeidet. Treverket skal målast, trekvitt er eg ferdig med for nokre år sidan.

SAM_1208-tileSAM_1211-vert

Ein anna ting som vart kjøpt godt brukt er denne fantastisk flotte takkruna. Brannmannen kjøpte den hjå ein skrotnisse på Hedmarken og han måtte jobba for å få den. Etter tlf. på tlf. til eigaren av bruktbutikken kom endeleg ei “dame” og låste opp. Så sette ho seg på trappa utanfor og sa at hvis me skulle ha noko fekk me ordna med det sjølve – og hvis me skulle ha lampar fekk me finna ein stige og klatra opp etter det sjølve – ho hadde ikkje helse til slikt. Etter litt bask og bal hadde Brannmannen fått ned takkruna og den vart med til Voss. Sjå på det flotte arbeidet som er gjort, og sjekk DEN “kjettingen”!

loftstove

Og slik ser den ut med nye skjermar. 

Når eg er ferdig med sofaen og me har fått tv-benken me ventar på, skal de få sjå andre enden av loftstova også.

Ha ein fin søndagskveld :0)

mandag, september 16, 2013

På arbeidsrommet akkurat no -

Ikkje akkurat inspirerande for måling … men innimellom blir det eit bitte,bitte lite snev av dekorstrøk også. Ikkje BERRE literboksar,stor kost og rulle.

SAM_1155-horz

For ei stund sidan tok eg fram stormotet mitt og tømde heile arbeidsrommet. I kjellaren sto ein gamal kjøkkeninnredning, trekvit og lakka, og det var både benkeskåp og overskåp. Med ein grundig salmiakkvask, sliping og pussing, heftgrunning og deretter fleire strøk med grått var det klart for montering på arbeidsrommet.For godt 2 veker sidan skulle Brannmannen  sykla rallarvegen og me skulle montera skåp dagen etter. Det vart litt annleis enn me planla – for Brannmannen fekk hjarteinfarkt midt oppå fjellet og resten av turen vart i luftambulanse… Det enda heldigvis bra!  Men skåpa vart ståande på terrassen sjølvsagt. Litt (ganske) forbarka på meg sjølv og sjølvhjelpheita som eg manglar bestemte eg meg for at DETTE SKAL EG KLARA SJØLV – og eg kan med stoltheit sei at eg har til og med bora hol for alle knottar og håndtak i dørene før eg skrudde dei på!

SAM_1145-horzSAM_1146-horzSAM_1147-horz

No vil vel nokon flira litt og lura på om eg er heilt god oppi knotten – skryta av slike ting – men for meg som har fobi mot ALT som durar av verktøy er det ein bragd skal eg sei deg!

SAM_1148-horzSAM_1158-horz

Men SLIK som dette har eg det altså no… og resten står “på stas” i stova og der får det stå inntil Brannmannen er restituert og kan løfta litt meir enn kaffikoppen sin. Benkeplata som står her er blytung og skal dessutan kappast av, og det er GRENSER for kva eg kan skryta på meg av ting er får til med verktøy som durar.

SAM_1153-horz

Så innimellom rot, permar, bos og rusk og rask riggar eg meg til på den eine benkeplata eg har og dyppar penslane i måling.  - Slik av og til -

Skiene frå naboen som flytta er begynt på forandringa, dette er den første ferdige. Med gradestokk.

SAM_1151-horz

Nestemann ut er dette paret som det skal monterast lysholdar på , og nr.3 er så vidt i gang med blyantstrekar av to gutar som baskar seg oppover i snøen. Det aller kjekkaste med å måla på ski er at eg får måla VINTER som eg likar aller,aller mest å måla.

Takk til alle som tittar innom, ha ein fin-fin kveld!

lørdag, august 31, 2013

Eg er slutta å springa under vannspredaren…

Spring litt til og frå mellom målepenslar og tusen andre ting som må gjerast.

SAM_1137-vert

Etter ein tur på kjerringtorget i Nesbyen sist helg var inspirasjonen på topp og dette vart resultatet på søndagen, men som så ofte så dabba det av med inspirasjonen då kvardagen kom att…

Snart, snart…. snart skal eg til med måling for fullt att trur eg, det gjeld i alle fall å vera optimist!

Til deg Anonym som spurde om utsalget mitt i forrige innlegg : eg er ikkje kome så langt endå at eg har starta opp – men er optimist ang. det også – så det vert nok utsalg med tid og stunder.

SAM_1140-horz

Med eit motiv som slett ikkje representerar årstida men som eg synes er eit veldig koseleg motiv ynskjer eg alle som er innom ei RIKTIG GOD HELG :0)

onsdag, juli 24, 2013

Når gradestokken passerar 33 gloheite grader -

 20130724_160737-vert

- må sjølv gamlefolket vera kreative når det gjeld nedkjøling…

20130724_160729-tile

KLAR – FERDIG – GÅ !!!

HERLEG FORFRISKANDE :0)

lørdag, juli 13, 2013

Ut på tur – aldri sur !!

Spesielt ikkje sur når turen går til vakre Hedmarken!

SAM_0931

Men skiene blir igjen heime på Voss…. Kjekt å ha naboar som tenkjer på meg når garasjen skal ryddast og veit at eg målar på det meste…

Ynskjer alle som er innom ein RIKTIG GOD SOMMAR !

SAM_0920

( og ser du godt etter på sommarhimmelen har du kanskje firkanta skyer du også, det hadde eg her om dagen)

GOD SOMMAR :0)

onsdag, mai 29, 2013

Ein vakker maidag

SAM_0904

Noko av det vakraste skaparverket gjev oss i maigåve – epleblomen.

