(-no er eg visst riktig i gang igjen..:0)
Hugsar de dei første bosspanna me fekk kommunalt? Tette metalldunkar. Eit par slike har eg tatt godt vare på med tanke på eit spesielt bruksområde. Det første kjem her:
Skikkeleg skrubbing og steaming måtte til!
Etterpå var det fram med måling og pensel – og heklekrok… Måla kvit tekst “Skittentøy” og av ein eldgammal sund linduk klipte eg av ein ende og fellte inn ei hekla borde.
Neste skritt var å sy ein “sekk” inni spannet – den vart til av eit gammalt kvitt lerretslaken.
Og simsalabim !! Ein unik skittentøydunk til det nye badet… av berre gammalt!
Neste prosjekt er denne snertne vesle greia her. Ei miniklerulle eg fann på Låven på Skarnes i sommar. Men vask og puss må nok til her også!
********************************************
Så kan eg vel sei at eg er på ein måte blitt til “gjenbruk” eg også…. I sommar fekk me (nokså uventa) tenåring i hus att – og for ein berikelse!! Men litt rart å troppa opp på foreldremøte på ungdomskulen att , det er faktisk 22 år sidan sist eg var innom dørene der…
Kjekt er det i alle fall:0)
PS: DETTE bildet har tenåringen David valgt ut sjølv!! Eg hadde faktisk INGEN planar om å delta på bildet sjølv… men – men – kva gjer ein ikkje for sine kjære…?