onsdag, april 29, 2009

Vesle Nikoline -

       - fødd eit år for tidleg…. i alle fall eit årstal for tidleg.Eg hadde det travelt og vart fødd til jul i 1955,istaden for i januar 1956 slik planen var.

meg som liten 002 Det første eg hugsar,er jula då eg var 2 år og fekk bamse som breka når eg klemde den inntil meg.Eg vart sjølvsagt glad for bamsen og i pur glede sprang eg bortover stovegolvet og trykte bamsen godt inntil meg.Forskrekka og med eit hyl,kasta eg den frå meg og rett inn i juletreet.Gjet om det singla i julekuler…?

meg som liten 003 Eg vaks opp som nr.2 i ein søskenflokk på 4. Einsleg jente med 3 brødre i tillegg til 2 søskenbarn som også var gutar,har vel gjort sitt vil eg tru… Men det er 5 år mellom oss alle 4,så det var ikkje så mykje me leika saman,det vart heller barnepass.Då storebror skulle passa meg,vart det ofte “politi og røvar”,dei batt meg fast til eit tre (eg var alltid FØRSTE røvaren som vart fanga) og der sto eg til dei store gutane var ferdige å leika. Ein gong vart eg attgløymd ved eit tre oppi åsen….

meg som liten 001-tile Eg elska å klatra.Det er ikkje få bukser eg har spjerra …Mamma sydde alle klærne mine,og ein dag eg fekk ny pepitarutete bukse,var det med KLAR beskjed; INGEN klatring idag!! Det var fort gløymt då eg kom ut,og før eg visste ordet av det var eg høgt oppe i ei furu – med den nye buksa heilt sundreven – Eg lista meg inn og la meg under senga og SOVNA. Fleire timar seinare vakna eg til tomt hus. Alle i huset + alle naboane var på leiteaksjon etter Nikoline.

meg som liten 005 Som einsleg jente fekk eg ha alle leikene mine i fred.Dokkene mine hadde enorme garderobar for mamma strikka og sydde til den store gullmedalje.Og det er så forseggjort! Biser og legg,blonder og håndhekla kragar,bitte små blomsterknappar i blusar,ullkåpe med flanellsfor,regnsfrakk og sydvest osv. Eg hadde både bagvogn,trille,seng,kommode og korg med himmeltak,så utstyret var i orden… mangla berre jenter å leika med…

meg som liten 006 Då eg var 6 år fekk me BAD! Slutt på utedoen og skumle haustkveldar med storebror som SURT følge til do…. Badet var ein åpenbarelse med svarte,blanke fliser og vask,toalett og badekar i lys gult.Foreldra mine ga meg følelsen av at bad,ja…DET hadde dei laga KUN for mi skuld…! Men fjernsyn fekk eg dei ikkje til å kjøpa samme kor mykje eg masa, eg gjekk til naboen og såg barnetv, Pernille og Mr.Nelson…

meg som liten 012 Eg likte meg på skulen,var pliktoppfyllande og flink,og når sommarferien starta tok eg bussen til besteforeldra mine på Oppheim og var der stort sett heile sommaren.Det var onkel som køyrde bussen,eg sat framme på girkassa og fekk 5 kroner for å fylgja… Det var nok pengar for heile ferien det, 50 kuletyggisar kunne eg kjøpa om eg ville!! Gjet om eg følte meg rik ved feriestart!

meg som liten 010 Når hausten kom,tjente eg litt pengar på eldste bror min. Eg har alltid likt å plukka bær,han hata det,og me måtte alltid plukka inn ripsen og solbæra.Han betalte meg for å plukka sine bøtter,og me var godt fornøgde begge to. Før jul traska eg rundt og selde julehefter,slik vart det pengar til julegåver.Eg har alltid likt å klara meg sjølv,og følte meg stolt og sjølvstendig ved å ha eigne pengar.

