søndag, juli 06, 2008

Jenteturar

Dei to siste helgene har det vore jenteturar på marknad.
Først ein tur til Lærdal der eg snopa denne nydelege englestaken.



Fekk også ordna meg med ein del trevarer til å mala på.
Sist helg bar det til Hardanger, nærare bestemt Jondal. Eg er overvelda over kor mykje flinke folk det er rundt om, så masse fint på ein gong er vanskeleg å fordøya... og handlinga vert deretter...
Har lenge vore på leiting etter kaffikrus/koppar med roser på og håpa det kunne finnast denne dagen, men nei... Lukka var med meg likevel, ei dame frå Bergen laga rosekoppar (då me kom var det utselt) og skulle ha det med til KJERRINGTORGET i Nesbyen i august. Og dit skal me og !!
Handelen i Jondal begrensa seg til dette:


Nabben brukskunst i Hamar gjekk "rett heim" hjå meg. Utruleg flotte smykker i keramikk, og dette vart mitt då eg endeleg klarde bestemma meg.

To kjekke og inspirerande helger var det i alle fall



GÅVE FRÅ EI GOD VENNINNE



Stikkeveske er dette, men i mangel på strikketøy for tida har eg teke den i bruk til heklinga eg held på med. Tenk, på ein vanleg laurdag hadde ho med eit stort nett fyllt med strikkevesker der eg kunne velgja meg ut ei eg ville ha ! Slike overraskelsar gjer meg kjempeglad.










Det siste eg har gjort
av håndarbeid, er å få ferdig nokre halvferdige broderi. Alle manglar ramme endå og alle skal opp på hytta.













Men denne duken skal vera i heimen










Og det siste eg har gjordt av maling har begrensa seg til dette:




Med slik sommar som i år er det ikkje mulig å male med acrylmaling som eg brukar, det er altfor varmt. Malinga tørkar på penselen.

1 kommentar:

Orlaug sa...

Gratulera med blogg!
Og so mykje fint du viser!
Er imponert (har no sett mykje av det før,då)