torsdag, november 27, 2008

"Sannheitens øyeblikk"

-- står for tur...
Jorunn "Litt av Mitt" vil gjerne vita litt meir om meg,og med fare for at de trur de har å gjera med ei total skrulle i blogglandia,let eg det stå til....

* Eg er Steinbukk,sta og stri frå den dagen eg vart fødd. Steinbukkar har også stor fantasi seiest det,og den har eg visst også hatt rikeleg av heilt frå barnsbein av... Dikterte stilane til min 5 år eldre bror leeenge før eg sjølv begynte på skulen (og han fekk alltid toppkarakter...)



* Eg er GRUELEG bortskjemt på kjærleik! Hadde ei mor med eit stort,varmt hjarta som auste ut si godheit utan begrensning,og ein heilt unik,snill og kjærleg far. I tillegg har eg ein mann som "ber meg på hendene" og 3 born som i alle år har fortalt kor glad dei er i mammo si.




* Eg løyser kryssord på senga KVAR kveld,uansett kva klokka er når eg kryp til køys.


* På musikkfronten er det stort sett berre BLUES,men er egentleg nokså "altetande" berre eg slepp å høyra på jazz eller dansebandmusikk.



* Minimum 1 gong i året MÅ eg sjå Mjøsa,trur eg har levd eit godt liv på Hedemarken i eit tidlegare liv...


* Eg er ein evig romantikar.Kan framleis kjenna blodet brusa i årene ved synet av kjærasten slik det gjorde då me møttes i 1972.Han var nok "den rette" og mannen i mitt liv...



* Eg har så mange "skrekkar"...
Flyskrekk,legeskrekk,tannlegeskrekk,frisørskrekk....


Så skal eg etter reglane utfordra 7 nye,og då håpar eg desse 7 tek utfordringa:
Liven
Monica S
Huldas Verden
Lykkelita
Trollkåno
Janne i Fagerlia
Magnys lille krinkelkrok


Då er det berre å trykkja på "PUBLISER INNLEGG" så fort som muleg,før eg angrar meg og slettar heile greia..

8 kommentarer:

Litt av Mitt, Jorunn sa...

Men det var da ikke ille? Synes det var koselige ting du avslører jeg :0) Heldig du som alltid har vært omgitt av så mye kjærlighet! Det er en viktig del av livet. Morsomt med de stilene du skrev for broren din da ;0)

Magny sa...

dette var da flott gjort...
gøyt å lese,- og fine bilder,- men vett ikkje om eg tør sjølv...

~♥~ Monica S sa...

DEN må eg vel klare.. har nettopp vore gjennom ein liknande utfordring på min engelske blogg.. så då skal det vel gå bra på norsk og.
Høyres ut som om du har hattt ein herleg liv Nikoline!

Monica

~♥~ Monica S sa...

hatt EIT herleg liv... skulle det være.

Fjordheim sa...

Koselig å lese om deg. Og i disse tider, om all den kjærligheten du er blitt omgitt med. Heldigvis er det slik for de fleste av oss.
HA ei flott adventshelg :)

liven sa...

Hei Nikoline:O)
Takk for at du utfordrer meg:O)
Har et par slike liggende....og er ikke noe flink til å ta de!!
Får se....ok??

Nydelige gammeldagse bilder du viser:O)

Ha en fin kveld:O)

Strikkelines sa...

Koslelig å lese om deg:)
De kortene var aldeles nydelige..ha en fin aften

liven sa...

Hei igjen!!

disse posene er kjøpt på Kremmerhuset!