tirsdag, mars 03, 2009

Ein opplevelse for livet...

Saman med 2 awardar frå Maledilla http://maledillamamma.blogspot.com har eg fått oppgåva å skriva om draumereisa mi. Den reisa har eg allerede hatt,og sjølv om det er 3 år sidan no,har det ikkje gått ein einaste dag utan at eg har lengta tilbake. Så om eg får velgja fritt mi draumereise i dag,går det strake vegen tilbake til USA ! Denne fantastiske turen fekk me hjå borna våre i 50års-gåve, og amerikafrelste Nikoline "slukte" gåvekortet med latter og tårer ein heil kveld til ende... Ein enorm flyskrekk jobba eg med eit halvt år,det vart både kvalme,hetetokter og tårer,men flyturen gjekk bra !
Ankomst Washington. Leigebil venta på oss og hotellrom var bestillt i gåavstand til alle fasjonalitetar. Fleire veker før me reiste var me sikkerheitsklarerte av dei mektige herrar "Over There" for me var nemleg inviterte inn i Det Hvite Hus.... Det er ikkje alle som trur på dette,men eg kan forsikra at det er SANT! Ein slektning av meg jobbar for regjeringa og ordna saken! (etter 11.sept. har D.H.H. vore stengt for publikum) Eg hadde stasa meg litt opp og gjekk berrføtt i høghæla sandalar...det var varmt og det vart mykje gåing der inne. 4 store gnagsårblemmer hindra meg ikkje,og då me sto ute mellom søylene og vinka (litt forsiktig) til folkemengda utanfor gjerdet, var alt som heitte gnagsår gløymt...
Ein fantastisk by,og enormt med opplevelsar.
Union Station ser de flagga på halv stang,det er 11.september denne dagen og heile USA markerar den ufattelege tragedien i 2001
Dagstur til Baltimore,med akvariebesøk,Hard Rock Cafe og krabbekaker..

Gjennom Pennsylvania med alle sine overbygde bruer,gjekk vegen vidare nordover til Detroit.

Vidare sørvest til Illinois og Chicago.
Her starta me vår uforgløymelege tur på Route 66.Køyrde den restaurerte vegen på Historic Route 66, budde på Route 66 Hotel og klappa Elvis på låret på Polkadot Cafe....

Restaurert bensinstasjon på veg mot St.Louis.

Vidare gjennom Kentucky,med solnedgang over Missisippielva og til Nashville,Tennesee.

I Nashville var me i Hall of Fame, på butikken til Willie Nelson og live-konsert i Grand Old Opry.
På Wild Horse Saloon åt me verdens beste spareribs og overvar linedans-kurs medan me leska oss med vår Pina Colada...

I Tennesee fann eg min favorittby nr. 1!!
Gatlinburg. Heile byen var haustpynta til dei grader! Utanfor butikkar og i gatene,og det fekk stå i fred også om nettene.
Brua inn til sentrum i Gatlinburg - enorme mengder med blomar.
Her finn ein Great Smokey Mountains nasjonalpark med indianarreservat, nybyggarland og MASSE bjørn...

Annapolis vart også ein favorittby med opplevelsar som sto i kø. Ein av dei var privat grillfest på ekte amerikansk vis....
Me leverte leigebilen og tok toget vidare.

Til New York, Manhatten.
Dette er ein by eg kunne skrive ei heil bok om,men skal fatta meg i kortheit... Empire State Building... her har eg stått på toppen og skua utover byen og hotellet vårt var berre eit steinkast frå bygningen. Me var på Ground Zero der tvillingtårna sto,me var på båttur på Hudson River, me var på shopping på Manhatten Mall,me kosa oss i parkar og "levde livet".

Hudsen River
med Ellis Island.Her sette oldefar foten på amerikansk jord for første gong.
Friheitsgudinna var MEKTIG,noko av det mest imponerande eg har sett.

3 dagar i New York er alt for lite,skulle hatt 3 veker (og likevel hadde eg vel ikkje fått med meg alt eg hadde lyst til...)

Alle bilda er plukka frå fotoalbum med papirbilder,så kvaliteten er deretter,men ei DRAUMEREISE var det i alle fall!



Awardane som fylgde med utfordringa.
Takk til Maledilla som ga meg denne mogelegheita til ei GOD MIMRESTUND!!!

14 kommentarer:

Fjordheim sa...

For en herlig tur dere har vært på. Litt av en gave å få.
Ha en flott dag :)

Line:) sa...

oi for ei utrolig reise:)

naturglede/Randi Lind sa...

Det må ha vært en opplevelse for livet. Så heldig jeg var, som fikk se og lese om det:)Ha en fin tirsdag og gratulerer med awarder:)

Turid sa...

WOW for en drømmereise! Jeg er imponert over at du kom deg SÅ langt med flyskrekk og det hele! Ja dette er nok minner for livet!;)

~♥~ Monica S sa...

Nikoline!! Du veit at eg er aldri så lite misunnelig!! Eg har bodd to år i USA, og likevel ikkje reist route 66.... EG MÅ berre bortatt!! Skulle gjerne ha budd der ei stund, berre for å få sjå heile nasjonen! :-)

Monica

maledilla sa...

kan tenke meg du har hatt en kjempefin tur i uniten ! Jeg bodde der som au pair på begynelsen av 90 tallet og kjenner meg godt igjen på bildene fra new york og Washington DC. Jeg har ikke vært på ground zero, men på toppen av det ene tårnet. Kos deg med mimrestunden, jeg mimrer med deg !!!!!!

Anonym sa...

Litt av en tur og minne for livet.Jeg fikk også tur i 50års gave.Min kjære mann og jeg kjørte route 66 fra Los Angeles helt til Chicago sist sensommer.Nå planlegger vi neste tur som blir "bluestur" til sydstatene.Fikk smaken på USA.Men før den tid går turen til mitt andre hjem og paradis i Hellas.Følger bloggen din.Synes du er så flink.Hilsen bloggløs dame.

Orlaug sa...

Åja, der skulle vi ha vøri......
kanskje ein gong?

Anonym sa...

åhh.. var kjempe koselig å lese og mimre litt! hvis dere planlegger en ny USA tur, må dere nesten vente på meg ;) hihi - ha en fin tirsdag!
klem

Rosa sa...

det såg ut som ein heilt fantastisk tur!!!

Anonym sa...

også glemte jeg å gi masse ros for bloggen din... utrolig flink er du blitt med bilder nå! ;) stå på, mams :D

Julies sa...

Oioi - DETTE måtte være litt av en opplevelse , ja !
Og FOR et innlegg, her må du da nesten ha brukt hele dagen...?

Johanne si vesle interiør verd ! sa...

Hei :)
ååhh for ei flott og minnerik gåve. Kjempeflott reisebrev du har laga..omtrent som å få være litt med ! Skjønner godt at dette var ei drømmereise !!!

Ha ei kos veke vidare :)go-klem frå :Johanne

Anne sa...

Høres ut som en fantastisk reise! En drømmereise! Må være utrolig å få oppleve så mye i løpet av en ferietur!!