mandag, august 30, 2010

God mandag bloggedamer!

I strålande haustvær skal eg ut og røyka kjøt i dag,men først skal eg gje ein lyd frå meg her på bloggen. Egentleg er eg veldig “gira” etter ein inspirerande tur til Kjerringtorget i går ( i øsande-pøsande regn heile dagen til ende!) men alt av hobbysaker er pakka ned og eg har heller ikkje tid til slike aktivitetar i desse flyttetider.

Lyst til å sjå litt av nytt småtteri til det nye kjøkkenet?…

DSCN1656-tile

- store flotte krukker som min kjære har kjøpt på Snoka

- blomsterpotter kjøpt på Plantasjen (men eg har malt dei grå sjølv)

- gamle former og ei sukkersaks frå Låven på Skarnes, og urtesaksa kjem frå Lobelia

DSCN1710-horz

- nytt lite veggskap

DSCN1662-vert

- og ei eggbøtte til spiskammerset.

DSCN1661-vert DSCN1725-tile

Ellers på kjøkkenet er det 3 nye taklampar (frå Ikea) og dei gamle spisestuemøblane er ferdig oppussa. Dei har fått forskjellige urtenavn på ryggen og grått lintrekk. På bordet er det malt Vel Bekomme (på latin)

DSCN1674-vert DSCN1698-vert

Ein kikk inn i stova…. så de ser det er framgang … sjølv om det er eit stykke igjen – Me har fått lys i taket,men her manglar det maling og listverk endå.

DSCN1692-vert

Under linoleumsbelegg og golvplater kom det fram eit flott grangolv, og idag er det golvslipar i gang der. Har planar om å beisa golvet etterpå.

Og på lørdag vart eg nesten rørt til tårer…

DSCN1734-tile

Foreldra til ho som (saman med sambuar) har kjøpt huset vårt,kom på besøk med ein flott,diger haustplante og eit takkekort - (i tillegg til eit lys med eit fint ordtak) Så er det ikkje berre ME som selgarar som er takknemlege for at huskjøpet gjekk i orden…

No skal eg ut og nyta dagen i strålande sol,og eg gler meg til å kjenna lukten for første gong i år av det som er haustlukt nr.1 for meg : Lukten av røyken som siv ut frå røykhuset når eg har fått kveikt i ….

Ha ein flott haustdag alle saman :0)

tirsdag, august 24, 2010

Ein *MERKEDAG* i livet mitt.

Kjære forsømde bloggvener -

Her kjem eit lite livstegn frå ei nokså sliten og lei Nikoline, men eg får sei som reven sa då han vart flådd ; alt er ein overgang… Eg ser fram til “normale tider” att og om ein månads tid håpar eg på at flyttinga er i gang for fullt.

DSCN1533-tile

(NYE GLAS ER PÅ PLASS I HEILE 1.ETASJE)

Denne veka er me i alle fall tilbake i den grå kvardagen (nei,ikkje GRÅ forresten,eg har ikkje grå dagar) For første gong på 7 veker vakna eg opp heilt åleine i huset i går, og det var ikkje fritt for at eg syntes det var litt godt å gå på kjøkkenet i berre trusa for å setta over morgonkaffien.Sjølv om eg synes det er grueleg kjekt å ha besøk så er den vanlige kvardagstralten god innimellom.

DSCN1505-tile

(PÅ 2 VEGGAR I STOVA HAR EG VALGT DENNE TAPETEN)

4 veker ferie har gått som ein røyk,sjølv om me har hatt 12-14 t. arbeidsdag i Gatehuset heile ferien fauk vekene frå oss. Denne veka har eg to gode avbrekk frå arbeidet å sjå fram til ; klubbkveld med gode venninner og Kjerringtorget i Nesbyen med to andre gode venninner.

DSCN1482-tile DSCN1516-tile

(NY KJØKKENINNGANG OG EIN GLØTT INN PÅ KJØKKENET FRÅ STOVA)

MEN…….. Dagen i dag er ganske spesiell for meg – Eg sel barndomsheimen min…. Går alt “i boks” og me får dei kjøparane me vil ha så er alt ordna i dag – hvis ikkje det går som me håpar på blir huset lagt ut for salg på boligmarkedet.

DSCN1619-tile

(FORRIGE VEKE VAR DESSE TO PÅ BESØK (PLUSS 2 TO-BEINTE EIGARAR))

Sommarfuglane flaksar i magen og eg går i ring rundt meg sjølv, og om ei lita stund kjem dei ev.kjøparane med bud. Barndomsheimen min Solbakken, der eg har trødd over dørstokken i over 50 år, er uansett for salg frå i dag – ein merkedag i livet mitt…

God tirsdag til alle som er innom :0)

Tillegg: (3 timar seinare)

Nervene er ikkje i høgspenn lenger!! Alt gjekk som me håpa,det kjekke unge paret eg har nevnt på i tidlegare innlegg tok huset og begge partar er såre fornøyde:0) No skal eg klippa stoff til høner…. har nemleg kjøpt 2 FLOTTE oljebrennarar i sement og dei skal få selskap av 2 velkommen-høner (og det må jo sjølvsagt vera ferdig til hallen er ferdig i Gatehuset…)

DSCN1640-horz

Fortsatt god tirsdag til deg – eg har ein kjempegod tirsdag sjølv!!

onsdag, august 11, 2010

“Lille Laila”…

- er det høvelege navnet for ei litt tilårskommen dame frå Alta -

Og dama – her har de henne… (er det ikkje slik at båt alltid er ei HO?)

båt

Ein fantastisk dag i havgapet hadde me forrige lørdag! Sjølv om eg bur i Hordaland fylke var det første gong eg køyrde over Sotrabrua og første gongen eg var i Øygarden. Inntrykka var mange og store – ein dag eg seint vil gløyma!

DSCN1439 DSCN1440 DSCN1450DSCN1467

Me fekk utpå og fiska og det mankerte ikkje på fisk!

DSCN1474 DSCN1473

Vetlajento hala den største opp, ein flott lyr på ca.4 kg. Gjet om ho var KRY!! Då me kom på land fekk me servert eit herremåltid med steikt lyr,løk,rømme og poteter og det smaka som snop…

DSCN1438 DSCN1434

Takk til Anne Karin og Arild for ein super dag!!!

DSCN1475

Men alt godt har jo også ein ende – her er Lille Laila hekta bak på bilen og på veg frå havgapet og til det einsomme livet i innlandet. Staaahkarrs…