tirsdag, juli 08, 2008




Rabarbra og vetlajento...


Tredje innhausting av desse syrlege stilkane er vorte til verdens beste leskedrikk i varmen.
Den første saftige rabarbraen vert kutta i bitar og lagt i frysaren i passe porsjonar. Utover hausten og vinteren vert det god suppe til fleskepannekakene,ein tradisjon eg er oppvakse med. Ingen pannekakemiddag uten rabarbrasuppe!





Når me først er i kjøkkenhagen,plukkar me med flotte reddikar
-og ser at vårløken skulle vore tynna ut.
Ja,ja..det får verta ein annan dag.











"Vetlajento" vår (27år...)er kome heim etter eit år i Australia.Og hjelpe meg--det er ein lettelse og ei glede at ho er kome heim i like god behald som ho reiste i fjor sommar! No vert det nokre veker heima før ho reiser tilbake til Oslo der ho vanlegvis bur. Eg skal nyta kvar dag av desse vekene. Det var viktig at rabarbrasafta var ferdig til ho kom, det har gått med nokså mange glas ute på terassen allerede.




Det neste eg har lyst å prøva på, er sementstøyping på rabarbrablad,
men trur det vert ein annan sommar...




BLOGGBOK


Så har eg laga meg "bloggbok". Det er vorte noko rart med denne hugsen min...
heng det saman med alderen tru...?
Eg har i alle fall ein tendens til å tru at gode tips frå andre bloggar,ja det hugsar eg vel!
Men nei, eg må berre innsjå at hugsen er ikkje som før.
Så eg gjekk til innkjøp av notisbok med stive permar,pynta med papir frå Panduro,
ei lita englejente og blomsterband.




Denne ligg no fast ved dataen og eg noterar flittig.
Praktisk.
Fekk ideen hjå ein annan bloggar,men hugsar ikkje
kven det var...





Ulempen med gode
ideer er at de fort utarter
seg til hardt arbeid


Og til slutt (men ikkje minst) seier eg TUSEN TAKK til TROLLKÅNO og til MIAMARIA for at de skreiv innlegg til meg allerede første dagen eg var på nettet! Det gjorde meg kjempeglad! Takk og takk!



4 kommentarer:

Trollkåno sa...

Bloggbok, det var ein god ìde.
Og so vart eg nesten inspirert til å lage rabarbrasaft... Men det må vel vere av rabarbra som har vokse opp att når du har hausta tidleg på sommaren? Den "gamle" er vel for gammal no,eller?

Anki sa...

Masse fin å se her.. Savner dere alle sammen.. Håper vi ses snart.. Hilse Astri og pappa fra meg.. Masse klemmer fra Anki

Åsemor sa...

Du e berre so go :-) og so flink, kjenner kor lyst eg har til å setje i gang med eit eller enna, ender kanskje opp med fleskepannekaker og rabrasuppe, men i morgo , i morgo , men ikkje dag , i morgo trur eg det blir decopas.

Lukka til og kjem snart på besøk igjen

Anonym sa...

Dette var ein flott blog. Lagt ned mykje arbeid i denne.Lengtar litt heim etter å ha sett dette. Til pannekaker og rabarbrasuppe...