søndag, desember 21, 2008

Juletrehogst

- er ingen enkel affære...
I øsande,pøsande regn traska me avgårde i skogen.Som regel har me edelgran som juletre,kjøpt på torget,rimeleg enkelt og nokså dyrt.Egentleg er det berre tull,då me har eige hogstfelt eit godt steinkast frå huset.
I år bestemte me oss for å hogga juletreet sjølve.Men som sagt;det er ikkje berre-berre å finna det "perfekte" treet!



Enten er det for lite -for langt mellom greinene - for vidt - skeivt - eller... for høgt...



Våte som kråker kava me oss heimover med dette resultatet ;



Veit ikkje heilt om eg er nøgd med dette... kanskje lyt det stå her ute i tussmørkret heilt for seg sjølv,utan ei einaste julekule, eller kanskje endar det opp med nokre furukvistar i ein vase (dei var i alle fall tette og fine...), kven veit...





Idyllen ein ser på julekort med masse nysnø og klarvær der det er berre å velgja og vraka blandt flotte,tette,passe høge grantre,DEN var i alle fall ikkje til stades!


Det spørs om det vert tilbake til edelgran,kjøpt på torget att neste jul... Kva er vel ein 500-lapp i desse førjulstider...?
- Eller forresten - i utgangspunktet var det jo ikkje for å spara pengar me gjekk i skogen med sag og øks i dag.
- og forresten - det var ein koseleg tur i skogen,uansett "vær og føreforhold".Me vart våte ja, men me kom heim til varm og god stove og nysteikt julebrød frå naboen som bakar i dag,så no er me tørre,varme og mette og har hatt ein flott søndag!

Klart me skal hogga alle juletrea våre sjølve heretter!



God søndagskveld!

7 kommentarer:

Lyst på livet sa...

Hihi.....så kosleig! Skulle ønske vi hadde en tradisjon på å ut og hogge juletre jeg.... Det SER i allefall hyggelig ut, enten det ryk eller fyk ute :-)

Håper du får en strålende deilig jul vennen.

Klem Torunn

Trollkåno sa...

Nei, detta er ikkje enkelt...Bonden her i huset "truar" kvart år med å kjøpa på torget, men med all skogen me har går det nesten ikkje an. Men det vert og verre å finne fine tre, seier han.
Kanskje han vert meir og meir kresen?
I morgon tidleg skal det skje...då dreg han til skogs.
Ha ein fin sundag kveld!

Petunia sa...

Det er rart med det, men uanstt hvor ugly juletreet er, så blir det fint når det blir pyntet. Nesten som make up.
Treet vårt er så bredt. Har måtte klippe det litt i fasong. Men fint er det, selv om de allerede har begynt å drysse:(

~♥~ Monica S sa...

:-)
Syns treet var fint eg!

LAs om brann på Voss og.. det har begynt å bli litt mykje for tida... tusen takk for at du har vore innom mykje.. det er berre kjempekoselig!!
Du får hilse tilbake til Astrid Marie!! :-)

Klem
Monica

Fjordheim sa...

Det er jo koselig å hugge treet selv. Men det er nok litt koseligere i lett snøvær enn regn. Men men, en kan ikke få alt.
Jeg tror jeg henter treet på loftet i år.
Godt å komme heim til ei varm stue når en har vært ute i slikt vær.
He en god kveld :)

Berit sa...

Koselig å hente treet selv, men det skulle vært mer julekortstemning.... Men når en kommer hjem til nybakt er det jo et stort pluss!

Kos deg med pyntingen, og så får vi kanskje se resultat?

Ha en god dag i morgon.

Tofo sa...

Selvgjort er velgjort! Eg vil gjerne se dette pyntet! Tipper det blir alldeles nydelig!

Juleklem ;)