Denne maidagen fekk me også vår førstefødde for 39 år sidan – verdas vakraste gutebarn.

Gratulerar med dagen Jens! ( det blir sommarfuglkake for 39.gong når du kjem heim til jonsok)

SAM_0903

Me feirar denne vakre maikvelden med jordbær på terassen i 26 VARME grader, ha ein fin-fin kveld alle :0)

fredag, mai 24, 2013

Hei Magne :0)

Rosene er raude

fiolane er blå

sitroner nokså sure

og EG er like så….

SAM_0893-tile-horz

  - fordi det meste av hagen har gått dukken under tjukke islag i vinter! Alle pionane bl.anna! Og hundrevis av tulipanløk som vart sett i jorda i fjorhaust – ikkje EIN av dei kjem!

SAM_0898-tile-horz

Inne i drivhuset kan eg SURA meg saman med sitronene mine…….

SAM_0885-tile-vert

Pallekarmane er blitt kvitmåla med svarte jernbeslag og eit lite dikt om frøet av Inger Hagerup.

SAM_0894-horz

Akkurat no er det 7 store,flotte sitroner på treet.

Nokre er begynt å få gulskjær i skalet, andre er så vidt i gang med voksteren.

SAM_0901-tile-horz

Ein får gleda seg over det vesle som har klart seg gjennom “istida” og så er det berre å starta opp att med hage og bed på nytt.

GOD HELG til både Magne og alle de andre som tek tida til å kikka innom meg :0)

tirsdag, mai 14, 2013

Me held oss helst innomhus

– både eg og plantane i denne seine,kalde våren.

SAM_0855-tile

Velkommen inn i drivhuset

SAM_0881-tileSAM_0875-tile

- som ikkje er heilt ferdig innvendig endå. Det manglar litt panel, lister på 3 glas og ein krane over vasken.

SAM_0859-tileSAM_0865-tile

Eg har sydd nye puter og stolane er nymåla, resten er gemalen sin jobb.

SAM_0875

Her skal det bli ein spennande krok (trur eg…) for her skal det plantast drueranke i den gamle stampen. Å hildrande du – når brannmannen og eg set oss ned med god vin i glaset og berre kan strekka handa ut etter søte blå druer på greinene – jadå,det er lov å drøyma -

SAM_0858-tileSAM_0859

Ein stor kasse med pallekarmar er under arbeid ( skal få nokre strøk måling og litt tekst ) og i den skal det blandt anna veksa sitrontre. Sitronene er allerede store, men endå grøne. Den første Rhododendronen er innkjøpt til Junibakken, den får også vera innomhus ei stund til så den ikkje skal frysa på føtene stakkar. Eføyen har overvintra og ser ut til å klara seg bra.

SAM_0876-tileSAM_0866-tile

Og – fordi det framleis er lov å drøyma – ventar eg på ein god og varm 17.mai og seier gratulerar så masse med dagen litt på forhånd!

SAM_0882-tile

No skal eg ha meg ein kaffikopp under markisa for å få varmen i skrotten att etter fotostunda i drivhuset.

SAM_0868-tile

Ha ein flott dag :0)

onsdag, april 24, 2013

Hmmm…

Det er vel på tide å sei vel overstått påske etterkvart? Ser (med forskrekkelse) at siste innlegg er ønske om god påske! Men eg er altså fullt oppegåande og sprudlande i live – så om ikkje så lenge skal eg finna noko å laga innlegg om.

430440_364243797026795_344789401_n

Enn så lenge får de nøya dekan med eit bilde av mine to minste og herlege barnebarn som bur så altfor langt borte (Odense,DK) for håndverk er det dårleg med for tida. Dagane går i bøtteballett og akrobatiske øvelsar under taket, dag etter dag!! Kva i all verden er det som gjer at det ein brukte 2 dagar på før i tida no tek 5 dagar….????? (PS: Du treng ikkje svara på dette spørsmålet )

Me knottast om ikkje så lenge og ha ein fin-fin kveld :0)

onsdag, mars 27, 2013

GOD PÅSKE!

706ca577a96bde20d2d6f242e9fb11f7

Ynskjer alle som tittar innom ein riktig god og avslappa påske!

torsdag, mars 07, 2013

Snart påske ??

Lenge sidan sist ser eg. Tida flyg ifrå meg og i følge kalendaren er påsken rett rundt hjørna, dagane er milde med takdrypp og vår i lufta og eg kjenner det klør i hagefingrane. Rett nok er det ei stund fram til hagestell, men plutseleg er me DER også. I mellomtida kan fingrane pusla med litt påskepynt i staden for.

SAM_0735-tile

Ein finn ikkje mykje gult i Nikolineheimen, men til påske synes eg det er fint med nokre gule innslag. Det må vera “100 år sidan” eg laga noko nytt til denne høgtida så i år skal det bli eit par nye ting.

SAM_0741-tilenr1

To lysglas med hekla trekk i gult kan lett skiftast ut til andre fargar seinare, og eit lite veggbilde kan lett bli til noko meir “fornuftig”…. Dette koselege motivet med hønemor og kyllingar har eg brodert for å bruka som midtmotiv på ei pute.

SAM_0741-tile

Etter nokre gode dagar i Notodden starta eg veka med fullada batteri og tenkte eg skulle få unna all verdens – men kvar vert dagane av – ?? Det er jo nesten HELG att !