meg som liten 007-tile Eg er vakse opp midt mellom to militærleirar,så mykje av barndomstida har eg brukt på å studera vakta i skilderhusa,seremonien ved firing av flagget (som var litt av eit rituale kan eg fortelja!) og når amerikanarane kom på vinterøvelsane var det stor stas! Masse spennande snop som var noko ganske anna enn den vesle Riegelen i sølvpapir som me bruka å få til barnetimen ved radioen. Pappa (som var militær) lika ikkje at me oppheldt oss i leiren,men snopet frista veldig!

meg som liten 013-tile Litt bortskjemt vart eg nok også,ialle fall på omsorg og kjærleik (og litt overbeskytta i eit “mannssamfunn”)og det var gode og trygge barneår. Sjølv om eg leika stort sett aleina,visste eg ikkje at ordet “kjeda seg” eksisterte ein gong! Eg har ALDRI kjeda meg,verken som lita eller stor (vaksen heiter det vel…) Eg trives godt i eige selskap og eg var ,eller ER, aldri opprådd for aktivitetar. Eg kunne visst halda på i det uendelege her, men ein stad går vel grensa….

meg som liten 009-tile Takkar RUTH (Ullhedina) for utfordringa, dette var veeeldig moro!

Har desverre ikkje scanner,så bilda er noko ullne og fotografert frå fotoalbum.Mykje av bilda frå eg var lita er vekke i albumet,håpar dei dukkar opp att ein eller annan gong.

GOD ONSDAG! 

(OG EG FÅR FORTSATT IKKJE KOMMENTERA HJÅ DEKAN!|§”#¤%)

11 kommentarer:

Berit T sa...

Å du så koselig å lese, og her var det mange felles ting melom oss:o)

Flotte bilder av en strålende jente!
Takk for at vi fikk se dette.
Ha en flott dag.

Gamleheksa sa...

Så morsomt å lese. Jeg har faktisk gledd meg til dette og ble slett ikke skuffet.

Ha en god onsdagskveld.

Lykkelita sa...

Så koselig innlegg - virkelig morsomt å se på bildene og lese om oppveksten din!
Flott at du deler!
Ha en fin ettermiddag :)

Klem fra Elisabeth!

Fjordheim sa...

Så koselig det var å lese dette.
Jeg har vært juniorsoldat i frelsesarmeen. Det var ikke speider der jeg voks opp men ble speider og speiderleder som voksen.
Vi hadde bad, men det var også en utedo som det var spennende å bruke, på dagtid.
Ønsker deg en god kveld :)

liven sa...

Så koselig å lese om deg og fine bilder!!
Vokste opp med tre brødre og eneste jente jeg også:o)
Men jeg er yngst:o)

Håper det ordner seg med kommentarene da!!

Ha en fin onsdagskveld Nikoline.o)

Trollkåno sa...

Det var kjekt å sjå bilde frå barndommen......og ungdommen, sjølvsagt.

Julies sa...

Nemen, så artig innlegg da, Nikoline !

Ruth sa...

Du verden for et vakkert smil. Jeg smilte ikke mellom 13 - 16 år ifølge min mor. Men stilig sløyfe i håret hadde du også. (Hva VAR det med det?) Og strekkbukse!

Så morsomt å lese. Og vi var nok litt like, du og jeg. Skjønt, jeg klatret bare OPP trær. Måtte ha hjelp til å komme meg ned igjen. Jeg tror det var et SUNT tiår å vokse opp på.
Tusen takk for at du deler.

GryNoKa sa...

Det var morsomt å lese litt om deg som lita. Jeg har vist også fått den utfordringen, så jeg får prøve meg i neste uke.
Ha ei flott 1. mai helg!
Klem Gry : )

~~Randi, Hverdagsprat~~ sa...

For et utrolig koselig innlegg, Nikoline:o) Nå føler jeg at jeg kjenner deg litt bedre, takk for at du deler! Klem fra Randi**

Alvas hjørne sa...

kjempekoselig innlegg,og flotte bilder!
Ønsker deg ei flott langhelg!